Stavanger stories III
Stavanger stories 3 er fjorten forteljingar om liv og død - og alt innimellom, fortald med både humor og alvor. Dette er den siste boka i novellekransen om søskena Duxen, Betty og Broremann - og menneska rundt dei i store, Vis hele forlagsteksten
Grei bok, med
Skrevet av 20. desember 2020 av Marie Moen på Luster ungdomsskole
“Det finst mange måtar å døy på”
Eg valde å lese “Stavanger Stories 3” fordi det var ei tynn bok, den såg sånn passe spanande ut og ingen andre hadde lese den. Til vanleg ville eg ikkje vald utfrå slike kriteria, men eg tenkte det kunne vere kjekt å lese noko annleis denne gongen. Boka er den siste i ein trilogi, og er skriven av Terje Torkildsen.
“Stavanger Stories 3” er ein novellekrans beståande av 14 noveller. Dei små anekdotane handlar om alt frå døden til ein heilt vanleg fisketur. Boka fprtel om dagar med syskena Duxen, Betty og Broremann og alle menneska rundt dei i Stavanger by.
Novellesamlinga startar rett på sak, og handlinga grip deg med ein gong du blar om til fyrste sida. Novellene var spanande til tider, nokre var artige, medan andre var så kjedelege at eg hoppa over dei. Felles for novellene var at alle hadde ein open slutt, men spørsmåla lesaren har får blir besvart i ei anna novelle. På eit vis er dei opne sluttane den raude tråden. Forteljarstemma i desse glimta frå oljebyen er autoral, og det er flust med parallell-historiar. Ei av novellene er til dømes fletta saman med novella “Å drepe et barn” av Stig Dagermann.
“Døden viser ingen nåde, og så nådelaust er også livet mot den som har drepe eit barn, at alt som blir gjort etterpå, blir gjort for seint.”
Miljøet og karakterane er sett saman slik at ein utan å kjenne tittelen forstår at det skjer i Stavanger, og at Betty og Broremann er søsken. Men at Duxen er broren deira, fekk eg inga forståing av før eg las vaskelappen bak på boka.
Forteljingane kunne skjedd i verkelegheita, men nokre er meir truverdige enn andre. Eg trur forfattaren vil at lesarane skul tru på at menneska lever, og det har han klart veldig fint. Nokre er sjølvsagt meir truverdige enn andre, men det må ein rekne med. Originaliteten i boka er ikkje så veldig mykje å skryte av, det er mange bøker som handlar om ulike augneblikk frå kvardagen til ungdommar. Derimot er det ikkje så vanleg at ungdomsbøker er bygd opp på denne måten, eller skrivne som ein novellekrans.
Tekstane var sånn passe vanskelege å lese, ikkje for lette eller for vanskelege. Det er mange lange setningar og replikkar. Novellene er skrivne på nynorsk, med sjarmerande innslag frå Stavanger-dialekta. I mange ungdomsbøker er det mykje bannord, men her er det lite eller ingen banning. Det at den er krydra med dialekt er eit triveleg innslag.
Det beste med boka er at den er så truverdig og at novellene er så godt fletta saman, det verste er nok at den har fleire historiar eg enda opp med å hoppe over, fordi dei var så dørgande kjedelege. Eg trur ikkje Torkildsen har skrive den for å formidle den store bodskapen, sidan ein får veldig lite ut av boka. Den er nesten som ei dagbok, berre at den er skriven av ein ovanfrå, han ser på det som hender og skriv det ned. Eg trur Torkildsen eigentleg berre har skrive den for å avslutte ein trilogi, ikkje noko meir. Dersom ein fort blir lei av bøker, men er tvungen til å lese ei bok, er nok denne midt i blinken då novellene ikkje er lengre enn 10 sider. Eg synest ikkje at boka burde nominerast til U-prisen då eg har lest fleire bøker som er betre enn denne.
Eg vil gje boka terningkast 2, men håpar at Torkildsen diktar meir, for han skriv godt.