Ein mystisk familie, kledd i gamaldagse klede, flyttar inn i nabohuset til Onu. Inne i ei grotte finn Onu og klassekameratane Alex og Irmelin svarteboka til Djevelen. I boka blir det fortalt om det svarte fosteret. Det nærmar seg Valpurgisnatt, Vis hele forlagsteksten
Ein mystisk familie, kledd i gamaldagse klede, flyttar inn i nabohuset til Onu. Inne i ei grotte finn Onu og klassekameratane Alex og Irmelin svarteboka til Djevelen. I boka blir det fortalt om det svarte fosteret.
Det nærmar seg Valpurgisnatt, natta då djevelen skal fødast på ny. Kva har den nye og merkelege nabojenta Regina med dette å gjere? Og kven i bygda er til å stole på?
Hvordan skrive en anmeldelse
Djevelen skal finne deg!
Skrevet av 13. desember 2019 av Jonathan på Hisøy skole
«Djevelen vil alltid finna deg» er ei bok av Lars Mæhle. boka handlar om hovudpersonane Onu, Irmelin og Alex, dei er 15 år gamal. Ein dag finn dei ei bok kalla «svarteboka», det er byrjinga på noko rart. Boka er nemleg djevelen sin.
Forholdet mitt til denne boka var at ho ikkje var så gøy. Mesteparten av boka var kjedeleg, det skjedde ikkje noko gøy, så det var lite spennande. Slutten av boka var faktisk den beste delen, men sidan det var det eine gøye som skjedde i boka trekker det ned i terningkast. Eg skulle ønske at slutten gjekk over litt større tidsrom, dette er sidan slutten var veldig kort og kompakt og handlingane var litt vanskeleg å få med seg. Når eg hadde lese litt inn i boka gjekk det veldig treigt. Det skjedde ikkje noko spennande. Dette er tipset mitt til deg Lars og det er at du må ha meir spenning, det er det ungdommar vil ha no til dags. Eg vil gi denne boka ein 3+, fordi det skjedde lite spennande som sagt og den var bygd opp på ein litt rar måte. I midten av boka hadde eg berre lyst å slutta å lesa, så kjedeleg var den.
Djevlen vil finne deg!
Skrevet av 13. desember 2019 av Felix på Hisøy skole
Boka «Djevlen vil alltid finne deg» er ei bok skrive av Lars Mæle og som konkurrerer for å bli den beste ungdomsboka i uprisen. Boka vart gitt ut i 2019 og har 198 sider. Det er ein av mange bøker som han har gitt ut.
Boka handlar om Onu han er 15år gammal. Han bur åleine saman med mora si i ei lita bygd nede ved Storsjøen med berre 58 innbyggarar. Onu og vennene hans Alex og Irmelin for høyre om ei bok, Ein svartebok. Dei blir veldig nysgjerrige og prøver å finne boka og løyndommane dens.
Forfattaren lars Mæle gjer ein god jobb med å beskrive denne boka. Han beskriv miljøet og personane veldig bra. Boka er ikkje så veldig spennande i byrjinga men den blir meir og meir spennande når du kjem lengre, den held ein veldig toppen til fin spenning i slutten av boka. Eg syntest at boka er ein gøyal og spennande. Nokre stader så byrjar ein å tenke kva som eigentleg skjer og ein byrjar å lure på kva som skjer vidare i boka.
Eg vil tilrå denne boka til folk som liker bøker som er litt mystiske og liker spenning. Aldersgruppe 13-15år
Terningkast
Hvor er spenninga?
Skrevet av 12. desember 2019 av Lane på Hisøy skole
Djevelen vil alltid finne deg» er ei bok skrive av Lars Mæhle. Ho er nominert til U-prisen 2019. Dette skjønner eg ikkje.
Boka handlar om Onu, Irmelin og Alex som går saman og inn i ein veldig spesiell situasjon, etter at dei har funne ein svartebok. Ein ny familie flyttar inn til den vesle byen, familien Korp. Rett ved sida av Onu og mora. Onu syntest det var noko merkeleg med denne familien, så han og vennen vil finne ut kvifor de verkeleg flytta dit. Men når ein er usamde og ikkje helt ærlege med kvarandre, då bli det vanskeleg og samarbeide.
