Søkeord: Ayotzintli

Marit Kaldhol Samlaget 2013 7 anmeldelser

Om nettene sit Mikke ved pc-en. Mamma og Idar reiser på ferie til Chile. Kompisane er i gang med russefeiringa. Siri sender tekstmelding, men Mikke svarar ikkje. Han les om små skjelpadder som driv tilfeldig omkring i havet. Nokre klarer Vis hele forlagsteksten

Hvordan skrive en anmeldelse

marie

marie

Skrevet av 4. april 2013 av marie

YOOOOOOOO

Søkeord Ayotzintli
Boka er delt inn i tre delar.
I del ein leser du Mikke si dagbok. Den tykkjer eg er vanskeleg å forstå, og vil anbefale å vera vaken når du les den.

Del to handlar om mora, og tankane henna. Boka blir på ein måte lettare å lesa kor lenger du kjem.

Del tre handlar om minna til folk som var nære Mikke, denne delen er lett å forstå.

Så denne boka handlar altså om Mikke som skriv i ei dagbok. Seinare når han dør før du høyra om tankane til mora, om døden til Mikke og så vidare. Til slutt får du sjå nokre helsingar frå nokre nære personar av Mikke.

Eg vil verkelig anbefale denne boka, få sider og dei er det ikkje så mykje tekst på.

Boka er dramatisk frå start til slutt, men boka passer nok ikkje til barn unner 14 år, sidan eg trur dei ikkje vil forstå boka, og kor dramatisk det er å ta sjølvmord.

Så vist du liker drama, og er god til å lese bør du lese denne boka.

Av Nils


marie

marie

Skrevet av 4. april 2013 av marie

Søkord Ayotzintli

Søkeord ayotzintli er ei bok som er litt kjedelig og veldig vanskelig å forstå, men viss du likar utfordringar, er det ei passande bok. Sidene er korte og lette å lesa, men innhaldet er vanskelig og utfordrande å forstå. Det var ikkje så veldig vanskelig å leggja ho ifrå seg, og sidan alle sidene i fyrste del er skrivne i dagboksform og med små bokstavar etter punktum er det lett å detta ut.
Boka er skriven i tre delar. Fyrste del om Mikke og hans dagbok. Andre del om mora når ho sørgjer over tapet av Mikke. Tredje del om brev og minner som kompisane og familiemedlem har skrive til han.
Fyrste del handlar om Mikke og dagane som går. Han er 18 år og midt i russetida. Han er mykje saman med Sverre som har Downs syndrom og treng tilsyn heile vegen. Han gjer det slutt med dama si, Siri, og vert etter det litt deprimert. Han sitt berre heime og ser på TV, åleine. Kompisane vil heile tida ha han med på ting, men han svarar ikkje på meldingane. Mora og Idar er på ferie i Chile og dei anar ingenting om kva som skjer heime.
Andre del handlar om mora når dei kjem heim frå Chile og kva ho finn ut. I andre del er det mykje skildringar. Mora skildrar Mikke, faren og seg sjølv når ho trefte faren. Ho fortel mykje om dei dagane dei møttest og svangerskapstida hennar.
Tredje del er brev med minne skrive av venner, familie og andre personar som stod Mikke nær.
Boka handlar om sjølvmord og ting som skjer rundt det. Det er noko som vert meir og meir utbreidd i dag. Det kan vera ei god bok for personar med sjølvmordstankar, så dei får sjå konsekvensane av nettopp sjølvmord. Sidan boka er delt i tre, får me ulike versjonar av korleis ein opplever eit sjølvmord.

Av Snorheim

Til toppen