Eg blir her

Ann Helen Kolås Ingebrigtsen Samlaget 2022 22 anmeldelser

Oda er 16 år og bur saman med faren og besteforeldra sine i ei lita bygd på Vestlandet. Ho gler seg til å henge med kjærasten Sondre heile sommaren og til å vise han den vakre naturen på heimplassen sin. Vis hele forlagsteksten

Hvordan skrive en anmeldelse

Oliver Haugen

Eg blir her

Skrevet av 20. oktober 2022 av Oliver Haugen på Lom ungdomsskule

Boka handlar om ei 16 år gammal jente som heiter Oda. etter at mora til Oda døde, starta faren hennar ein pub i stova si. Oda gleda seg til å vera i lag med kjærasten sin, Sondre.
Men så skjer det noko…

Boka var heilt grei. Eg kom ikkje inn i boka før eg kom til rundt 50 sider, men etter det har boka vore god å lese i.


Skrevet av 5. oktober 2022 av på Lom ungdomsskule

Etter at mora til Oda døydde har far hennar byrja å drikke. Han drikk heile tida og har laga pub i stova si for turistane som skal på tur i området. Han sitt oppe heile natta og spelar songar. Oda bur også i lag med besteforeldra sine. Oda er 16 år og har gledd seg til sommarferien lenge. Ho og kjærasten Sondre skulle endeleg få vore ilag. Ho gler seg til å vise han bygda og dei finaste stadane ho veit. Daniel har far sin der og kjem til bygda for sommaren. Han dukkar alltid opp der Oda er og irriterer henne. Ein dag skjer det noko med far til Oda som skulle øydelegge alt.

Eg tykte boka var heilt grei og at ho var bra skreve. Det var gode skildringar men ikkje så mykje som skjedde.

Til toppen