Det er her jeg skal være

Hilde Hylleskaar Gyldendal 2013 16 anmeldelser

Martine ble hardt skadet og besteforeldrene døde i en tragisk ulykke da hun var liten. Verken Martine eller de rundt henne forstår at denne hendelsen henger sammen med problemene hun har i dag:  følelsen av å være ensom blant venner, Vis hele forlagsteksten

Hvordan skrive en anmeldelse

Emilie

Emilie

Skrevet av 31. oktober 2013 av Emilie på Sunnylven

Det er her jeg skal være av Hilde Hylleskaar

Boka handlar om Martine på 17 år som har blitt psykisk sjuk etter ei traumatisk hending tidlegare i livet. Det var då ho kom i ei bilulykke med mormora og morfaren, der ho var den einaste som overlevde ulykka. Ho har gått til mange forskjellige psykologar, men ho føler at dei ikkje klarer å hjelpe med problemet hennar, nemleg å føle seg heime i denne verda. Martine har angst og sjølvmordstankar, og ventar på at nokon skal kome og ta ho med frå denne verda, og til himmelen, ein stad der alt er godt. Ho får Aleksander som psykolog, og ho føler at han klarer å hjelpe han på ein måte ho ikkje har opplevd før. Men er dette nok til å bli igjen på jorda?
Boka var grei å lese, ut frå det som stod bak på boka hadde eg litt forventningar, men eg syntes det var ei bra bok. Det at Martine hadde angst gjorde boka litt trist å lese sidan det er nokon som har det slik, men eg synst samtidig at den tek opp eit viktig tema. Språket er normalt, og på bokmål. Eg trur at det er få bøker som tek opp temaet med psykisk liding, men no i det siste er det kome fleire bøker om det. Forfattaren er Hilde Hylleskaar, født i 1961. Eg synest det er bra skrive, ho får fram følelsane i boka godt. Handlingane er truverdige, og er noko som kunne ha skjedd i den verklege verda. Eg syntest at boka er å anbefale til andre, og den passar nok for dei fleste, men eg tenkjer at dette er mest ei jentebok.

Til toppen