Galderstjerna

Asbjørn Rydland Samlaget 2016 19 anmeldelser

Etter at Eirik og mora held på å køyre på ein sølvrev på veg heim til det nye huset sitt, står merkelege hendingar i kø: Ein framand mann slår Eirik i svime, og han vaknar opp med eit mystisk runesymbol Vis hele forlagsteksten

Hvordan skrive en anmeldelse

Jonas

Jonas

Skrevet av 15. desember 2016 av Jonas på Hyllestad skule

Galderstjerna er ei fantasy bok om Eirik som er kome inn i eit nytt univers som liknar veldig på dataspillet som kompisen og han speler over nettet. Det er mykje mystiske og underlige handlingar som for eksempel at Eirik blir slått ned og vaknar opp med ein tatovering.
Boka er ein veldig fin og god bok å lese for ungdom. Det er lenge sidan eg har funne ein so god bok i fantasy sjangeren som denne. Eg syntes det var rikelig med action og veldig fine og jamne mellomrom med historie. Den kan kanskje minne litt om Hobbiten men den set sitt eiga preg på det.
Språkeleg syns eg den er bra formulert og eg likar den uventa slutten. Forfattaren har verkeleg fått til å skildre og har verkeleg fått til at boka blei so levande som mulig.
Terningkast: 6


Stina Nordland

Stina Nordland

Skrevet av 12. desember 2016 av Stina Nordland på Sandnes skule

Forfattar: Asbjørn Rydland
Tittel: «Galderstjerna – Vegandi»
Sidetal: 333

«Galderstjerna» er ei fantasy-bok om Eirik, som etter å ha vorte slått ned, vaknar han opp på legevakta med ei ukjend tatovering. Seinare hamnar han i eit anna univers, ufatteleg likt spelet «Reborn».
Boka byrjar bra, og interessant. Den er også in medias res, men det er ikkje vanskeleg å skjøne handlinga. Eg opplever også at det hender noko heile tida, som eg finn særs positivt. Me får også eit godt innblikk i Eirik sine tankar, som er flott, då det fengjer lesaren. Boka minnar om «Ringenes herre» eller «Hobbiten», noko som eg syns er ganske kult. Likevel er den original, og slutten er litt uforventa. Handlinga er, overraskande nok, overnaturleg, men forfattaren formar personane på ein måte som gjer boka levande, og skildringane er ulikt andre ting eg har lese. Det er heller ikkje mange personar å halde styr på, men heller ikkje for få. Det som også imponerer meg, er den raude tråden, som er veldig synleg frå byrjinga av.
Forfattaren har gjennom heile boka eit variert og gjenkjenneleg språk. Boka er også ei av dei få som er skriven på nynorsk, noko som endrar historia litt, ettersom den verkar meir verkeleg. Dei få banneorda som er i, fungerer veldig bra, ettersom det formar boka på ein ungdommeleg måte. Det er også eit par norrøne setningar og ord, som gjev forteljinga karakter. Same med navna og uttrykka.
Eg likte denne boka veldig godt, og den passar godt, både til gutar og jenter. Den bør også verte nominert til Uprisen. Likevel er boka i overkant lang, noko som trekkjer ned. Det er ikkje eit stort problem, men nok til at boka ikkje får høgaste terningkast.
Terningkast: 5


Inga

Inga

Skrevet av 12. desember 2016 av Inga på Volda ungdomsskule

Galderstjerna
Forfattar: Marius Renberg Sjanger: Fantasi Forlag: Samlaget

Det er ei bok som handlar om ein gut som heiter Eirik og har nettopp flytta til ein gard men foreldra. Det er mykje rart som skjer dei første dagane, blant anna nokon som raserar låven og slår ned Eirik. Men plutseleg er han i ei parallell verd utan å vite noko. Denne verda liknar farleg mykje på eit dataspel han spelar. Etter kvart møter han og ein figur frå spelet og dei prøver å hjelpe kvarandre. Eirik med å komme heim og figuren å finne nokon.

Eg syntes boka var veldig spennande og bra skrive. Fantasi er min favorittsjanger så det er eit lite pluss. Då eg las den hadde den ikkje fått framside enno, og då eg såg den var den ikkje slik eg hadde førestelt meg. Eg las den og på A4 ark noko som gjorde leseopplevinga veldig spesiell, men det gjekk heilt greitt. Og det at den startar i ein handling er eit pluss i ei ungdomsbok. Eg trur nok at den kan vere vanskelegare for vaksne å forstå fordi dataspel er ein så stor del av den. Boka var ganske truverdig, men sidan det er fantasi veit ein jo at det ikkje kan skje. Eg likte boka, men trur ikkje eg ville nominert den til ei av dei fem beste. Språket i boka var passande meiner eg og det var ikkje overdrive, noko som gjorde den relativt lett å lese. Den er og spennande store deler av den, men av og til er det litt dødt.
Eg gir boka terningkast 4.


Trine Helene Arntsen

Trine Helene Arntsen

Skrevet av 5. desember 2016 av Trine Helene Arntsen på Ankenes skole

Vegandi
Galderstjerna

Galderstjerna er en bok om en gutt som liker dataspill og som merker mange merkelige ting som har hendt han den siste dagen. Helt uten at han vet hvordan eller hva som skjer er han plutselig en helt annen plass i en parallell verden som ligner farlig mye på den i dataspillet. En verden med runer, guder og fiender som vil ha han død eller levende.

Galderstjerna er første bok i serien Vegandi som er veldig spennende og som passer for alle. Den er ikke lik noen fantasy historie jeg har lest før og forfatteren har fått med seg mange ting uten at det blir for vanskelig å følge med på handlingen. Hovedpersonen er en gutt, men jeg synes den passer like mye til gutt som til jente, hvis man bare liker sjangeren.

Helt ærlig syntes jeg at denne boken er en av de beste fantasy bøkene jeg har lest som er for ungdommer, og jeg vil gjerne at flere lesere skal ha samme gleden av å ville lese denne boken. Jeg gir den derfor terningkast 6

Til toppen