Engel i snøen

Anders Totland Gyldendal 2016 116 anmeldelser

Det er vinter, og det snør, men ikkje alle er ute og leikar i snøen. Nokon orkar berre å stå ved vindauget og sjå ut på snøkrystalla. Nokon vil ikkje at pappa skal vite at ein har vondt, sjølv om Vis hele forlagsteksten

Les utdrag på txt.no

Hvordan skrive en anmeldelse

Mina

Mina

Skrevet av 26. oktober 2016 av Mina på Tromstun skole

Engel i snøen av Anders Totland utgitt i 2016 i kategorien barn og ungdom roman.

Engel i snøen er ein liten roman for barn og ungdom skreven av Anders Totland, men meldinga bak vil eg si er noko alle treng, gammal og ung.
Nokon av det smartaste forfattaren gjorde syntest eg va æ ikkje gi hovudpersonen nokon kjønnsidentitet, hovudpersonen er referert til som "eg" gjennom heile boka istadan for "ho" eller "han", og såleis kan alle lettare identifisere seg med hovudpersonen, uavhengig av kjønn.

Handlinga i Engel i snøen utspelar seg på eit sjukehus, og fortel om kva som skjer med hovudpersonen og andre personar tilstades i dette miljøet. At handlinga er lagt til eit sjukehus gjer at den rørar ved mange følelsar knytta til hendelsar som forekjem på eit sjukehus. Engel i snøen er fylt med spenning, men kanskje ikkje den du vanlegvis les om i bøker.
Handlinga var ikkje mye ytre i karrakter, det var kva som skjedde med hovudpersonen og dei andre rundt som var handlinga og spenninga. Nei, Engel i snøen var ikkje fullpakka med action og eventyr den var heller fullpakka med følelsar og vennskap.
Boka er skreven på nynorsk, og for nokon som vanlegvis les bokmål kan overgangen være både stor og litt vanskeleg. Men eg syns sjølv Engel i snøen var skreven på ein slik fin og rein måte at det ikkje ble for vanskeleg.
Det er ikkje mykje dialog, men det som er av dialog er både viktig og ikkje malplassert. Vi ser det som skjer gjennom hovudpersonen, og det rører ved hjarta. Du sitt att med spørsmål om kva som skjer vidare og kva som allereie har hent. Og forfattaren brukar opp gjennom heile boka snø som motiv, og det er på sin egen måtte heilt unik og nydeleg. Temaet er kjærleik, og sjølv om det er eit tema brukt av så mange forfattarar i så mange bøker så blei det ikkje nokon klisjé i Engel is snøen.
Eg synes at Engel i snøen er ein heilt unik bok, den lignar litt på bøker som Faen ta skjebnen (Green, John utgitt i 2012), men den gjør seg til en heilt egen bok da den ikkje gjer lesaren svar på alle spørsmål men overlater noko til fantasien.
Eg gir Engel i snøen terningkast seks, fordi den er gripande, er full av følelsar, språket er ikkje for vanskeleg og den har eit tema som er myke brukt, men som den gjer sin egen.


Torinn Håkstad

Torinn Håkstad

Skrevet av 26. oktober 2016 av Torinn Håkstad på Tromstun skole

Bokmelding av Engel i snøen

Tittel på boka: Engel i snøen Forfattar: Anders Totland

Utgivelsesår: 2016 Sjanger: Barn/ungdoms roman

Engel i snøen er ein fin roman om livets uungåeleg brutalitet.

Boka startar rolge ved å beskrive plassen utanfor vindauge til hovudpersonens rom. Snøen som dalar sakte ned og treff bakken. Snøfnuggane som lagar vakre mønstrar mot lyktestolpen utanfor. Du får ein fin og roleg stemning.

Når eg leste første kapittel var eg ikkje så veldig nyfiken på resten av boka, men etter kvart blei det meir og meir spennande. Ikkje stopp å las boka viss du synast den er kjedeleg i starten. Den blir betre!

Handlinga i boka verkar realistisk. Det er sikkert fleire som har opplevd det, eller noko liknande som skjer i boka.

For nokon kan det kanskje vere litt vanskeleg å lese boka sidan den er skriven på nynorsk, men den gjer god læring. Det gjekk veldig fort å lesa den for den er ikkje så lang. Det synast eg var bra. Sjølv om den ikkje er så lang, får forfattaren med det viktigaste.

Forfattaren brukar mykje lesing mellom linene og en del metaforar. Forfattaren lar oss tenkje sjølv og røper ikkje alt med ein gong. Det blir berre kjedeleg viss vi skal få alle svara servert på eit fat?

Bokas tema er sykdom. Boka handlar også mykje om snø. Når du lesar boka vil du forstå kvifor og kva tydninga snø har i forhold til historia. Tittelen synast eg passa veldig bra til handlinga. Tittelen er eit frampeik.

Det er kanskje ikkje ein veldig spennande start, men når du har lese eit par kapittler er den vanskeleg å leggje frå seig. Engel i snøen er ein fantastisk god bok. Alt blir ikkje røpt med ein gong. Eg både elska og hata slutten. Den var trist, men samstundes fin. Eg gjer boka terningkast 5.

Skriven av Torinn Håkstad.


Vegard

Vegard

Skrevet av 26. oktober 2016 av Vegard på Tromstun skole

Engel i snøen – ei bok ein kan lære mykje av

Tittel: Engel i snøen

Forfattar: Anders Totland

Handlinga i boka Engel i snøen er lagt til eit sjukehus. Der møter vi eg-personen som er innlagd, og vi fylgjer han og andre personar gjenom sjukdomen til både hovudpersonen og andre pasienter.

Boka startar inne i handlinga, noko som gjorde at eg blei konsentrert om å lese. Det var spennande med ein gong. Boka har vendepunkt som gjer at eg får lyst til å lesa vidare.

