Djevelen vil alltid finne deg

Lars Mæhle Samlaget 2019 69 anmeldelser

Ein mystisk familie, kledd i gamaldagse klede, flyttar inn i nabohuset til Onu. Inne i ei grotte finn Onu og klassekameratane Alex og Irmelin svarteboka til Djevelen. I boka blir det fortalt om det svarte fosteret. Det nærmar seg Valpurgisnatt, Vis hele forlagsteksten

Hvordan skrive en anmeldelse

Tomasz

Djevelen vil alltid finne deg

Skrevet av 12. desember 2019 av Tomasz på Hisøy skole

"Djevel vil alltid finna deg" er ei bok skrive av Lars Mæhle og forlaget er Samlaget.

Boka handlar om to gutar som heiter Onu, Alex og ei jente som heiter Irmelin. Onu og Irmelin blir venner på grunn av Alex. Ein dag så presenter læraren for dæm noko om djevelen. Det får dei til å bli engasjert i dette temaet. Dei får vita at det finst ein svart og mørk djevelbok eit stad ute i naturen. Så dei bestemmer seg til å leita etter den. Ein dag støttar alle tre på ei diger hòle. Dei bestemmer å gå sakte inn for å utforska. Dei blir skremde av flaggermus, men dei går vidare. Plutseleg støttar dei på ein kiste. Det er då livet dokkers blir mørkare enn det er frå før. Dei finn boka til djevelen.

Språket i boka er nøytralt. Fleire av setningane har ei god lengde. Hvar og ei side har ein meining som fører til ein god slutt. Viss du går glipp av nokon sider så kan det hendet at det blir vanskelegare å forstå kva som skjer vidare i boka.

Min opplevelse av boka "Djevel vil alltid finna deg" er god. Starten kan høyrast kjedeleg ut, men spenninga blir bygd ut. Forfattaren har fått boka til å høyrast realistisk ut på grunn av framsida og skildringane.

Totalvurderinga min er at det er ei god bok for alderen 12 og oppover. Mange av delane i boka er realistiske. Spenninga kjem jo meir du lesar.
Terningkastet mitt er 3/4


Leah

Finnes djevelen?

Skrevet av 12. desember 2019 av Leah på Hisøy skole

Djevelen vil alltid finne deg.
Forteljinga handlar om guten Onu som er 15 år. Han lever aleine med mora, langt unna byen. Det bor få menneske der, men ein dag flyttar det ein ny familie inn som vekker oppsikt. Samtidig skjer det mykje rart som vil få deg interessert i bokas handlingar. Og FINNAS det djevlar?
Eg synes boka i starten virka litt uinteressant og tom, men etter kvart begynte det å skje hendingar som fikk meg til å opne øyane for at boka burde blitt gitt en sjanse til. Prologen i starten gjorde slik at eg ønsket å få lese vidare og finne ut kva som skjer. Det er tre hovudpersonar som vi følger, dei opplev mykje sprøtt og spennande som er gøy og få med sei. Den nye familien verkar så mistenkelige at du heile tida må vite kva som er greia med dei, dette gjorde boka litt betre. Slutten er litt forvirrande og deler av slutten var kanskje litt unødvendig.
Personlig er eg ikkje super fan av bøker der unaturlige ting skjer, eg likar det betre når det er ting som faktisk kan skje og med et innhald der handlingane skjer i røyndommen. Da er det enklare å få alt med seg, men boka hadde gode skildringar og noen veldig godt skrevet augeblikk underveis. Det einaste negative var at « mellomspillet » som var frå starten til spenningstoppen varte utruleg lenge og det blei litt kledeleg.
Alt i alt vil eg si at eg likte boka, men på grunn av at eg ikkje er så stor fan av denne sjangeren blir det litt negativt i mine auger. Men boka i seg sjølv var bra, det er et godt og ungdommelig språk men et artig og spennande innhald.
Terningkast 3+


Alexander

djevelen er gjemt i oss alle

Skrevet av 12. desember 2019 av Alexander på Hisøy skole

Djevelen vill alltid finn deg blei skriven av Lars Mæhle. Lars Mæhle er ein norsk forfattar og blei født i 1971. Han har skriven bøkane jag år supermann og grøss og gru den tolte spelaren. Djevelen vil alltid finne deg er ei god bok med sterke personar med sterk personlege. Boka har problem med å lage spennande situasjonar eller cliffhangere. Eg likte korleis boka klarte å bytte side. I boka tenkar vi at familien korp skal ha eit stanistisk ritual og hovudpersonen prøvar å stoppe de, men i slutten blei det avslørt som snur alt på hovudet og setter alt saman. Før slutten, var det mange hull i boka og hovudpersonen gjorde dumme val, til dømes, hovudpersonane leta etter djevelen sin bok aleine utan hjelp frå forledane. I slutten finner vi ut at Onu var djevelen og det er svaret til alle spørsmåla. Normalt er hovudpersonen på den gode sida, men i djevelen vil alltid finne deg er Hovudpersonen på den dårlige sida. Eg likte slutten i boka og resten av boka var god. Denne boka er for ungdommar. Eg gir djevelen vil alltid finne deg eit terningkast 5.


olea

ei spennande bok

Skrevet av 12. desember 2019 av olea på Vågå ungdomsskole

boka er veldig bra, lett og lese og ho er fylt med spennande mysteriar.

det handlar om tre ungdommar som utforskar ei grotte der dei finn ei bok. det har også flytta nokre nye folk inn i nabolaget, men det er noe rart med dei, så Irmelin, Onu og Alex prøver å finne ut om familien da dei plutseleg finn ut av ein stor hemmelegheit.

Boka er passe lang og ho har mykje spenning. ho er lett og forstå. det er ei type bok som overraskar deg og det er veldig bra.


Simon

Veldig spennande men kjedelig bok!

Skrevet av 12. desember 2019 av Simon på Hisøy skole

Djevelen vil alltid finne deg handlar om Onu og vennane hans som prøver å løyse eit mysterium om dei nye naboane deira. Mens du leser boka oppstår det veldig mange spørsmål som du får svar på etter kvart.
Eg syns denne boka var spennandes og interessant. Han ble litt kledeleg til tider men spørsmåla han skapa, gjorde han god. Eg fikk tenkje mykje over spørsmåla og fikk lage mykje bilete i hovudet. Forfattaren bygde opp boka på ein god måte. Boka hadde ein veldig uventa slutt. Slutten var omtrent det omvendte av det eg hadde sett for meg. Eg syns det var bra at man fikk svar på alle spørsmåla på slutten men forfattaren kunne heldt igjen litt. Eg syns lesaren burde fått tenke litt meir sjølv på slutten. Eg syns epilogen ble litt lang og unødvendig kledeleg.
For å oppsummere denne omtala, vil eg sei at eg syns denne boka var litt kjeisam til tider men den var også spennande av og til og hadde en god slutt. Eg syns at denne epilogen var litt unødvendig. Eg vil anbefale denne boka for ungdom som liker spenning og uventa endingar. Eg gir denne boka eit terningkast 4.

Vis flere anmeldelser

Til toppen