Aksel har nettopp begynt på videregående og planlegger en rolig helg mens foreldrene er bortreist. Men da det plutselig står en mann i dress på kjøkkenet og peker på ham med en revolver, ser helgen ut til å bli alt Vis hele forlagsteksten
Aksel har nettopp begynt på videregående og planlegger en rolig helg mens foreldrene er bortreist. Men da det plutselig står en mann i dress på kjøkkenet og peker på ham med en revolver, ser helgen ut til å bli alt annet enn avslappende. I siste liten klarer Aksel å rømme, og med den ukjente mannen hakk i hæl må han finne ut hva i all verden det er som foregår, og hvorfor noen er ute etter ham. Han har da ingen fiender? Snart finner han ut at det ikke bare er ham mannen er ute etter. Og med ett står Aksel midt i sitt livs mareritt.
Hvordan skrive en anmeldelse
Mats Hustad Holen
Skrevet av 5. oktober 2016 av Mats Hustad Holen på Bud barne- og ungdomsskule
Tenk om ein mann står på kjøkkenet ditt å peikar på deg med ein revolver. Denne boka hadde på ein måte fleire historier i seg. Eg fekk ikkje innlevd meg i boka på grunn av all skiftinga mellom personar, og troverdigheiten var ikkje heilt god. Boka hadde varierte speningstoppar, det var bra. Men boka er veldig usansyneleg. Eg anbefalar ikkje denne boka fordi den var forvirrande og kaotisk.
Eg gir boka eit terningkast 3-4, på grunn av når eg først fekk innleve meg i teksten datt eg ut att. Det var ikkje noko vanskeleg å leggje frå seg boka syntest eg. Det var nokre spenningstoppar i boka og det blei det pluss på. Denne boka var ikkje noko særleg lærerik og den kunne svert usansyneleg skje i virkelegheita.
Ole Martin
Skrevet av 5. oktober 2016 av Ole Martin på Bud barne- og ungdomsskule
Boka handlar om guten Aksel. Han har nettopp begynt på videregående, han planlegg ei roleg helg mens foreldra er borte. Men så kjem det heilt plutselig ein ukjent mann med revolver og peiker på han.
Boka var dårleg!
Eg syns boka var dårleg fordi det var mange ting som ikkje hang saman, det var ein heller dårleg flyt. Det var fleire stader der det var eit ord skrivd anten to gonger, eller var skrivd feil. Det var lite spenningstoppar som var gripende, og når det var noko som begynte å ligne på ein god spenningstopp begynte det fort å gå nedover igjen.Eg syns boka blei fort uinteresant. Det var fleire ganger eg hadde lyst til å legge frå meg boka og berre gå. Her meinar eg at forfattaren burde ha forklart bedre kva som skjedde.
Eg syns ikkje boka passar til nokon spesiell gruppe, men visst eg skulle valt kven eg skulle gitt boka til hadde det stått mellom ein krim elskar eller papir søpla.
Eg anbefalar derfor å ikkje lese denne boka. Det var verken gode spenningstoppar eller ein god flyt gjennom boka. Så med mindre du likar dårlege bøker, ikkje les denne boka!
Over alt, eit terning kast 1
Tuva Mjanger Sivertsen
Skrevet av 5. oktober 2016 av Tuva Mjanger Sivertsen på Sandnes skule
Tuva Mjanger Sivertsen
Sandens Skule
Tittel: «Man dør litt hver dag»
Forfattar: Arve Svingen
Sjanger: Thriller
Handlinga: Arne har nettopp begynt på vidaregåande og planlegg ei roleg helg medan foreldra er bortreist. Men helga blir heilt annleis når det plutseleg står ein mann i dress på kjøkkenet og peikar på ham med ein revolver. Aksel klarer å rømme, men mannen er ikkje bare ute etter han. Aksel står plutseleg midt i hans livs mareritt.
