15 år gamle Synne har ADHD. Det boblar og kokar inni henne. Ho skjeller ut lærarar og elevar og endar ofte på kontoret til rådgivaren ved skulen. Rådgivaren vil at ho skal begynne med medisin igjen. Heldigvis har Synne bestevennen Vis hele forlagsteksten
15 år gamle Synne har ADHD. Det boblar og kokar inni henne. Ho skjeller ut lærarar og elevar og endar ofte på kontoret til rådgivaren ved skulen. Rådgivaren vil at ho skal begynne med medisin igjen.
Heldigvis har Synne bestevennen Torunn. Men to nye elevar i klassen skapar problem: Kine, som er ein ufordrageleg influensar med mange følgarar på Instagram, og mystiske og pene Johan, som må ha O’boy og brødskiver med jordbærsyltetøy kvar dag.
Sinne
Skrevet av 14. oktober 2020 av Emma på Averøy ungdomsskole
Boka er ein drama ungdomsbok, og handlar om kva 15 år gamle Synne går gjennom. Det skjer mange ting ut gjennom boka, men Synne klandrar mest hennar ADHD. Synne går både gjennom kjærleik-, vennskap- og familievanskar. Eg likte at denne boka tok opp det som er vanskeleg med det å være ein ungdom og alle følelsane man har. Alt i alt ein bra bok, bare ikkje min type bok.
Boka var ikkje så ille i følgje min menging, men eg lesar jo berre krim, så ikkje forvent for masse frå denne bokrapporten. Boka var ikkje akkurat treig, men meir treig ein rask. Det var noen augeblikk som var jævlig cringe, som da Synne og Jørgen «kyssa». Det er på en måte realistisk, med en for lykkelig slutt, og eit toxic forhold.
Ok bok, les den vis du liker drama og romantikk. Eg gir den terningkast 2/6.
«Sinne»- ei oppslukande bok om ungdomstida
Skrevet av 14. oktober 2020 av Mia Røsand Flatsetø på Averøy ungdomsskole
«Sinne» er ei dramabok som handlar om 15 år gamle Synne, som opplever fleire utfordringar som er vanleg å oppleve i løpet av ungdomstida. Skilsmisse, jentedrama, forelsking, drikkepress, susande tankar og krangling med foreldra er sentrale tema i denne boka. På toppen av alt dette, har ho i tillegg ADHD, noko som gjer at ungdomstida blir enda litt vanskelegare å handtere.
Eg synast at «Sinne» er ei spennande, kjempefin og glimrande bok, som verkeleg gir eit realistisk bilete av kva slags utfordringar vi ungdommar kan møte på. Eg vil seie at høgdepunkta i denne boka er da Synne fant ut at Vibeke var gravid, festen til Jørgen, da ho starta med ADHD-medisin og da ho blei skyldt for mobbing. «Sinne» er ei bok eg verkeleg sleit med å leggje i frå meg, og spenningskurva gjekk opp og ned nesten heile tida. Spenningskurva nådde heilt klart toppen da Kine sendte bilete av Synne og Jørgen til Johan, og da Synne måtte til rektor, og blei skyldt for at ho hadde mobba Kine. Slutten av boka tok ei ganske overraskande og uventa vending. Det var så uventa at det nesten ikkje gidde heilt meining.
Boka ga meg eit nytt syn på korleis det faktisk er å leve med ADHD. Før har eg tenkt at ADHD består mest av det å vere rastlaus. No forstår eg at ADHD er så mykje meir, og at mesteparten skjer inne i hovudet. Boka skapte eit bilete av korleis Synne tenkte, noko som gjorde det mykje enklare å forstå kvifor ho oppførte seg slik ho gjorde.
Det var så mykje bra med boka, at det nesten er umulig å velje ein ting som eg likte best. Men eg vil seie at det beste med boka var at ho var spennande og oppslukande og tok opp tema som eg som ungdom kan relatere til. Det einaste som irriterte meg med boka var at Synne ofte tok feil val i veldig mange ulike situasjonar der det tydeleg var ei mykje enklare løysing. Noko som skapa mykje unødvendig drama.
På den andre sida er det jo vanlig å ta dårlige val i ungdomstida, og Synne hadde jo ADHD, men eg synast fortsatt at det nesten blei litt urealistisk mykje dårlig val, og satt å rista litt på hovudet i mens eg leste. Dette er bare ei liten ting som irriterte meg, og elles er eg veldig nøgd med boka, og eg vil anbefale ho til spesielt jenter, men også gutar, mellom 13-17 år. Eg vel å gi «Sinne» terningkast 5.
Burde du lese Sinne?
Skrevet av 14. oktober 2020 av Jostein Volan Johansen på Averøy ungdomsskole
Boka handle om Synne. Ho slit med ADHD. I boka får du høre korleis utfordringar ho møta og kolles hu har det. Utfordringane som ho møter er for eksempel at ho har det vanskelig når ho ska konsentrere seg. Og skulen går ikkje så bra.
