Jag är supermann

Lars Mæhle Samlaget 2017 71 anmeldelser

Bjørn, Eskil og ei svensk jente dreg ned til elva for å bade. Syriske Aya kjem til Sunndalsøra etter å ha flykta gjennom heile Europa. Anders blir besøksvenn på aldersheimen for å imponere Marianne. Karl gruar seg for å halde Vis hele forlagsteksten

Hvordan skrive en anmeldelse

Maren Hjelmeset Kirkeeide

Maren Hjelmeset Kirkeeide

Skrevet av 7. september 2017 av Maren Hjelmeset Kirkeeide på Stryn ungdomsskole

Boka jag är supermann handlar om forskjllige ungdomar som er i Sunndalsøra. Nokon av dei bur der, ei har nettop flytta dit, ei har blitt sendt dit for å bli kvitt eit dårleg miljø og ei er der fordi ho treng ei pause frå kvardagen. Alle har heilt forskjellige historier og er der av heilt forskjellig grunn, men alle historiene har litt til felles og personane i dei forskjellige historiene møtast i dei andre sine "liv". Eg synest nokre av kapittela var litt rare og forvirrande, mens andre var meir spennande. Eg likte at starten var in medias res, men eg synest at innholdet i starten var livlaust og langsomt. Innholdet i resten av boka var greit, men noko av det var litt uinteressant. Det siste kapittelet likte eg beire og slutten var uventa, men god og eg likte den. Eg likte at boka var skreven slik at enn hoppa frå person til person mellom kapittela, men eg synest at forfattaren kunne tatt med meir om alle personane i det siste kapittelet. Boka er ei god ungdomsbok, men den er ikkje heilt min smak. Terningkast 4.

Til toppen