Oppleving av boka : I denne boka føregår det ei parallellhandlig, noko som gjer boka mykje meir spennande. Ein får ulike synspunkt hos menneska og hendingar som skjer. Eg synest boka var litt treig i starten, men eg kom godt inn i den etter kvart. Den blei meir og meir spennande. Forfattaren skildrar utroleg godt, slik at eg kan sjå føre meg hendingane. Han brukar mykje «ungdoms-språk», som eg kjenner meg igjen i. Eg følte at eg blei godt kjent med karakterane. Boka var også litt trist, fordi det var så realistisk og gripande. Slutten på boka var ikkje forventa, men det gjekk fint. Boka var lett å lesa, men av og til går det litt for fort fram.
Oppsummering: Eg synest forfattaren kom med mykje gode bodskap til oss. Boka fekk meg til å tenkje, at dette skjer faktisk i verkelegheita. Det beste med boka er at den er spennande. Det skjer alltid noko nytt og uforventa. Grunnen til at eg ikkje gir den boka terningkast 6, fordi boka gjekk for fort fram, og det var vanskeleg å følgje med nokon gonger. Men alt i alt ein super bok, anbefalast å lesa den!
Terningkast: 5
Daniel Engdal
Skrevet av 3. oktober 2016 av Daniel Engdal på Hyllestad skule
Man dør litt hver dag
Aksel kom heim til at huset sitt ikkje var tomt som det eigentleg skulle vere når han kom heim att vidaregåande, han kom heim att til at det sat nokon i stova heime hos han med ein pistol og hadde lagd eit tau med ei løkke som hang ned frå tak vifta. Men ting gjekk ikkje som mordaren ville og han kom seg unna. Etter det var spenningstoppen når han var ute i byen og visste at han hadde mordaren i hælane men han kom seg utruleg nok ned i ein gammal kjellar og gøymde seg.
Boka var ei bra bok men ganske vanskeleg og forstå oppsettet i og med at det er forskjellige synsvinklar som bytar altfor ofte i mi meining, over 3 forskjellige personar. Men utanom det var boka ganske godt skreve og kanskje ein av den beste bøkene eg har lest. Men korleis boka var satt opp trekkjer litt ned. Eg opplever boka som at den alltid har det vesle spennings momentet. Dette er ei bok som eg gjerne skulle sett nominert til u-prisen 2016.
Eg gir terningkast 5
Kristine Titland
Skrevet av 1. oktober 2016 av Kristine Titland på Lindås ungdomsskule
Spennende fra begynnelsen til slutt!
Tittel: Man dør litt hver dag
Fra min tolkning er denne boken under sjanger krim og spenning.
Boken handler om en vanlig skolegutt som planlegger en rolig helg mens foreldrene er bortreist. Men da en mann i dress dukker opp inne i leiligheten hans, blir helgen å de neste dagene snudd helt opp ned.
Boken fanget interessen min med en gang. Spenningen begynte fra side en, og fortsatte gjennom hele boken. I boken er det parallelle handlinger, så vi følger forskjellige personer gjennom samme tid. Litt før slutten samles alle personene på samme sted og de forskjellige historiene vi har fulgt gjennom boken blir samlet.
Det dukket opp mange spørsmål gjennom historiene som man ikke fikk svar på med det samme, og det skapte en skikkelig krim følelse. Slutten av boken hadde mange svar og jeg fikk en bra oversikt over hva sammenhengen med de forskjellige personene var. Det var en veldig uventet slutt, men en bra en.
Språket: Det var en del banning og grovt språk i boken, men det passet til sjangeren og aldersgruppen, og virket derfor veldig realistisk.
Bokens styrke: Forfatteren har skrevet boken slik at det er vanskelig å ligge den fra seg. Det kommer mange forskjellige spenningsstopp i boken, og gir derfor leseren leselyst.
Jeg syntes forfatteren har formulert setningene godt, og det var enkelt og forstå hvor handlingen skjedde, hvem det gjaldt, og hvorfor. Boken var lett å lese.
Jeg vil derfor gi boken terningkastet 5.
Vis flere anmeldelser