Eg synast at endinga var litt overraskande, og eg ynskte meg at boka kunne vore litt lenger.

Eg tykkjer at boka Engel i snøen var ein fin bok å lese. Eg fekk sjå korleis det var å leva på eit sjukehus, kva som er vanskeleg med det, og korleis eg- personen klarte å greie ut problemane han fekk.

Boka var god, ein fekk medkjensle for hovudpersonen, og forfattaren fekk fram kjenslane ved å vere innlagd på eit sjukehus.

Ein tenkjer kanskje at det å lesa ein bok med handling frå eit sjukehus, kan vere litt trist.

Det var triste hendingar, men eg meiner at eg kunne lære mykje av å lese ho.

Eg tykkjer at andre burde lese boka for å få ei kjensle av korleis menneske som er på eit sjukehus kan ha det. Ein får også vite korleis det er å arbeide på sjukehus og pleie sjuke menneske.

Eg gjer boka terningkast 5


Ludvik Berglund Karlsen

Ludvik Berglund Karlsen

Skrevet av 26. oktober 2016 av Ludvik Berglund Karlsen på Tromstun skole

Engel i snøen
Tittel: Engel i snøen
Forfattar: Anders Totland
Utgivelsesår: 2016
Sjanger: Trist roman
Boka handlar om ein gut eller jente som går gjennom en veldig alvorlig sjukdom. Korleis han/ho lever hverdagen sin, og kva som skjer med familie og vennar.
Min oppleving ved boka
Boka startet mitt i handlinga(in media res). Boka var ganske interessant. Eg fekk vite korleis det var å leve på eit sjukehus, og korleis det var å leve hverdagen når man kva syk. Slutten var ganske overraskande, det var veldig uforventede. Det var veldig lett å kjenne seig inn i handlinga. Noe av det beste med boka er at man må lese mellom linjane. Man må verkeleg tenkje om hva som skjer i teksten. Denne historien er veldig realistisk. Boka var bra fordi man fekk vite korleis det var å bo på et sjukehus. Folk burde lese denna boka fordi man får vite korleis ein person med ein alvorlig sjukdom har det. Boka kan få folk til å få et annet syn på dei som er sjuk.
Språk og virkemidlar
Boka var på nynorsk, men det var forleis lett å lese. Det var noen ord som var litt vanskeleg, men vis du tenkar litt så går det bra. Boka er også veldig bra vis man vil øve på nynorsk. I denna boka må man lese mellom linjene som er veldig bra. Noen eksemplar på at man må lese mellom linjane er at man vet ikkje om det er en gut eller jente, og korleis sjukdom eg-personen har.
Oppsumering
Denne boka handlar om ein person som har ein alvorlig sjukdom. Eg-personen bor på eit sjukehus der han/ho kjemper mot sjukdommen kvar dag. Han/ho har noen vennar, og familien er der å støtter og hjelper han/ho med hverdagen. Eg tror forfatteren har skrevet denna boka fordi han vil vise kvar hardt det er å leve som ein person med ein alvorlig sjukdom, eller han har opplevd noe liknande. Det beste med boka kvar at man måtte tenke litt og lese mellom linjane. Det eneste dårleg med boka kvar at noen gangar ble det litt kjedeleg. Eg anbefale boka strekt. Vis du har løst å lese en litt trist bok, så er denne boka perfekt.
Terningskast: 5
Denne boka for terningskast fem fordi den forteljar bra korleis en veldig sjuk person har det og at man må lese mellom linjene. Den enseste negative er at nokon gongar blir det litt kjedeleg.


Marie Lagesen Sagerup

Marie Lagesen Sagerup

Skrevet av 26. oktober 2016 av Marie Lagesen Sagerup på Tromstun skole

Fantastisk og rørende bok!

Engel i snøen, av Anders Totland er ein skjønnlitterær roman for ungdom om det å være eit sjukt barn, kordan det opplevast frå barnets perspektiv og kordan ein far taklar dette. Hovudpersonen er sterk, men måten Totland skrivar på gir oss også eit innblikk i kva som ligger bak det som verker som eit sterkt barn. Faren gjør alt han kan for han og er der å støttar han når nye folk flyttar inn og ut.
Boka startar trist og fangar min interesse med en gang. Utover i boka beveger spenningskurven seg lite, men "kjensleskurven" seg mye. Vendepunktet er mot slutten og slår nesten pusten ut av meg, og får meg til å tenkje; "tenk hvis dette hadde skjedd med meg." Slutten er rørande og uventa og viser at alle er gode innvendig, og at alle trenger nokon.
Vanskelig å legge frå seg boka når det er så lite som blir røpt underveis og så mykje som står mellom linjene. At det står så mykje mellom linjene gjør at du må tolke mykje sjølv og lettare klarer å identifisere deg sjølv i det her. Eg har ikkje lest nokke liknande før og boka er virkeleig ein tankevekkjar.
Boka har fine, oppbygde setningar som gjorde det heile veldig rørande. Språket var alvorleg og trist med sterke metaforar som fekk fram den dystre stemninga på eit sjukehus. Lite dialog fekk også fram kor einsam han var. Lett og lese og en god muligheit for alle å komme seg igjennom boka.
Bokas tema og bodskap, slik eg tolkar det, er; døden rammar oss alle, bare noen litt før, ta vare på folk når du enda har dei. Dette er nok mykje av grunnen til at forfattaren har skrevet boka, for å få fram dette bodskapet og fordi han har eigne erfaringar med dette. Det sterke bodskapet og at boka virkeleig er ein tankevekkjar er bokas desidert sterkaste side og den anbefales til alle på det varmaste. Eg gir boka terningkast 6.

Marie

Vis flere anmeldelser

Til toppen