Blüchers hemmelighet

Alexander Løken Cappelen Damm 2022 98 anmeldelser

Alexander Løken tar oss med til sommeridyllen ved Drøbak. Men alt er ikke som det skal være i forsommersola. Når krabbene angriper i flokk og sjøen utstråler en mørk kraft som truer med å trekke henne ned, er det ikke rart Vis hele forlagsteksten

Hvordan skrive en anmeldelse

Liv Johansen Våge

Blüchers farlige hemmelighet

Skrevet av 7. oktober 2022 av Liv Johansen Våge på Austevoll ungdomsskule

Denne boka er ei spenningsbok og handlar om ei jente som heit Kit og brødrane Gustav og Finn. Ho og familien skulle på hytta ein sommar. Pappa var ikkje med denne gongen. Hytta låg rett ved der Blücher sank. Men det er noko som ikkje stemmer føler Kit. Rare krabbar, folk døyr og ikkje minst mormor.
Eg likte denne boka fordi det er spenning, nedturar og oppturar. Andre som likar ei god spenningsroman bør lesa denne boka. Boka svarar godt på sjangeren sin, spenning, som er noko veldig viktig. Eg blei godt kjende med hovudkarakteren, og det gjorde ho meir truverdig. Da eg syntest var best med boka var dei levande skildringane. Det var enkelt å leve seg inn i boka og det gjorde berre at eg ville berre lese meir og finne ut kva som skjedde.
Starten var litt treig, men når du blei litt meir kjende med boka var det vanskeleg å legge den frå seg. Eg meiner at slutten var litt for lett på at den skulle vert litt lengre og litt meir spenning i.
Eg meiner at denne boka ikkje bør nominerast til uprisen. Det er sikker mange andre bøker der ute som har ei betre slutt. Eg hadde forventa ein litt betre slutt.
Eg gjer denne boka terningkast 4.


Margrethe

Blüchers hemmelighet

Skrevet av 7. oktober 2022 av Margrethe på Austevoll ungdomsskule

Boka handla om ei jente som heiter Kit ei jente som leiter etter svar om Gottfrid, saman med moren og brødrane hennes. Boken er basert på den gamle båten som sank i andre verdens krig Blüchers. Eg synest boken var ganske kjedeleg, eg trudde det skulle vere mere grøss i den men den passer best for folk som er 10 år. Begynnelsen var veldig kjedelig og midten var begynt og bli litt mere spennende fordi det skjedde litt mere da. Men, slutten var ikkje bra den slutte så fort og det var ikkje alt eg skjønte i boken. Eg tror at den ikkje bør vinne uprisen
Eg synest ikkje at boken var lett og lese. Fordi alt skjedde nesten samtidig. Men, det var litt spennande når du kom til mitten fordi da skjedde det litt. Det var ingen vanskelege ord og ingen stygge ord i boka så derfor passer den litt til folk som er yngre. Men, det som skjer i boken kan vere ganske realistisk fordi det handlar jo om noko som har skjedd det med skipet men med spøkelsene og sånt var det ikkje så.
Eg trur forfattaren har skrevet denne fordi han ville skrive ein litt spennande bok og han liker kanskje spøkelse sidan boken handlar om det. Det er sikkert magen ungdommar som kommer til og like denne boka men, eg synest ikkje at den var så veldig gøy. Det beste med boken er at det skjedde noko av og til at du måtte vente på og få svar og det er spennande. Det som irriterte meg med boken var det var kjempe uinteressant begynnelse og slutt. Vis eg skulle anbefal ein bok trur eg ikkje det er den fuste boken eg ville anbefalt.
Eg gir den terningkast 3.


Ida Mathilde

Bluchers hemmelighet

Skrevet av 7. oktober 2022 av Ida Mathilde på Austevoll ungdomsskule

Blüchers hemmelegheit
Blüchers hemmelegheit er ein ungdomsbok som handlar om ei jente som heiter Kit. Hun reise på hytta si på utanfor Drøbak med moren og dei to brødrane sine, der eit tysk skip sank under andre verdens krig. Kit har aldri likt seg der å ho får alltid ein ekkel følelse når ho er der. Kit begynner å mistenke at det er noko som fare går etter at hun blei angrepet av krabber, hun blir også god venn med naboen sin Malcolm, Kit og Malcolm går saman for å finne ut kva som skjer med hjelp av brødrane sine.
Eg syns ikkje boka var så gøy, eg syns begynnelsen var meir spennande en slutten. i tillegg så kom eg litt utav da på slutten fordi teksten blei litt knotete. det eg like aller best var at det var ei bok med spenning å mystiske hendingar. Eg vil personleg gi denne boka ein midt på 3, fordi det var litt spennande men også litt uinteressant eg kom også litt utav det å det var ikkje heilt boka for meg.
Terningkast 3


Knut Magnus

Blüchers hemmelighet

Skrevet av 7. oktober 2022 av Knut Magnus på Austevoll ungdomsskule

I Drøbaksundet ligger det tyske krigsskipet Blücher. Boka Blüchers hemmelegheit tar utgangspunkt her og handlar om ein familie som har blitt ramma av gjenferd frå skipet heilt til jenta i familien bestemmer seg for å finne ut av dette og med hjelp frå naboen som tidlegare var spion klarer dei å både å finne ut kvifor det spøker i skipet og kva som skal til for stoppe det.😉

Eg synest boken var ikkje so gøy 3/6


Marie

Skuffande slutt...

Skrevet av 7. oktober 2022 av Marie på Austevoll ungdomsskule

I boka Blüchers hemmelegheit møter me Kit og familien som er på ferie på hytta i Drøbaksundet. Hytta ligger rett ved der det tyske skipet Blücher sank under andre verdskrig. Kit har aldri likt å vere på hytta, det at det skjer mystiske ting heile sommaren gjer ikkje ting betre…

Boka startar treigt og mykje er vanskeleg å forstå. Etter kvart bygger boka seg bra opp og ting begynnar å bli spennande. Slutten derimot var veldig brå og alt for enkel. Boka var vanskeleg å leve seg inn i og forstå. Eg synest boka til tider var veldig bra, men det hjelper ikkje når boka plutseleg tar ein heilomvending og blir heilt uinteressant, boka har dårleg samanheng. Det er mykje med boka som ikkje gjer meining, og du begynner å tenke. Kvifor det? Korleis då? Det er berre alt for mykje som ikkje funkar.

Det var mykje gøy og spennande i midten når dei snakka med Malcolm, det var mykje som skjedde og plutseleg blei det ein heilomvending og ting blei rolegare, så plutseleg skjedde det ting igjen. Det var gøy med spøkelsene og bestemora, men noko gjorde det veldig forvirrende på samme tid.
Boka handler jo om andre verdskrig, så hvis du er interessert i det ville eg ha anbefalt boka til deg, men for alle oss som ikkje er like interessert ville eg latt boka ligge.
Eg gjer boka terningkast 3, fordi den er gøy, men slutten skuffer veldig.

Vis flere anmeldelser

Til toppen