Minnesota og støvet

Kjartan Hjulstad Gyldendal 2015 30 anmeldelser

Daniel har alltid fulgt i fotsporene til storebroren Moses. Han forsøker å gå som ham, stå som ham og snakke som ham. Brødrene vokser opp i et indianerreservat, i en verden som ikke levner dem særlig håp for fremtiden. Det Vis hele forlagsteksten

Hvordan skrive en anmeldelse

Marthe Wien

Marthe Wien

Skrevet av 12. oktober 2015 av Marthe Wien på Dokka ungdomsskole

Et ekte språk
Sjanger: drama

– Minnesota og storebroren Moses er etterkommere av det amerikanske ur folket, indianere. De bor i et indianerreservat, i løpet av den tiden vil brødrene kjempe seg gjennom en rekke med prøvelser.
Mine ord om boka: boka «Minnesota og støvet» traff meg veldig godt. Historien om de to brødrene ga meg en ekte opplevelse om hvordan indianerne lever sitt liv i et reservat. Her skildrer forfatteren veldig godt mellom følelser, tanker og opplevelser.
Denne boka er flott skrevet for ungdommer med interesse for de amerikanske indianerne og deres nåværende liv i et reservat. Kjærlighet er også et veldig godt «kort i ermet». Forfatteren mixer favorittsjangeren kjærlighet, drama og spenning i en veldig forståelig måte. Nok en grunn til å elske denne boka som meg.
Boka blir aldri kjedelig etter min mening, her bygger forfatteren på den siste avsluttende hendelsen som gir meg et ønske om at det skal bli en serie. Hva vil skje videre med dem?
Til deg: som sagt, hvis du har interesse om en historie som går ut på søskenkjærlighet, et miljø med fare på mange kanter og et spesielt folkeslag skrevet med innblandet setninger på «Lakota», så vil denne boka gi deg en opplevelse som gjør at du vil lese mer!

Terningkast: 6


Jakob Witt

Jakob Witt

Skrevet av 29. september 2015 av Jakob Witt på Sagatun skule

Livet til ein indianar

Denne boka handlar om Minesota, eller Daniel, som lever i eit indianarreservat. Han er heldig som har ein jobb på bensinstajonen, der han kan tene litt pengar. Moses, storebroren hans, jobbar også der, men han liker det dårleg. Derfor begynner han å gjere kriminelle ting, men det er ikkje det einaste problemet han har. Han er også forelska i ei jente som jobbar på bensinstasjonen. I tillegg er han hos den voldelege stefaren, som lagar trøbbel veldig ofte. Ein dag tar dei to brødrene hevn, men stefaren oppdagar det, og det heile endar i ei forferdeleg katastrofe.
Eg synest boka var bra skriven og handlinga var godt skildra. Boka fortel veldig bra i begynnelsen om livet til ein indianar, men slutten var ganske overdriven og veldig usannsynleg. Det virkar som om forfattaren har vore for rask med slutten av forteljinga.
Boka er ikkje for vanskelegt å lese, men heller ikkje veldig lett. Det som kan vere vanskelig er å lese dei indianske orda som kjem veldig ofte i teksten, men resten er greit å lese, men slutten var som sagt ganske brå og brutal.


Camilla Hjelmeland

Camilla Hjelmeland

Skrevet av 25. september 2015 av Camilla Hjelmeland på Sandnes skule

Minnesota og støvet
Kjartan Hjulstad
Gyldendal

«Minnesota og støvet» av Kjartan Hjulstad handlar om to brør som heiter Daniel men blir kalla Minnesota, og Moses som er storebroren hans. Dei voks opp i eit indianerreservat. Det er og mange små leiligheiter der som kanskje bare har to soverom, eit lite bad, stove og kjøkken. Dei jobbar på ein bensinstasjon i lag med ei jente, Cannah, som lyser opp dagane til Daniel.

Ein dag då dei skal følgje Cannah heim, fordi at sjefen deira, som pleier å kjøre ho heim, skulle noko anna. Når dei tre går etter vegen i mørket, møter dei på to politimenn, ein som er litt eldre og ein som er litt yngre. De blir veldig nysgjerrig på kvifor de var ute så seint på kvelden.

