Blüchers hemmelighet
Alexander Løken tar oss med til sommeridyllen ved Drøbak. Men alt er ikke som det skal være i forsommersola. Når krabbene angriper i flokk og sjøen utstråler en mørk kraft som truer med å trekke henne ned, er det ikke rart Vis hele forlagsteksten
Ein brå slutt
Skrevet av 7. oktober 2022 av Jenny på Austevoll ungdomsskule
«Blüchers hemmelegheit» er ein barnegrøsser som handlar om ein jente som heiter Kit. Kit og familien hennar hadde ein hytte på Drøbaksundet der skipet Blüchers sank. Ein gang når familien skulle på hytta så begynte det å skje mykje rart og skummelt med Kit.
Eg synest boka var litt spennande frå starten til midten, då skjedde det mykje mystiske ting så eg fekk lyst til å lese videre. På slutten skjedde det så lite, det var berre ein enkel løysning på slutten. Derfor blei eg litt skuffa. Eg hadde forventa at slutten skulle være litt meir original.
Eg synest ikkje boka passar til ungdommar, men visst du er eit barn og liker grøsser så anbefaler eg boka.
Terningkast 4.
Ensomheten dreper
Skrevet av 7. oktober 2022 av Elena på Austevoll ungdomsskule
«Blüchers hemmelegheiter» handlar om jenta Kit. Familien hennas har hytte på Drøbaksundet i nærheita av skipet Blücher, som høyrte til nazistane. Kit begynner å legge merke til ting utanom det vanlege. Dette er forårsaka av Godtfrid, den mektige mannen som er skjult nedi det mørke dypet. Han tenker på seg selv og setter masse folk i fare. Kit er ei modig og smart jente, ho gjør mange tøffe valg. Boka er skrive av Alexander Løken.
Boka har masse hemmelegheiter og er litt mystisk. Boka har mye bra spenning og det skjedde mye som eg ikkje hadde forventa. Men den har ikkje alt den treng for å få terningkast 6. Den går litt treigt i starten so kjem avslutninga av boka for lett på, altså eg tippa kordan den ville ende og eg hadde riktig. Eg synast boka ligg på ein 4rar. Den anbefalast om du vil ha ei bok som er ei enkel bok med litt spenning og mysterie.
Blüchers hemmelighet
Skrevet av 7. oktober 2022 av Nora Beate på Austevoll ungdomsskule
Blüchers hemmelighet handler om Kitt, stebroren hennes Finn og lillebroren Gustav. Dei har ferie og har reist til hytta deira i Drøbaksundet. Under 2. verdskrig sank det eit skip i Drøbak. Kitt har aldri likt seg der, det skjer mange uverkelege ting der og Kitt har ein ekkel følelse når ho er på hytta.
Det er ei spenningsbok, men eg syntest at forfattaren bør helde litt meir på spenninga, spenninga går litt for fort ned for min del, løysningen kom alt for raskt. Det kunne vere morosame hendingar, av og til. Det var ikkje ei bok eg sleit med å legge frå meg, men eg kvidde meg heller ikkje til å lese den.
Vist du syns spenningsbøker der spenningen blir avslørt fort er gøy, så burde du lese boka, men det var ikkje ei bok for meg. Eg trur forfattaren har skrive boka fordi han har lyst til å fantasere litt om Blücher, skipet som sank under 2. verdskrig. Eg gjer boka terningkast 3.
"spøkelset på havets bunn"
Skrevet av 7. oktober 2022 av Alida Marie Digernes på Åkra ungdomsskole
Boken "Blüshers hemmelighet" er ei bok med mykje spenning, den handlar om Kit, Gottfried og den tyske båten som sank i 1940. Kit og familien drar opp til hytten sin på Drøbakssundet, der begynner det å skje masse rare ting. Er dette verkeleg, eller ser dei bare syner?
Hovedpersonen i boka er verdt å bli kjent med. Namnet Kit er bare eit kallenavn, ho heiter eigentleg Nikoline Kittelsen. Eg synest at forfattaren klarte å forklare godt korleis Kit og folkene i boka såg ut.
Eg likte boka godt, men tempoet i boka var litt varierende. I starten så gikk boka litt seint, og i slutten alt for fort. Da vart det lett å falle av. Eg kunne tenkt meg at slutten hadde vore litt lenger.
Boka svarte på sjangeren sin, spenning, som eg synest er veldig viktig. Eg hadde lest denne igjen. Eg gir boka terningkast 4.
Gutten i dypet
Skrevet av 7. oktober 2022 av Elev på Åkra ungdomsskole
"Blüshers hemmelighet" er ei bok som handler om ein tyske båt som sank i 1940. Sjølve handlinga i boka foregår i Drøbak der skipet sank. Hovedpersonen i boka hetter Nikoline Kittelsen og hun har lagt merke til unormale ting som oppstår i Drøbak.
Det eg likte med denne boka var at eg blei kjent med hovedpersonen, at forfatteren klarte og beskrive hovedpersonen så bra. Boka var ganske lett å forstå. Forfatteren tok meg inn i boka, og eg klarte å sjå føre meg kva som skjedde. Tempo i boka synes eg var ganske grei, men i slutten så gjekk det ganske fort, så eg klarte ikkje heilt å følge med.
Eg gir terning kast 5 fordi eg likte boka fordi det var spenning i boka og me blei ganske godt kjent med hovedpersonen. I slutten så gjekk det litt for fort så eg fekk ikkje alt med meg i slutten.
Vis flere anmeldelser