Midtsommermåne

Kari Sverdrup Omni 2013 7 anmeldelser

Det er sankthansaften, og alle møtes på Odden – som vanlig, hvert år. Anna, Ella og Janna også. De tre jentene forteller hver sin historie om hva som hendte denne varme midtsommernatten. Og inn i koret blander Markus seg, som Vis hele forlagsteksten

Hvordan skrive en anmeldelse

Laura Østensen

Laura Østensen

Skrevet av 22. november 2013 av Laura Østensen på Åkra Ungdomsskule

I mine tankar Laura Østensen 9F
Tittel: Midtsommermåne
Forfattar: Kari Woxholt Sverdrup.
Bøker i same serie: Det er 4 bøker i serien, som er laga til no. Dette er den siste boka som har kome ut. Den første boka heitte Tilfeldig engel, og kom ut i 2010. Den andre boka kom ut i 2011 og heitte Heksesot. I Kråkeslottet heiter den tredje boka i serien, og den boka kom ut i 2012. Og denne boka, Midtsommermåne, kom ut i år.
Tal på sider i boka: Det er 187 sider i denne boka.
Forlag: Omnipax.
Hovudpersonane: Gjennom heile boka fortel 4 personar om det som skjer, og deira synspunkt på ulike ting.
Anna: Anna er ei veldig pen og snill jente . Nesten alle liker Anna, men bakom den fine maska, er det mage hemmelegheiter som skjuler seg. Ho og Janna er ikkje særleg gode venner.
Janna: Janna har alltid følt seg som nummer to. Ho har alltid vore i skuggen av den kule veninna hennar. Janna er eigentleg ei veldig hyggeleg og snill jente, men ho har gjort mange dumme ting. Ho er veldig flink til å synge.
Ella: Er den jenta som alltid har vore den spesielle i vennegjengen. Ho er ei veldig hyggeleg og omsorgsfull jente. Ho har spesielle evnar, som ho ikkje alltid klarer å kontrollere.
Markus: Har nettopp fått hjarte knust, av ei jente som han var veldig glad i. Markus gjer mykje dumt, utan å tenke at det kan få konsekvensar, men er eigentleg ein veldig hyggeleg gut.
Oppsummering av boka: Alt går føre seg ein sankthans aftan på Odden. For ei lita stund sidan slo Anna opp med Markus, for ho fekk følelsar for ein annan. Ho er fortsatt veldig glad i Markus. Markus og Janna heng saman på sankthansfeiringa, og mange trur at dei er kjærastar. Anna veit ikkje heilt kva ho skal gjere. Ho hata Janna etter det som skjedde for nokon år sidan, og aner ikkje korleis ho skal reagere … Samtidig som dette skjer, har Ella ein viktig ting ho må fortelje Georg, kjærasten hennar. Ho veit ikkje korleis ho skal fortelje det til han…
Tema: Temaet for boka er kjærleik og vennskap. Denne boka handlar om korleis det er å vere forelska, nedturar og oppturar med forelskinga. Den handlar også om kva som kan skje når vennskap utviklar seg til forelsking.
Språket i boka: Eg sliter ikkje med å forstå språket i boka, sjølv om eg er skriver nynorsk. Det er nesten ingen ord eg ikkje har høyrt før. Ho er veldig flink til å skildre korleis dei ulike personane føler seg. F. eks.: “Eg hater henne ikkje. Eg er berre så… svart innvendig. Eller blodrød… eg er eit stort sår som verkar og verkar. Det går over. Det har dei andre sagt.” Her skildra ein av personane i boka, korleis han følte seg etter at det blei slutt mellom han og ei jente.
Mitt inntrykk av boka: Eg synest at denne boka var veldig kjekk, og eg kan godt tenkje meg å lese dei andre bøkene i serien. Det var ikkje ei av dei kjekkaste bøkene eg har lese, men det var ikkje slik at eg sleit meg gjennom den. Eg har veldig lyst til å vite korleis det går med personane vidare, og håper at ho lager ei bok om det og.
Terningkast: Eg gir boka terningkast 5, fordi det var ikkje den beste boka eg har lese, men slett ikkje den verste.


Birk

Birk

Skrevet av 18. november 2013 av Birk på Fræna ungdomsskole

Midtsommermåne
Forfatter: Kari Sverdrup
Forlag: omnipax
Sider i boka: 187
Boka midtsommermåne handler er om tre jenter som forteller hver sin historie om hva som hendte denne varme aften. Men så begynner guttene å blande seg inn.
Markus klarer å setter ord på opplevelsen av å bli dumpet .
Det handler boken om.
Jeg syns boka var litt forvirende fordi jeg fikk ikke helt med meg inn holde i boka.
Den var litt rotete skrevet syns jeg. Jeg ville anbefalt boka til de som er 14-18 år.
Jeg gir terningkast 3

Til toppen