Tusenfryd

Lars Mæhle Samlaget 2022 72 anmeldelser

Ein tettstad. Ein klasse. Seks elevar. Kaleb rømmer med den kreftsjuke veslesøstera si for at ho skal få køyre karusell på Tusenfryd før ho døyr. Fred ønskjer å finne ein stad der han kan vere i fred frå Adrian, plageånda Vis hele forlagsteksten

Hvordan skrive en anmeldelse

Aurora

kreft-sjuk søster

Skrevet av 14. september 2022 av Aurora på Lom ungdomsskole

I boka møter vi Kaleb som har ei kreft-sjuk søster som snart skal dø, det er ein ting ho har hatt lyst til gjere før ho døyr, og det er å reise til Tusenfryd. Kaleb og vennen han Fred blir mobba på skolen av Adrian, klasse kameraten deira. Kaleb og Fred skal bygge ei hytte så berre dei veit om, men så finn Adrian ut at dei skal lage ei hytte som han eller nokon andre får være i, når Kaleb og Fred kommer fram til der dei skal bygge hytta så står Adrian der, Adrian blir sur fordi han ikkje fekk være med så han begynner å slå Kaleb og Fred.

Boka er ei novelle samling. Boka startar brått der vi får vite at søstera til Kaleb har kreft og dei reiser frå heime aleine for å reise til Tusenfryd. Boka stoppe brått og uventa, det er vanleg at noveller sluter brått og uventa.

Denne boka er realistisk med tanke på karakterar og miljø.

Dei er veldig direkte i språke og banner mykje og snakkar litt stygt til kvarandre.

Terningkast: 3


Selma

Forskjellige synspunkt

Skrevet av 9. september 2022 av Selma på Lom ungdomsskule

Boka tusenfryd er ei novelle der vi møter fleire personar. I kvar novelle får vi høyre kva som skjer i livane til forskjellige folk. Det er mange små noveller, men dei er alle knyttet saman på eit vis.

Boka var ikkje så spennande for meg fordi eg klarte ikkje å rive meg med i handlinga. Det skjedde ikkje så mykje i novellene og eg syntes at det meste som skjedde virka usannsyneleg. Det var ei fin bok, men eg gir den terningkast 3.


Anne Aaboen Kolden

Spennande, men ikkje heilt for meg.

Skrevet av 9. september 2022 av Anne Aaboen Kolden på Lom ungdomsskule

Fleire noveller i ei bok. Eg syntest boka var spennande, men liksom ikkje heilt for meg. Det var nokon gangar eg ikkje var heilt med liksom. Boka var bra, men nokon gongar var det litt sånn eg ikkje skjønte heilt kva som skjedde. Ho passar sikkert for mange andre for ho var jo spennande og følgje med i.
Boka handla om fleire personar. Ein som hadde ei sjuk litlesøster, Ein som var “slem” og ein som hadde flytta til plassen og fleire. Så det var slik at det handla om ein kvar novelle. Så det handla om mykje forskjellig. Sjangeren er ei novellesamling. Det var sånn at nokon gangar var det lett å komme inn i eit nytt kapittel andre gongar ikkje, men nokon gangar gledde Eg meg til vi skulle lese boka att. Eg gjev ho terningkast 3.


Pål

Tusenfryd tur

Skrevet av 9. september 2022 av Pål på Lom Ungdomskule

Boka hadde mykje spenning og det skjedde noko heile tida. Dei som har laga boka har nok tenkt mykje på korleis folk har det i dagleglivet. Den er lærerik for mange barn og vaksne. Boka hadde 6 ulike ungdommar, alle hadde noko dei streva med. Boka passar for alle aldra fordi dei eldre kan sjå litt korleis ungdommar har det. Eg likte boka fordi det var ein kreativ måte og skrive på.


Sylfest

6 elevar 6 liv

Skrevet av 9. september 2022 av Sylfest på Lom Ungdomsskule

Boka handlar om 6 person som bur på ein liten tettstad. Alle av dei har forskjellige livshistoriar og fortelle. Nokre er triste nokre er meir glade. Måten dei ar skreve ho på er litt rotete. terningkast 5

Vis flere anmeldelser

Til toppen