Playback

Liv Eirill Evensen Omnipax 2013 22 anmeldelser

Seks fortellinger om seks unge kvinner som på hver sitt vis søker nærhet og tilhørighet, men også frihet og frigjøring. Om å bli sviktet og komme seg opp igjen, om å oppdage en verden utenfor sin egen, snevre. Om å Vis hele forlagsteksten

Hvordan skrive en anmeldelse

Silje C. Istad

Silje C. Istad

Skrevet av 25. september 2013 av Silje C. Istad på Fræna ungdomsskule

Playback forteljingar

Forfattar: Liv Eirill Evensen
Boka har 207 sider.
Sjanger: Drama og Kjærleik
Innleiing:
Playback er ei bok med seks småforteljingar, nokre lengre ein andre. Men i all hovudsak handlar dei alle om problema til ei tenårings jente. Det inkluderer kjærleik, venner og alle andre problem ei tenårings jente kan ha.
Dei seks historiene: (på bokmål)
-Frostrøyk, vanlig røyk og ekser
-Ezelberg park
-Fra innsiden av buret
-Playback
-Nedtelling Alma
-Mitt liv i 2d

Eg synest:
Det var litt kjedeleg på stader og alle historiene hadde den same «personligheita».
Men til motsetting hadde boka interessante ting som ikkje skjer i kvardagen til ein normal person. Også forfattarens humor dokker opp på plasser, og det er ganske morosamt av og til. Korleis forfattaren har skrivd boka er også interessant og annleis.
Min favoritt historie er mitt liv i 2D, som ser ut til å ha vore tenkt meir på enn dei andre forteljingane. Også historia har alle dei nødvendige komponentane på riktig plass.
Forfattaren kunne skrivd om nokre guttar i hovudrollen også. Slik at alle dei som les boka kan på eit eller annan punkt kjenne seg att i det som blir fortalt. Men viss forfattaren berre vil ha jenter i hovudrollen er det greitt, men ikkje forvent at alle guttane vil hive seg over boka.
Eg gir boka terningskast 3. Til og med kanskje ein 4-er. Eg er sikker den vil vere betre for folk som liker denne type av sjanger bok.


Sara Istad

Sara Istad

Skrevet av 25. september 2013 av Sara Istad på Fræna Ungdomsskule

Playback Forteljingar

Forfattar: Liv Eirill Evensen
Sider: 207
Årstall: 2013
Forlag: Omnipax

Boka «Playback forteljingar» inneheld fleire forteljingar, alle om ein spesiell person. Dette er ein bok for jenter, men gutar kan og lese den. Blant dei seks forteljingane er det ein jente som har mista faren sin. Han gjorde sjølvmord. Boka handlar og om ein anna jente som skal dra på ferie til eit utland. Meininga er å sjå seg sjølv inni ein av tenåringsjentene du får høyre om.

Problemet er at då eg las om ein person eg syntest var fullstending uinteressant og ikkje morosam og høyre historia til i det heile tatt, blei det utrolig kjipt. Men då eg endelig trefte på ein person som eg kunne finne meg sjølv i blei det mykje betre og morosamt å lese. Og sjølv om eg ikkje såg meg sjølv i noen av jentene, var historiene deira interessante nok til å vere leselig.

Konseptet til boka var godt, men den ga meg ingen trong til å måtte lese meir. Eg ville også heller ha føretrekke å lese ein heil bok om berre ein av personane, altså den eg såg meg sjølv mest i. Eg gir boka terningkast 3 sidan eg kjeda meg halvparten av tida eg las den.

Til toppen