Smadra

Brynjulf Jung Tjønn Flamme 2018 86 anmeldelser

Faren til Oda triller sykkelen hennar i garasjen. No skal ikkje Oda bruke han meir. Ho har så dårleg balanse, men dette var absolutt siste gong Oda skal falle og slå seg. Det er historia Oda fortel til alle dei som Vis hele forlagsteksten

Hvordan skrive en anmeldelse

Marius Svestad

Marius Svestad

Skrevet av 28. september 2018 av Marius Svestad på Lom ungdomsskole 10B

Smadra
Boka handlar om ei jente som heiter Oda. Ho bur med mor og far sin, men far er ofte borte på jobb, og mor er ikkje særleg grei med Oda.
Boka har eit klassisk utseende og er veldig lettlest. Eg føler at boka ikkje fangar meg heilt på starten, men blir meir interessant når ein kjem lenger ut i boka. Slutten kom veldig brått på, men var forventa. Eg kunne gjerne ønska at boka var lenger. Terningkast 4.


Rønnaug

Rønnaug

Skrevet av 28. september 2018 av Rønnaug på Lom ungdomsskole 10B

Smadra
Eg har lese boka smadra. Denne boka har sjangeren drama. Boka er både trist, spennende og fin.
Boka handler om Oda. Ho er redd for mor si og tørr nesten ikkje vera i nærleiken av ho. Mora har ein sjukdom som gjer at ho ikkje klarar å kontrolere handa si. Dette går utover Oda og kvar dag seier ho at ho har velta på sykkelen på veg til skulen, når ho kom med blåmerke overalt.
Boka startar bra syns eg. Det det er mange gangar i boka som treffer hardt inn på meg. Gjennom heile boka var det mange spenningskurver. Eg trur mange kjenner seg godt igjen når dei les denne boka. Boka var vanskeleg å legge fra seg for ho var så spennande, trist og innimellom glad. Boka i ein heilheit syns eg er kjempebra. Eg trur dette temaet er fengande for ungdommar.
Boka var lett å lese og det er bra ho er skriven på nynorsk.
Terningkast 6


ola

ola

Skrevet av 28. september 2018 av ola på Lom ungdomsskole 10B

Smadra
Smadra er ei drama bok, som handler om ei jente som bur i lag med mor og far. Jenta blir slått av mor si og når nokon spør kva som har skjedd seier ho aldri sanninga. Handlinga gjorde at eg levde meg inn i boka. Opplevelsen i boka var gripande og det var eit viktig tema. Eg synes språkbruken passa til boka, sidan det ikkje var noko banning. Boka handlar eigentleg om kor viktig det er å seie den verkelege grunnen. Eg anbefaler absolutt denne boka til dei fleste. At boka er på nynorsk synes eg bra. terningkast: 4


Simen

Simen

Skrevet av 28. september 2018 av Simen på Lom ungdomsskole 10B

Smadra

Eg syntest boka passar inn i sjangeren drama. Det var ei veldig luftig, lettlest og ikkje så lang bok som var spennande, men også litt forvirrande når det hoppa fram og attende i tid. Boka startar litt treigt, men det blir betre litt lenger inn i boka. Handlinga er ganske lett å tenkje seg om ein tenkjer seg litt om når ein les. Slutten var også noko du kan sjå for deg tidlegare i boka. Eg tykte ikkje at boka var så bra, men eg kan godt fårstå at mange vil like den. Eg gjev boka ternigkast 3.


Mette Madaus

Mette Madaus

Skrevet av 28. september 2018 av Mette Madaus på Surnadal ungdomsskole

Eg ser ikkje at det er ein bestemt sjanger i boka. Boka handlar om jenta Oda som alltid seier at ho har ramla på sykkelen, men det som eigentleg har skjedd er at mora henna har slått ho. Oda lever i frykt og fortel det til ingen.
Boka startar midt i ein handling som gjer det veldig fengande. Eg vil seie at det er ikkje akkurat ein stort høgdepunkt i boka og vil heller seie at det er ein flat bok, men samtidig er den fengande og ein har lyst og lese meir. Slutten av boka er veldig avslappande og fin, men ein skjønar ikkje heilt kor det blir av mora. Da eg las boka vekte den ikkje nokon spesielle følelsar i meg. Boka var nokså spennande, men eg har lese andre bøker som er meir spennande enn denne boka. Eit ord som kan beskrive boka vil eg seie er fengande. Og heile boka passar godt saman i eit, kvar karakter har ein personlegheit som dei beheld i heile boka.
Boka er nok veldig original, eg har ikkje lest eller sett ei bok før som handlar om det boka her handlar om. Og boka viser at folk kan gøyme ting som ingen veit om.
Det som skjer i boka kan godt hende i verkelegheita, for det er ikkje med noko magi i handlinga.
Boka er grei å lese, det kan kanskje bli litt forvirrande når det plutseleg blir fortalt ei hending av barndommen hennar. Setningane i boka er passe lang og interessant. Og språkbruken passar godt til bokas innhald.
Eg trur forfattaren skeiv boka fordi det finnest sånne ting som skjer som i boka. Boka kan seie og varsle om at dette skjer i verkelegheita. Eg vil seie at bokas styrke er at den skildrar godt korleis hovudpersonen følar seg. Og ein svakheit er at det er ikkje akkurat høgdepunkt i bøka og dermed kan den bli litt tam. Og andre personar burde kanskje lese boka og den kan sikkert vere meir interessant for dei.
Eg vil gi denne boka terningkast 3.

Vis flere anmeldelser

Til toppen