Tusenfryd

Lars Mæhle Samlaget 2022 72 anmeldelser

Ein tettstad. Ein klasse. Seks elevar. Kaleb rømmer med den kreftsjuke veslesøstera si for at ho skal få køyre karusell på Tusenfryd før ho døyr. Fred ønskjer å finne ein stad der han kan vere i fred frå Adrian, plageånda Vis hele forlagsteksten

Hvordan skrive en anmeldelse

Ragna Aurmo

Tusenfryd

Skrevet av 8. september 2022 av Ragna Aurmo på Lom ungdomsskule

Det er ei bok med mange noveller i. Det er dei samme personene i kvar novelle. Kvar person har ei historie om livet sitt. Nokon av dei har ei kreftsyk søster, noen stammer, noen har problemer heime og handlar om vennskap. Det er ei litt rar måte å skrive boka på og litt rotete. Det er 6 fine forteljingar inni denne boka. Eg gir boka terningkast 4.


Johanne

Tusenfryd

Skrevet av 8. september 2022 av Johanne på Lom ungdommskole

Mange noveller samla i ei bok. I denne boka møter vi 6 ungdommar frå ein liten tettstad. Kvar av ungdommane har eit kapittel kvar, så boka hoppar stadig mellom fleire synspunkt og opplevingar. I kvart kapittel skjer det uventa og bråe handlingar. Eg tykkjer at boka er fin fordi det er eit bodskap der som seier at vi må sjå oss rundt, lytte og gjere fine ting for folk. Vi må hjelpe folk viss vi ser at det er nokon som har det vanskeleg, slik dei hjelpte Adrian, og slik Kaleb hjelpte veslesystera si. Eg vil gje boka terningkast 4.


Sander

6 elever i ei klasse

Skrevet av 8. september 2022 av Sander på Lom ungdomsskule

Denne boka er ei blanding mellom roman og novelle. Novellene følgjer dei seks elevane gjennom eit halvt år.
Kaleb har ei kreftsjuk veslesyster som vil på Tusenfryd før ho døyr, Fred er bestevennen til Kaleb og ynskjer å finne ein plass å vere i fred frå Adrian, plagånda i klassen. Men sjølv vil Adrian berre vera langt frå far sin. Tonje stammar og seier ingenting i timane. Tobias kom flyttande frå byen og inn på nabogarden til Kaja, som får hovudrolla i alle teaterstykkane i klassa.
Eg opplevde boka som spanande og artig. Det var slik at eg fekk lyst til å høyre meir. Eg vil anbefale å lese denne boka. Terningkast 5


Iver Bjørgen

Tusenfryd - Ein spannande måte og skrive på

Skrevet av 8. september 2022 av Iver Bjørgen på Lom ungdomsskule

Ei bok der du får høyre litt om seks personar for kvart kapitel, det tykkjer eg er ein spannande måte og skrive på. Du får høyre litt om Kaleb som prøvar og oppfylle drøymen til den kreftsjuke veslesystera som så gjerne vil kome seg til Tusenfryd, om Fred vennen til Kaleb da dei vil lage seg ein hemeleg plass frå Adrian som plagar dei, Adrian vil bare burt frå heime, Tonje vil ikkje prate i klassen fordi hun stammar, Tobias kjem flyttande til bygda for å kome seg unna mobbarane i byen og Kaja bur ved sidan av Tobias og blir ein god venn med han heilt til det skjer mykje rundt stykket klassa deira har ved jul der Kaja som alltid får hovudrollene ikkje gjer det denne gongen. Eg syntest forfattaren har funne ein spannande måte å skrive på og eg syntest att den faktisk blei nokså ryddig til å være om så mykje, Eg syntest det er ein god bok så eg vil gje boka terningkast 4.


Torbjørn Moen Helland

Livet er ei berg-og dalbane

Skrevet av 8. september 2022 av Torbjørn Moen Helland på Lom Ungdomskule

Tusenfryd er ei novellesamling med ein gjeng ungdommar og problem dei har som dei kanskje ikkje vil prate om. Det er forskjellige hovudpersonar i kvar novelle i boka, men dei fleste er med i kvar forteljing, så det heng litt i saman.

Denne boka var ikkje så spennande at ein må bli rive frå ho, meir ei fin kosebok. Det var ikkje så mykje som skjedde i ho, men det var ein del indre spenning.

Eg kom veldig fort inn i ho. Eg vil anbefale denne boka! Lett å lesa, og fortel litt om det at livet er ei berg-og dalbane.

Eg gjev denne boka terningkast 5

Vis flere anmeldelser

Til toppen