Intervju: «Trudde eg skulle DØ av skrekk»

Forfattar A. Audhild Solberg snakkar ut om mørkredsel og skrekkfilmar. Foto: AKAM1K3

A. Audhild Solberg er Uprisen-aktuell med grøssaren «Den svartkledde jenta». Vi tok ein prat med Audhild om mørkredsel, skrekkfilmar og korleis man får nakkehåra til å reise seg hos lesaren. Det viste seg at Audhild har stor glede av å bli skremt.

Kva er ein god grøssar for deg?
-Ei dritspennande bok med ei handling du lever deg totalt inn i og trur på. Personleg liker eg krypande uhygge meir enn blod og gørr, men her er smaken forskjellig.

Kvifor har du skrive ein grøssar?
-Eg har alltid elska grøssarar. Det begynte for alvor med filmen «Child’s Play». Eg såg den da eg var tretten, og trudde eg skulle DØ av skrekk. Eg las også mykje Stephen King, som eg fortsatt er ein stor fan av. «Carrie» er favoritten.

Tidlegare har du skrive Superbitch-bøkene, som er meir dramabøker. Kva er forskjellen på å skrive drama og grøss?
-Mykje er likt, som å konstruere eit truverdig plott, gjere personane levande og bygge opp spenning. Men spenninga er meir akutt i ein grøssar, det er meir handling enn tenking. I språket viser det seg gjerne i form av fleire verb og faste vendingar. Hovudpersonen i «Den svartkledde jenta» må for eksempel stadig «bråstoppe», «fryse på ryggen» og «dra inn pusten».

Kva er den viktigaste ingrediensen i ein grøssar?
-At den er spennande fortalt. Den kan handle om kva som helst, berre den får nakkehåra dine til å reise seg.

Det er sikkert mange elevar der ute som gjerne vil skrive ein stil som skremmer driten ut av medelevane. Kva er ditt beste tips?
-Blir du skremt sjølv, er du på god veg. Eg høyrer også mykje på musikk frå skrekk- og spenningsfilmar; da kjem eg i rett stemning. Eitt tips er filmmusikken til dei tre Batman-filmane «Batman Begins», «The Dark Knight» og «The Dark Knight Rises». Perfekt soundtrack når ein skal skrive ei creepy historie!

Kva blir du sjølv skremt av?
-Eg er vanvittig mørkredd, har alltid vore det, kjem nok alltid til å vere det. Så mørket er det som skremmer meg mest, alt som kan skjule seg i det, kanskje spesielt gjenferd …

Er det ein skummel film eller bok du vil tipse om til dei som lengtar etter eit realt mareritt?
– «Den sjette sansen» er ein av dei skumlaste filmane eg har sett. «Pet Sematary» og «Ondskapens hotell» skremte også vettet av meg da eg var tenåring, det same gjorde tv-serien «Twin Peaks». Den skumlaste boka eg har lese dei siste åra, er «Stallo» av Stefan Spjut, om eit barn som blitt bortført i skogen av … ja, kva ER det, eigentleg? Romanen er skriven for vaksne, men kan også lesast av skrekksøkande ungdom.

Bur du sjølv i eit spøkelseshus?
-Nei, heldigvis ikkje! Da måtte eg ha flytta. Eg er ikkje berre mørkredd, eg er husredd også.

Til slut. Kva står den mystiske A-en i A. Audhild Solberg for?
-Den står for det vanlegaste jentenamnet i Noreg, eit namn eg syntest var sjukt kjedeleg da eg var barn, men som eg nå liker stadig betre: Anne. Men det er Audhild som er namnet mitt, det er det eg alltid er blitt kalla.

Skreve av Bjarte Bakken/Foreningen !les