Sting

Therese Garshol Syversen Samlaget 2022 66 anmeldelser

16 år gamle Emma vaknar på sjukehus med eit skotsår i magen. Kva som har hendt, hugsar ho ikkje heilt, men dei seier at det er faren som har skote ho. Som einaste overlevande etter ein familietragedie må Emma flytte Vis hele forlagsteksten

Hvordan skrive en anmeldelse

Linnea Stenersen

Sting

Skrevet av 14. september 2022 av Linnea Stenersen på Lom ungdomsskule

Sting er ein roman. Boka handlar om 16 år gamle Emma som vaknar på sjukehuset med eit skotsår i magen. Ho hugsar ikkje sjølv kva som har hendt, men dei seier at det er faren som har skote ho. Emma hugsar ikkje noko frå når det skjedde, men ho hugsar oppveksten sin og korleis ting var før dette skjedde. Psykologen Beate seier at ho ikkje kan kome seg vidare i livet før ho hugsar kva som har skjedd. Emma kan ikkje og vil ikkje hugse.

Etter kvart som Emma blir litt bedre og hugsar litt meir så fløtt ho til mormora si langt ute på landet. Det bur også naboguten, Hannes, som har lyst til å bli bedre kjendt med Emma. Ho likar ikkje så veldig godt å bu hjå mormora si fordi ho snakkar så mykje om mora til Emma. Emma vil ikkje snakke om mora si sidan ho er død og ho ikkje hugsar kvifor. Etter som dagane går og Emma etter kvart blir enda bedre og Beate er innom for å snakke md ho ein gong i blant så finn Emma ut kvifor mora hennar er død. Det viser seg at det ikkje skal bli lett for Emma å kome seg vidare.

Boka var spennande og vanskeleg å legge frå seg.

Det som gjorde at boka blei litt vanskeleg å henge med i var at det hoppa frå notid til dåtid nesten for kvart kapittel. Eg gjev boka terningkast 4.

Til toppen