Når eit menneske døyr i dag, står gjerne Facebook-veggen igjen etter det. I mange tilfelle lever veggen vidare, som ein stad der slekt og vener vender seg direkte til den avdøde. Profilen blir ei minnebok, men også ei slags forlenging Vis hele forlagsteksten
Når eit menneske døyr i dag, står gjerne Facebook-veggen igjen etter det. I mange tilfelle lever veggen vidare, som ein stad der slekt og vener vender seg direkte til den avdøde. Profilen blir ei minnebok, men også ei slags forlenging av livet.
Etter at Amalie døyr, begynner storesøstera Eli Anne å skrive til henne på veggen hennar. Ho skal snart legge profilen ned – ta ein endeleg avskjed – men kvir seg for å ta det siste steget. Eli Anne skriv på veggen til Amalie og ser attende på forholdet deira: på endringar av status, på løgner og sjalusi, men også på kjærleiken mellom to søstrer.
Kjære søster er ei forteljing som rommar både sorg, anger og skam – men også glede, livskraft og håp. Det er i tillegg ein roman om musikk, der ulike musikksjangrar og kunstsyn får bryne seg mot kvarandre.
Jørgen Kvandahl
Skrevet av 12. april 2016 av Jørgen Kvandahl på HAMNA Skole
va en trist bok
Emanuel Lunde
Skrevet av 15. desember 2015 av Emanuel Lunde på Steinerskolen på Lillehammer
Kjære Søster, av Alf Kjetil Walgermo.
Boka er skrevet på nynorsk som gjorde at jeg fikk litt vanskeligheter med å lese den. Hver side av boka er et nytt facebook innlegg som kan gjøre så det jeg/du leser kan virke litt forvirrende. P.g.a. en dag kan det hende det som står ikke helt passer inn med det du leste på forrige side, eller kanksje det bare var meg som ikke forstod hver side.
Men det forfatteren skrev var ikke dårlig, og "facebook-innleggene" virket form eg ganske realistiske, bortsett fra at det kanskje ikke var en eneste ordfeil som sikkert mange facebook-innlegg har.
Ville personlig ikke lest denne boken om igjen, men jeg er heller ikke en leseglad leseløve. gir den en 4/6.
Silje Bale
Skrevet av 15. desember 2015 av Silje Bale på Sagatun skule
Kjære søster
Kjære søster er ei veldig rørande bok om Eli Anne, som mista søstera si, Amalie. Ho skriv om kor vanskeleg det er å leve utan søstera og korleis ho har det.
Forfattaren har klart å skrive veldig ”ekte” og dette gjorde at boka gjorde veldig intrykk på meg, og eg levde meg veldig inn. Det er fleire setningar i boka som sit igjen og eg ikkje klarer å gløyme, men den som sit mest er ”Why must not death be redefined?”. Denne setninga fekk meg til å tenkje litt.
Eg hadde ikkje så store forventingar til boka, men i det eg starta å lese ho vart eg veldig rørt. Boka fekk meg til å tenkje på noko som hadde skjedd med meg sjølv, så eg vart litt trist, men også glad.
Boka var grei å lese, det var litt vanskeleg å forstå av og til, men den var skriven slik at du forstod meir etter kvart.
Eg meiner at boka bør vere nominert fordi dette er et veldig rørande og spesielt tema. Eg gir boka terningkast 5.
sara
Skrevet av 15. desember 2015 av sara på Sagatun skule
Kjære søster
Eg hadde hørt at boka var god og bra, rørande men det synest ikkje eg. Eg hadde trudde boka var betre enn den var. Alle har forskjellig smak men for meg så blei det litt slapt. Eg føle det at ho ikkje klarte å holde spenninga oppe fordi ho gjenteke det same heile tida.
Eli Anne og Amalie er søstrer. Amalie er den jenta som har alt, men Eli Anne ikkje har noko. Amalie den yngste søstera er død. Kvar dag skriv Eli Anne på veggen til Amalie fordi dette er den einaste måten ho føler at ho kan kommunisere med søstera si. Problemet er det at foreldra deira vil legge ned profilen.
Eg opplevde at boka var kjedelig. Den hadde ikkje noko inntrykk på meg fordi dette er noko som skjer kvar dag og det er like trist kvar gong, men når det står det same i boka om og om igjen så blir det litt uinteressant.
Eg trur at om ho hadde skrivet om andre ting og fleire ting og satt det opp på ein anna måte i boka kunne det ha vert bra. Boka er oransje med data tastar så framsida passa jo. Den såg spennandes ut. Eg trudde det at vi skulle få vite korleis søstera døde men det fekk vi ikkje vite.
Derfor synest eg ikkje boka burde bli nominert til u- prisen fordi den var ikkje interessant den var ikkje morosam, og den var heller ikkje til mine forventningar. Eg vil heller ikkje anbefale denne boka til nokon fordi du føle at du aldri blir ferdig. Derfor gir eg boka ein svak 4’ar.
Ingeborg
Skrevet av 15. desember 2015 av Ingeborg på Sagatun skule
Kjære søster av Alf Kjetil Walgermo
Denne boka handlar om sorg men samtidig er den veldig fin. Eg fekk mange tankar då eg leste denne boka, og tenkte på den etter at eg hadde lest den. Eg likte dei forskjellige ordtaka på engelsk som ho skreiv i innlegga. Grunnen til at eg fekk lyst til å lese denna boka, var mest fordi eg hadde høyrt mykje bra om den, og fordi den såg spennande ut.
Søstera til Eli Anne er død. Ho skriv til henne kvar dag på facebook, utan å få svar. Ho tenkjer på Amalie kvar dag, og føler seg trist. Klarer Eli Anne og komme seg vidare etter alt det som har skjedd?
Eg synest boka var bra, men kanskje ikkje så bra at den burde nominerast til U-prisen. Eg vil gje boka terningkast 4. Grunnen til at eg ikkje vil gje boka ein seksar er fordi eg synest det var litt irriterande at alle sidene var veldig like, og det var kanskje litt for mykje gjentaking.
Vis flere anmeldelser
Jørgen Einestrand
Skrevet av 14. desember 2015 av Jørgen Einestrand på Sandnes skule
«Kjære Søster»
Forfattar: Alf Kjetil Walgermo
Denne boka handlar om Eli Anne som har mista systera si i ei bilulykke. Før dei legg ned Facebook-profilen hennar, skriv Eli Anne til systera Amalie kvar deg på tidslinja hennar. Dette hjelper Eli Anne med å få sagt det ho ikkje fekk sagt til Amalie før ho døydde. Denne boka har eigentleg ikkje noko særleg spenningskurve, men ho bringer meir kjensler fram, og visst du likar ei følelsesladd bok, kan dette vere noko for deg. Denne historia er eigentleg ganske trist, og han fortel om korleis familien taklar Amalie sin død månadane etterpå. Familien taklar det ganske dårleg, og dei er veldig lei seg, og Eli Anne får diagnosen lett deprimert, og vert sjukemeld frå skulen.
Denne boka passar for folk som likar følelsesladde bøker, og er ei god bok. Eg gjev boka terningkast 4, og grunnen til det er at det er det same frå side til side, og består berre av Facebookinlegg. Det gjer boka litt uinteressant, og det gjer det litt vanskeleg å følgje med men elles ei grei bok.
Jørgen Einestrand
Sandnes skule