Den tolvte spelaren

Tor Arve Røssland Samlaget 2018 115 anmeldelser

Kevin har flytta til Våg. Han merkar raskt at noko er annleis her. Den tåkelagde bygda har noko hemmelegheitsfullt ved seg. Og farane som lurer, kan plutseleg stå rett framfor deg.

Kven er den tolvte spelaren?

Les utdrag på txt.no

Hvordan skrive en anmeldelse

Dina

Dina

Skrevet av 22. oktober 2018 av Dina på Lom ungdomsskole 10B

Den tolvte spelaren
Boka handlar om Kevin som nettopp har flytta til Våg. Han byrjar på fotballaget og blir god venn med Kåre. Det Kevin ikkje veit er at Kåre og to andre gutar har ein stor hemmelegheit. Boka var god å lese, hadde fleire gode pusterom. Setningane var innhaldsrike og ikkje for lange. Boka var spanande og skummel, aldri kjedeleg. Boka var lett å leve seg inn i, når du fyrst hadde begynt å lese var det vanskeleg å legge ho frå seg. Eg anbefaler boka til dei som liker å lese spanande og skumle bøker. Boka var alt i alt veldig god, men ho kunne gjerne vore lenger. Eg gir boka terningkast 5.


Robin

Robin

Skrevet av 22. oktober 2018 av Robin på Åkra ungdomsskole

Den tovlte spelaren
Den tolvte spelaren handler om ein gutt som heiter Kevin, som nettopp er flytta til Våg. Han merker raskt at det er noko annleis her. Han starter på eit fotballag og der blir han ein god venn med ein som heiter Kåre. Etterkvart så viser det seg at Kåre og nokon andre på laget har ein stor hemmlegheit. Boka var veldig lett og lese fordi det var lite sider og lite tekst. Boka var ikkje så bra på dei 10-15 første sidene men så kom det seg. Boka er skriven av Tor Arve Røssland og sjangeren er grøss. Denne boka var veldig god fordi den var spennande. Eg lese aldri bøker men denne var bra.
Terningkast 6.


Marius Svestad

Marius Svestad

Skrevet av 19. oktober 2018 av Marius Svestad på Lom ungdomsskole 10B

Den tolvte spelaren
Denne boka handlar om ein gut som heiter Kevin. Han har nylig flytta til ein ny plass som heiter Våg. Han startar å spele på fotballaget der og blir ven med ein som heiter Kåre. Etter kvart viser det seg at Kåre og nokre andre på fotballaget har ein stor hemmelegheit. Boka byrja veldig fort på handlinga og var enkel å leve seg inn i og veldig vanskeleg å leggje frå seg. Ho var og veldig lettlest og lite skrift på kvar side. Historia foregår over ei ganske kort tidsperiode og endinga var veldig brå, men forventa om ein tenkte seg om. Boka er alt i alt veldig spennande og passa perfekt for meg og eg anbefaler på det sterkaste å lese denne boka. Kunne gjerne vore litt lengre.
Terningkast: 6


Grethe

Grethe

Skrevet av 19. oktober 2018 av Grethe på Lom ungdomsskole 10A

Denne boka handler om Kevin som har flyttet til våg. Han får seg fort ein ny ven, men merkar raskt at noko er annleis med nenne bygda. Det et ei lettlest bok og du kjem fort inn i handlinga. Det er mykje spenning i denne boka, du sit heile tida å ventar på at noko skal skje. Det er ei bok med sterke og vonde handlingar, når det tek opp mobbinga. Det er ei grøsser bok og derfor kan den være veldig ekkel får nokre, sidan der er mykje blod. Det er ikkje heilt mi type bok. Men ei fin bok og lese for dei som liker grøsser.
Terningkast 4.


Bjarne

Bjarne

Skrevet av 19. oktober 2018 av Bjarne på Lom ungdomsskole 10A

Denne boka handlar om ein gut som heiter Kevin som har flytta til ei bygd som heiter Våg. Og det begynner å skje skumle ting der. Kevin møter ein gut på sin eigen alder som heiter Kåre, dei blir bestevenner. Kevin får vite at Kåre har gjort grufulle ting. Eg vil gje denne boka terningkast 4, fordi boka er lettlest, spennade og realistisk. Men ting skjedde litt for fort og eg syntes starten var litt tung. Men det vart spennande etterkvart!

Vis flere anmeldelser

Til toppen