Jon flyttar til ei øy i havgapet med legemor si. Det vakre landskapet skjuler stygge løyndommar; for kvifor må ungdommane ut av ungdomshuset før klokka 19:33, og kva er det demente frk. Hansen eigenleg prøver å fortelje Jon? Kva har Vis hele forlagsteksten
Jon flyttar til ei øy i havgapet med legemor si. Det vakre landskapet skjuler stygge løyndommar; for kvifor må ungdommane ut av ungdomshuset før klokka 19:33, og kva er det demente frk. Hansen eigenleg prøver å fortelje Jon? Kva har 2. verdskrigen å gjere med alt det mystiske som skjer?
Hvordan skrive en anmeldelse
Morten Korsøen Fjellby
Skrevet av 25. september 2015 av Morten Korsøen Fjellby på Sandnes skule
Bokmelding
Bok: Glimt
Forfattar: Tor Arve Røssland
Denne boka fortjenar U-prisen!
I denne boka møtte me to 15 år gamle ungdommar, Jon og Solveig. Dei bur på ei lita øy som heiter Grovøy. Boka er frå to forskjellege tidsperiodar. Solveig er ei normal jente i 2 verdskrig og Jon er ein gut som har litt sosiale problem i no tida. Solveig blir tatt av naziane i 2 verdskrig når naziane invaderer Grovøy. Ho blir fort hushjelpen til ein tysk kommandør som er egentlig veldig snill. Men den andre kommandøren, Steiner, er veldig slem og ekkel. Jon er ein sjenert gut som har nettopp flytta til Grovøy fordi mora jobbar der. Han får snart auga på ei jenta som heiter Rebekka som han prøver å bli saman med.
Eg synest denne boka er ein av dei beste bøkane eg har lest. Den er vel oppbygd og har mykje spenning og er interessant. Eg har aldri vore så inn i ei bok som eg har våre i denne og eg vil anbefale denne boka til alle som likar spenning og historie bøke.
Terningkast: 6
Jørgen Einestrand
Skrevet av 10. september 2015 av Jørgen Einestrand på Sandnes skule
Bok: «Glimt»
Forfattar: Tor Arve Røssland
I denne boka møter me to 15 år gamle ungdommar, Jon og Solveig. Dei bur på vesle Grovøy. Jon har nett flytta ut her, og Solveig er på veg inn til fastlandet for å bu på barneheim. Dei to ungdommane har mykje til felles, men det er ein ting som er forskjellig. Det er at det er ca. 75 år i mellom dei. Jon sin historie går føre seg i notid, og Solveig sin historie startar i april 1940 då tyskarane okkuperte Noreg.
Då tyskarane kom til Grovøy vart Solveig raskt gjort til ei tenestejente. Den tyske kommandanten tek over huset, og dette gjer at ho ikkje treng å flytte til fastlandet. Når den tyske kommandanten flyttar inn i huset til Solveig skjer det noko mellom Solveig og venane hennar, og dei mistar kontakten. I historia skjer det noko med Solveig, som ho kjem til å hugse resten av livet.
Jon prøver å skaffa seg nye venar, men det er ikkje lett for han når orda heng seg oppi munnen hans. Men etter han flytta til Grovøy har han møtt eit band, som øver i ungdomshuset. Dei vert fort gode vener, og Jon vert grenselaut forelska i Rebekka som spelar trommer i bandet. Jon oppdagar fort at det er noko rart med dette ungdomshuset. Kvifor må dei ut til klokka 19.33? Kva er dei skikkelsane, og lydane han høyrer?
Eg gjev boka terningkast 6.
Dette gjer eg fordi eg synst det er ei veldig spennande og lærerik bok der du får med deg det som skjedde der under krigen, og det som skjer i no tid. Eg vil anbefale boka til alle som likar spenningsbøker eller dei som likar historie.
Jørgen Einestrand
Sandnes skule