Shane, som er stefaren til Daniel og Moses, synest han er dum. Når dei ikkje vil stole på han, så vill han heller ikkje stole på dei. Moses meiner at det er krig mellom Shane og Moses og Daniel. han føler at det er Shane mot dei to.

Daniel er veldig forelska i Cannah, og han trur at dei kjem til å få ei framtid i lag med ungar. Dei rir på ein hest opp på ei mark, der dei legg seg ned på bakken og tenker på forskjellige ting.

Eg gir boka terningskast 3 fordi at eg synest den var litt uinteressant, og det var litt rar at dei skreiv på lakotsk og norsk.

Terningkast: 3

Camilla Hjelmeland 25.09.15


Liv Rigmor Netland

Liv Rigmor Netland

Skrevet av 24. september 2015 av Liv Rigmor Netland på Sagatun skule

Tøff og mjuk på same tid

Daniel Minnesota lever eit liv i fotspora til broren, Moses. Han tykkjer at broren er modig, medan han sjølv er feig. Særleg merkar han dette når Moses og stefaren deira, Shane, startar å krangle. Då gøymer han seg, slik at han slepp å sjå på at Shane slår både broren og mora. Daniel seier til seg sjølv at neste gong skal han vere meir som Moses, tøff og modig. Men når han finn ut at broren skal selje narkotika som ikkje er hans, kjem tvilen smygande. Er det eigentleg lurt å vere modig slik som broren? Og korleis skal han greie å få Canah, hans store kjærleik?

Då eg las denne boka, fekk eg ei kjensle av at ting ikkje var som det skulle. Særleg då forfattaren skildra korleis nokre av personane i boka vart behandla, og korleis miljøet var. Men eg kjente óg på ei god kjensle då det var gode og varme episodar i boka. Særleg då Daniel og Canah var ilag.

Sidan handlinga finn stad i eit indianarreservat, minner boka meg litt om nokre western-filmar eg har sett. Forfattaren har også tatt med ein del indianske ord som han forklarer i boka. Dette er med på å gjere boka original, i tillegg til at heile boka i seg sjølv var eit ope spørsmål, nemleg «Kva vil det seie å vere modig?».

Boka er ei ungdomsbok, heilt klart, sjølv om ho kan røre ved vaksne folk også. Ho var litt vanskeleg å sette seg inn i starten, men spenninga auka og enda på toppen av spenningskurva. Eg vil gi boka terningkast 5.


Oda

Oda

Skrevet av 8. september 2015 av Oda på Sandnes skule

«Minnesota og støvet» – av Kjartan Hjulstad

Daniel, også kjend som Minnesota, har alltid følgt i fotsporane til bror sin, Moses. Dei bur og lever i eit indianarreservat, og der er det ikkje mykje håp for framtida deira. Mykje av livet deira er blanda med dop, alkohol, rasisme, familievald, og kriminalitet. Midt i alt dette er det Canah, jenta med det nydelege smilet. Jenta som lyser opp dagen hans. Livet til Daniel blir snudd på hovudet når storebror hans Moses, viklast inn i ein brutal og farleg ungdomsgjeng. Daniel blir nøydd til å ta eit avgjerande val, ikkje berre for han, men for familien hans og Canah.
For å vere heilt ærleg, så trudde eg at denne boka skulle vere dårleg. Eg er ikkje så frykteleg glad i indianararforteljingar, men eg blei positivt overraska. Boka er spennande, godt skrive og forfattaren bygger opp jamnt til eit spenningspunkt. Eg har ikkje lese noko så kjekt på ei god stund. Forfattaren får fram stemningane godt og du kjenner deg igjen i Daniel sin situasjon. Eg vil tru spesielt personar med eldre søsken vil kjenne seg ekstra godt igjen i denne boka.
Eg gir denne boka terningskast 5 fordi er synst den var veldig godt skreve, karakterane var truverdige og spenninga og handlinga var genialt bygd opp.

Oda Aasgard Tveranger
Sandnes skule 5981 Masfjordnes

Til toppen