Engel i snøen
Det er vinter, og det snør, men ikkje alle er ute og leikar i snøen. Nokon orkar berre å stå ved vindauget og sjå ut på snøkrystalla. Nokon vil ikkje at pappa skal vite at ein har vondt, sjølv om Vis hele forlagsteksten
Det er vinter, og det snør, men ikkje alle er ute og leikar i snøen. Nokon orkar berre å stå ved vindauget og sjå ut på snøkrystalla. Nokon vil ikkje at pappa skal vite at ein har vondt, sjølv om Vis hele forlagsteksten
Andrine Hovland
Skrevet av 5. september 2016 av Andrine Hovland på Hyllestad skule
KAMP OM LIV OG DØD
Dette er ei lettlestbok, der vi har ein hovudperson som er på sjukehus. Det står ikkje noko om kor lenge ho har vore innlagd eller kvifor ho er innlagd, men det tyder på at ho har vore der ei stund sidan ho kjenner mange som også har budd der, og som har reist att. Mora hennar er død og det er berre ho og faren som bur saman. Ho lærer å spele piano av ei anna jente, som etter kvart går bort, og har mykje glede av å spele.
Eg opplevde denne boka som ganske kort, og lettlest bok. Ein må tenke ein del for å skjønne teksten. Det som gjer at eg synest boka var dårleg var at ein ikkje fikk vite så mykje om personane og kvifor dei hadde hamna på sjukehus. Ein får heller ikkje vite noko om korleis personane ser ut, kva dei heiter eller kor gamle dei er. Eg synest boka i grunn var ganske trist.
Boka starta ganske treigt og ein fekk ikkje vite noko særleg om handlinga før i 2.-3. kapittel, men etter kvart begynte eg å skjønne meir av innhaldet. Handlinga hadde ikkje noko spenningspunkt og høgdepunkt/vendepunkt. Dette gjer at eg synest boka var keisam. Dette er noko som sannsynleg kunne skjedd i verkelegheita.
Boka får terningkast 2 av meg.