Smadra

Brynjulf Jung Tjønn Flamme 2018 86 anmeldelser

Faren til Oda triller sykkelen hennar i garasjen. No skal ikkje Oda bruke han meir. Ho har så dårleg balanse, men dette var absolutt siste gong Oda skal falle og slå seg. Det er historia Oda fortel til alle dei som Vis hele forlagsteksten

Hvordan skrive en anmeldelse

Dina

Dina

Skrevet av 28. september 2018 av Dina på Lom ungdomsskole 10B

SMADRA
Eg syntes boken Smadra er ei veldig bra bok. Den er spanande og dramatisk og det gjer at lesaren ikkje vil legge frå seg boka. Temaet i boka er eit veldig aktuelt tema, mange kan kjenne seg igjen i korleis hovudpersonen føler og har det. Boka var lettlest og setningane var gode, ikkje for lange. I boka var det fleire stopp slik at lesaren fekk tenkt igjennom kva han har lese fram til da.
Boka handlar om ei jente som ikkje har det greit heime saman med mora si. Jenta lyg til både faren og skulen for å beskytte mora si. Både faren og skulen skjønar at det er noko med Oda og prøver å få ho til å prate ut, men hun seier ikkje sanninga. Denna boka har eit viktig budskap som vi alle har godt av å vite noko om. I boka hoppa man fram og tilbake i tid, det var litt forvirrande, men man blei vand til det etterkvart. Boka starta retroperspektivt noko eg syntes det gjorde boka meir spanande. Eg anbefaler boka for dei som likar lettleste bøker og dei som liker bøker under sjangeren drama. Eg gir boka terningkast fem.


Mari

Mari

Skrevet av 28. september 2018 av Mari på Lom ungdomsskole 10B

SMADRA, ei sterk bok

Boka handlar om ei jente som heiter Oda. Ho bur med mor og far sin. Men sidan faren er pilot er han ofte burte. Oda har det ikkje så greitt heime med mora si, men klarer ikkje si i frå. Ho finn på nye unnskyldninger for og ikkje fortelje sanninga. Det skjer ein del dramatiske ting så eg trur nok ikkje boka passer for alle.

Dette er ei sterk bok som er veldig vanskeleg og legge frå seg. Det er god plass og lese på noko som gjer at du kan tenkje godt gjennom det du les. I ein del situasjoner i boka for eg lyst til å gripe inn for og hjelpe.

Eg kunne gjere tenkt meg og høyre meir om korleis det går med Oda vidare. Eg meiner dette kan væra ei lærerik bok, som kan hjelpe barn og si i frå. Den gjev også andre barn eit innblikk i korleis faktisk mange barn har det. Eg gjev boka terningkast 5.


Sofie Brenna

Sofie Brenna

Skrevet av 28. september 2018 av Sofie Brenna på Lom ungdomsskole 10B

Smadra, ei bok alle kan lese
Denne boka meiner eg er sjangeren drama, fordi det handler om ei jente som bur i lag med mora og faren sin, men faren er ikkje ofte heime. Mora er ikkje noko særleg grei med jenta, og bruker vold. Jenta har ikkje sagt til nokon at ho ikkje har det bra heime. Boka forklarer altså at mange kan ha det vondt usynleg.
Boka startar med ein del spenning som gjer at ein vil lese vidare. Høgdepunktet i boka er nokså fengende, det er ikkje lett å legge frå seg boka. Det er veldig lett å leve seg inn i spenningane i boka, det er fordi det er alvorleg det som skjer. Eg kan beskrive denne boka med eit par ord, spenningfull og fengende. Eg anbefaler denne boka for alle som liker spenning. Eg gjev den terningkast 4.


Danna

Danna

Skrevet av 28. september 2018 av Danna på Den norske skole i Costa Blanca

SMADRA-dramatisk, men veldig spennende

Jeg synes at boken er ganske bra, men kan være litt dramatisk innimellom. Boken er sjangeren drama fordi det skjer veldig mye som er både trist og dramatisk, men det er også glade stunder. Jeg tror at det forfatteren Brynjulf Jung Tjønn mener med denne boken er at barn/ ungdommer bør ikke være redde for å si fra om at de ikke har det bra hjemme.

Boken handler om en liten jente som ikke har det veldig bra hjemme med moren hennes. Faren er ikke mye hjemme, skolen mistenker at ting kan skje med Oda hjemme og prøver å få henne til å snakke, men hun nekter.

Boken var enkel å lese, selv om den er skrevet på nynorsk.
Anbefaler denne boken til de som liker å bli litt følelsesladet.

Terningkast: 5


Emil

Emil

Skrevet av 27. september 2018 av Emil på Husnes ungdomsskole

SMADRA
Eg har lese boka Smadra. Boka handlar om ei jente som heite Oda, som er livredd for mora si. Mora har ein mystisk sjukdom som gjer at ho ikkje har kontroll på handa si og tar sinnet sitt ut på Oda. Oda tør ikkje og seie kva som skjer til nokon fordi ho er redd for og få straff av mora. Faren hennar jobbar lang borte og kan ikkje verre heima og passe på. Men han anar ikkje kva mora gjer med Oda.
Eg gir boka terningskast 3 fordi eg følte ikkje at forfattaren klarte og fanga meg i starten av boka. Men eg forsto da litt betre mot slutten av boka.
Av: Emil

Vis flere anmeldelser

Til toppen