Eg syntes at boka var litt treig men han tok seg opp på slutten. Eg syntes spenningskurva bare gikk oppover frå start av. Høgdepunktet i denne boka er da boka var på den eine festen som skjedde, dette leser du om sanere i boka.. Eg tenker boka er ganske realistisk for folk med ADHD, kanskje ikkje det med kjærleiken men det at u møta forskjellige utfordringar.
Oppsummering:
Det beste med boka var at den virka ganske realistisk for folk med ADHD. Det er ein romantisk bok men eg synes også at den visar korleis Synne har det på for eksempel skole og kvardagane. Det e ikkje likte med boka var at han var ganske så treig til og starte med, men det ble betre utover boka.
Villa eg anbefalt han?
Eg synes at du burde prøve boka, men som eg sa den e treig i begavelsen, men det bli betre utover boka
Terningkast:
Eg gir boka terningkast 3 pga. den treige starten men en ok avslutning.
maria louise øksenvåg
Skrevet av 14. oktober 2020 av maria louise øksenvåg på Averøy ungdomsskole
Berg og dal bane
Boka handlar om ei 15 år gammal jente som heiter Synne. Ho slit med ADHD. Synne finn ut at foreldra sine ska skilst, og begge får seg ny kjærast, seinare venter faren barn med stemora. Synne blir veldig påverka av det andre gjer. Ho byrjar å feste, og gjer det dei fleste ungdommar gjer, provoserer foreldra sine. Synne kanglar med bestevennen sin, som heiter Torun. Seinare får ho seg ein kjærast som heiter Johan. Boka er inne drama sjangeren.
For meg var boka interessant, sidan eg kunna relatere til boka. Eg kjende meg igjen i situasjonane hennar. Eg har opplevd mykje tå dei kjenslene ho har kjend på. Eg trur denne boka passar veldig til ungdommar, mange føler på det same og ein er full av hormon. Spenningskurva må nok være da Johan og Synne drog kyssa i ein busk og seinare drog på fest. Eg trudde ikkje at Synne og Torunn skulla bli venner igjen, men er veldig glad for det.
Boka gjekk eigentleg sånn som eg trudde, med ein happy ending. Boka vart litt tung å lesa når vi er vant til å lesa på bokmål, nokre ord var vanskeleg og tolka. Så det er bra at vi las boka etter nokre år med nynorsk opplæring.
Det beste ved boka er at mange kan relatera til innhaldet. Blant anna kjenslene, familiesituasjonen, kranglinga, og det å få en kjærast.
det som irriterer meg er at boka blir litt langdryg i starten, og plutseleg skjedde det mykje også ble ho litt langdryg igjen på slutten.
Eg gir boka ein terning kast 2. eg gir ho 2 fordi ho ble litt langdryg, men språket fikk meg til å få bilete i hovudet så den får ein to.
Ein ellevill ADHD oppleving
Skrevet av 14. oktober 2020 av Anna på Averøy ungdomsskole
Denne boka handlar om ei jente kalt Synne, som har ADHD, men ho vil ikkje at alle skal få vite det. Foreldrene til Synne er skilt, så ho bur saman med mora si og broren Ulrik. Dramaboka handlar om livet til Synne, kva ho gjere og tenkjer, familiesituasjon, ungdomstida og ungdomsdrama.
Min oppleving av boka var at ho var litt blanda. Ho var som ein slags berg og dalbane, viss eg skal beskrive ho. Nokon kapittel var meir spennande og ineressante enn dei andre. Spenningskurva i «Sinne» starta veldig roleg i starten, med innleiing og liknade. Kurva begynte å stige når det begynte å bli ein del drama, og ho steg enda meir når hovudpersonane var på fest. «Sinne» hadde fleire toppar på spenningskurva, så ho går mykje opp og ned. Eg blei overraska at boka var ganske relatert til ungdomstida for oss unge i dag, så eg blei litt overraska over boka og kor realistisk ho var. «Sinne» var lett å leggje i frå seg når det var lite som skjedde, men av og til blei det meir vanskeleg å leggje ho frå seg når det var mykje å få med seg.
Boka blei litt tung å lese siden vi er vandt med å lese bokmål, derfor var det bra at vi las boka for å lære enda meir. Elles var språket veldig forståeleg sjølv om nokon ord var vanskeleg for oss som ikkje har nynorsk som hovudmål. Det var også litte sleng i språket, slik vi ungdomar snakkar i dag, så språket er ganske levande.
Det beste med boka «Sinne» var at vi unge kan relatere og sette oss inn i ulike hendingar som skjer i boka, fordi ho er såpass realistisk. Det som irriterte meg når eg las ho var at anten så skjedde det så mykje på ein gong, at lesaren hadde så mange situasjonar å følgje med på, mens andre stader i boka var det heilt tamt og ingenting skjedde. Så eg synast fordelinga kunne vore meir gjevn. Alt i alt anbefaler eg å lese boka «Sinne», spesiell om du er ein ungdom, fordi ho er ei spennande og interessant bok som er meir retta mot oss i tennåra. Ho er rett og slett ei grei bok å lese, derfor gjev eg ho eit terningkast fire!