Isla Bonita

Terje Torkildsen Samlaget 2019 47 anmeldelser

Carlo trekkjer pusten og fyller lungene med frisk sjøluft. Strekkjer ut armane og smiler mot alt og alle. Skjøner ikkje kva som ventar han. Veit ikkje betre. Aner ikkje at denne vesle øya langt ute i Atlanterhavet vil forandra livet Vis hele forlagsteksten

Hvordan skrive en anmeldelse

Øyvor

Carlo på ferie

Skrevet av 15. november 2019 av Øyvor på Vågå ungdomsskole

Eg har lese Isla Bonita av Terje Torkildsen. Boka handlar om ein gut som heiter Carlo som er 16 år gamal og som reiser på ferie med den rare kunstmora si. Carlo blir forelska i ei mystisk jente.
Eg synest denne boka var midt på treet. Spenninga og sjølve boka startar veldig treigt. Vanskeleg å skjønne overskriftene på grunn av at dei står på spansk. Veldig brå slutt, men når spenninga først begynte var det veldig spennande. Når eg begynte å lese boka klarte eg nesten ikkje å leggje den frå meg. Det var mange bra handlingar i boka. Boka var også god å forstå
Terningkast: 3/6


Thea A. Karsten

kva skjer

Skrevet av 15. november 2019 av Thea A. Karsten på Vågå ungdomsskole

Carlo er på ferie med mora. Alt går som planlagt til han ser ho frå det augeblikket blir alt forandra og heile livet til Carlo blir snart forandra utan at han veit det.

– Det går for lenge før det skjer noko i boka
– I starten er det nokon spanske ord som det ikkje er lett å vite kva skal bety
– Dei er ca dei 60 siste sidane som er med spennande.
– Når du les slutten så kan du ikkje legge frå deg boka.
– Mi meining er at han ikkje burde bruke så lang tid før det skjer noko i boka. Men når det skjedde noko så var det ganske spennande.

Terning : 4


Ivar :)

Isla Bonita/ein heilt ok bok :)

Skrevet av 14. november 2019 av Ivar :) på Bud barne- og ungdomsskole

Denne boka handlar om ein gut som heiter Carlo som er 16 år gammal. Carlo reiser til Syden med den rare mora si som er kunstnar. Carlo såg fram til ei roleg ferieveke i varmen, men slik blir det ikkje. Dei reiser til Isla Bonita (beautiful island), som er ein øy full av skumle folk og store mysterium. I løpet av turen møter han ein jente som heiter Julieta. Moren til Carlo er litt rar, ho gjer litt rare ting og litt morosame ting. Eg følar at boka hadde ein bra handling, men den var ikkje så lett å forstå. Det gjer at eg føler at boka ikkje er for dårleg og ikkje kjempebra heller, så derfor synst eg denne boka er ein heilt ok bok 🙂 Terning kast 4 : :


Kitty

Carlo på ferie

Skrevet av 7. november 2019 av Kitty på Bud barne- og ungdomsskole

Dette er ein bok om 16 år gamle Carlo som drar på ferie på ei lita øy som heiter Isla Bonita. Han drar dit med sin masete og litt spesielle kunstnarmor. Han forelskar seg i den dansande jenta ved kaia, og blir etterkvart kjent med ho. Denne mystiske jenta spelar ei stor rolle i boka, fordi når Carlo blir involvert i livet hennar, begynner det å bli farleg, og det var ikkje som han trudde det skulle bli. Carlo var ikkje på nokon vanleg ferie.
Eg synest denne boka var midt på treet fordi den var skikkeleg treig. Den brukte nesten 100 sider på å bli spennande. I starten var det ingenting som skjedde, berre mykje skildring av kva Carlo såg, høyrde og lukta. Ein person i denne boka som eg ikkje likte var mor til Carlo. Ho var masete, irriterande, vimsete og barnsleg.
Slutten var eigentleg ikkje så dårleg, eg berre kom meg aldri inn i boka. Eg følte aldri at eg fekk levd meg inn i ho. Kanskje denne boka berre ikkje passa til meg, men kan godt hende ein annan ungdom på vår alder kan elske den.
Terningkast: 3/6


Nikolai Schyttelvik

un buen libro

Skrevet av 7. november 2019 av Nikolai Schyttelvik på Vågå ungdomsskole

Boka handlar om ein gut som heiter Carlo som skal til ei øy med den rare kunstnarmora si. Der møter han ei mystisk jente som han forelskar seg i.

Eg likte ikkje boka fordi det var for lite spenning for meg. Mykje av dette kan skje på ekte, å da blir det kanskje ikkje så spennande. Eg såg at forfattaren brukte ord som ''jumpar'' og det er ord vi ungdommar ikkje brukar så ofte. Forsida på boka gjer slik at andre får lyst til å lese den. Den var lettlese og passe med tekst. Terningkast: 2/6

Vis flere anmeldelser

Til toppen