Denne boken er ikkje ei bok eg ville valt frivillig. Djevlar og sånne type ting, er ikkje noko eg interesserer meg for. Men når eg starta å lesa så tenkte eg at eg kanskje skulle gi den ein sjanse. Utover i boka så mista den meg heilt. Eg følte det var for lite spenning. Den hadde ingen spenningskurve i midten, så eg hadde berre lyst til å slutta å lese. Han var altfor langtekkelig i forhold til korleis boka såg ut på utsida. Når eg så boka tenkte eg at den såg utruleg spennande ut, men eg vart veldig skuffa når eg fekk høyra kva ho innehald. Avslutninga var nesten det einaste eg syntes var bra. Mot slutten så bygde boka seg opp. For å ikkje røpa for mykje, så var det ein veldig overaskende slutt.
Forfattaren bygde opp historier som ein fekk vita svaret på i slutten. Dette gjorde boka meire langtekkeleg. Eg som er ein utolmodig person greier ikkje å lesa slike bøker. Difor gir eg denne boka ein terningkast 3.
Ingrid
Skrevet av 12. desember 2019 av Ingrid på Hisøy skole
Bokmelding
Boka «djevelen vil alltid finne deg» er skriven av Lars Mæhle. Boka prøver å vere ei spennande bok, men eg synast ikkje ho er det. Boka var ikkje noko for meg, fordi i byrjinga skjedde det ikkje noko. Ein måtte lese mange kapittel før ein kunne sjå ein start på spenningstoppen. For å skjøne kva som skjer i boka med omsyn til tid og stad er det viktig følje med og lese nøye mellom linjene.
Boka handlar om Onu som er ein gut, som bur saman med mora. Irmelin og Alex er to andre personer vi høyrar om i boka, dei går i klassen til Onu. Ein dag byrjar det ei ny jente i klassen som heiter Regina Krop. Regina kan nesten ikkje språket og er veldig blyg. Ho og familien har nettopp flytta til bygda. Familien Korp er ein spesiell familie, og dei oppfører seg veldig rart. Bygda ber på mykje vondskap og hemmelegheiter, som ein får vite lengre ut i boka.
Boka ga meg ikkje noko teikn på spaning, ho er veldig uklar og til tider rotete handling. Viss boka skulle fenga meg burde nok forfattaren bygd opp spenningstoppen tydlegare. Lars Mæhle burde ikkje venta så lenge før spenningstoppen kom i boka. Derfor vel eg å gi ho terningkast: 3
Vil djevelen fonna meg?
Skrevet av 12. desember 2019 av Helene på Hisøy skole
Samlaget publiserte i 2019 boka «Djevelen vil alltid finne deg» som blei skreva av Lars Mæhle. «Djevelen vil alltid finne deg» er ein typisk grøsser for tenåringar med fleire vendepunkt. Boka handlar om guten Onu, klassekameraten Alex, vennen hans Irmelin og den merkelege familien Korp.
Framsida av boka passet innhaldet av boka bra. Den viser noen av hovudpersonane, og noko av det viktigaste innhaldet i boka, men ein forstår det kanskje ikkje før man har lest heile boka, fordi det er berre slutten som er interessant. Første kapittel har ikkje noko spenning, heller ikkje på slutten av kapittelet. Når det ikkje er spennande i første kapittel, ville eg lagt frå meg boka viss eg hadde lest dette frivillig. Eg har ikkje lyst til å fortsette å lese, viss ikkje det skjer noe spennande før slutten.
Etter kvart mot slutten vart han betre, men spenninga gjekk litt opp og ned. I meininga mi er det betre å lesa ei bok med ein spenningstopp som veks og veks, enn nokre pausar der historia blir veldig fantasilaus og passiv. Historia i seg sjølv er kjempa bra, men måten forfattaren skriv boka på er ikkje bra. Forfattaren, Lars Mæhle, kunne skreva det betre, sånn at historia heldt på spenninga, og blei formulert betre. Det blei litt lite skildringar, som kan lett få bøker til å bli vanskeleg å leva seg inn i, på grunn av alt det ein kan førestilla seg. Da kan det være lett å misforstå kva boka eigentleg handlar om for nokon.
Lars Mæhle kunne ærleg talt skrive ei heil bok om slutten. Slutten var det einaste som var interessant i denne boka. Den hadde ein veldig open slutt, som vil få folk til å lesa vidare, men som sagt, burde dette vore med litt tidlegare i historia.
Konklusjonen er at dette er ein middelmåtig bok, som eg i meining mi kunne berre hoppa til dei siste kapitla for å få den informasjonen eg vilje ha, og spenninga eg venta unødvendig lenge på.
Terningkast: 3
Vis flere anmeldelser