Den tolvte spelaren

Tor Arve Røssland Samlaget 2018 115 anmeldelser

Kevin har flytta til Våg. Han merkar raskt at noko er annleis her. Den tåkelagde bygda har noko hemmelegheitsfullt ved seg. Og farane som lurer, kan plutseleg stå rett framfor deg.

Kven er den tolvte spelaren?

Les utdrag på txt.no

Hvordan skrive en anmeldelse

Ragnhild

Ragnhild

Skrevet av 20. november 2018 av Ragnhild på Surnadal ungdomsskole

Den tolvte spelaren
Ei bok som du får frysningar nedover ryggen av.
Kevin har flytta til Våg. Han merkar raskt at noko er annleis her. Den tåkelagde bygda har noko hemmelegheitsfullt ved seg. Og farane som lurer, kan plutseleg stå rett framfor deg. Kven er den tolvte spelaren?

Boka starta veldig bra du får mykje informasjon om hovudpersonen det likte eg veldig godt. Den starta ikkje rett inn i forteljinga. Spenningskurven var da Kevin møtte den tolvte spelaren i garderoben til fotballhallen.

Eg klarte ikkje å legge frå meg boka, fordi eg måtte bare høyre korleis det gjekk med Kevin. Eg levde meg godt inn i boka.

Eg har høyrt om ei liknande bok den boka heiter Død eller levande, men det er siket ikkje så rart sidan dei begge er skreve av same bokforfattar og er i same serie Grøss og gru.

Språket i boka var ganske bra det var ikkje noko banning eller dialektord, men om det var noko eg ikkje likte med boka så var det at den var litt for kort for min smak.

Eg ga boka terningkast 5 fordi boka var alt for kort.


Marianne

Marianne

Skrevet av 20. november 2018 av Marianne på Surnadal ungdomsskole

Kven er den mystiske?

Boka den tolvte spelaren er utan tvil ei av dei beste bøkene eg har lese til no. Det var så mange spenningstoppar at det aldri vart tamt å lese, derfor kunne eg ikkje legge den frå meg og eg las den frå meg på ein kveld.
Den var lett å lese fordi sidene i boka hadde få og korte avsnitt, du kom derfor fort fram til neste kapittel som berre gjorde det enda betre å lese.
Det eg likte mest var heilheita ved boka. På starten las eg at den eldre Kevin (hovudpersonen) var på tur til den gamle bygda si «Våg», og så begynner boka ved å fortelje alt som skjedde da Kevin var ung, og på den siste sida kom vi tilbake til den gamle Kevin igjen. Alt som skjedde frå starten til slutten hadde ein samanheng. Det blei aldri noko som eg ikkje forsto, som har skjedd med dei andre bøkene eg har lese.
Da eg var ferdig å lese var det ikkje slik at eg følte at det måtte komme meir eller ein oppfølgjar for da boka var ferdig var det så tydeleg at no er det slutt, det var ikkje ein brå slutt, men sånn at når du var ferdig var det ikkje ein ting eg lurte på.
Eg gir boka Den tolvte spelaren terningkast 6 fordi:
Det er absolutt ingenting eg ikkje likte med denne boka. Den var spennande frå start til slutt og eg kjeda meg ikkje eit sekund da eg las ho. Eg vil derfor anbefale denne boka på det sterkaste.


Marit

Marit

Skrevet av 15. november 2018 av Marit på Surnadal ungdomsskole

Pageturner ( Den tolvte spelaren)

Boka starta veldig bra, boka er ganske lettlest og spennande, bra frå start til slutt.
Eg er ganske glad i skumle bøker, boka passa ganske bra for meg og andre som liker grøssar, bør lese denne!
Boka handlar om Kevin som er 14år som budde i Bergen men som har flytta til Våg. Han merkar fort at noko er annleis der, den tåkelege bygda har noko hemmelegheitsfullt ved seg og farane som lurer, kan stå rett framfor deg. Kevin begynner på eit nytt fotballag, han blir godt kjent med Kåre som bur i Våg. Ronny er keeper, han er rasistisk mot Kevin, Egil er «vennen» til Ronny, han er på ein måte litt feig som henger seg på Ronny.
Kven er den tolvte spelaren?
Sjangeren er Grøss og gru fordi det skjedde ganske mykje uventa hendingar som da Kvein skulle dusje etter sin første fotballtrening, da møtte han den tolvte spelaren for første gong. eg ble redd av å lese den på en bra måte, eg klarte ikkje legge den frå meg. Eg satt oppe og leste boka ganske seint å når eg skulle legge meg, såg eg for meg våg og den tolvte spelaren.
Eg fant ikkje så mykje med denne boka som var så serleg dårleg, men den kunne ha vore litt lengre, men det trekker ikkje noko poeng.
Boka var veldig vanskeleg å leggje frå seg fordi det skjedde heile tida noko spennande som eg måtte få med meg, Boka var lett å lese.
Når Kevin møter den tolvte spelaren den første gongen etter fotballtrening kjente eg følelsen Kevin hadde, og den søte lukta av blod og råttent kjøtt.
Forfattaren prøver og få fram rasisme og mobbing er to alvorlege ting boka har.

Skrevet av: Tor Arne Røssland
Forlag: Samlaget

Eg fant ikkje noko dårleg med boka så eg ga den terningkast 6.


Eirik

Eirik

Skrevet av 15. november 2018 av Eirik på Husnes ungdomsskole

Det er ein spelar som har blitt hengt av nokre kameratar, men det var ikkje med vilje, så er det ein gut som ser denne gutten som er død, og gutten holder ein krok og hjelper han me ting framøve.
Eg synst at denne boka va kjempebra, men eg synst den burde vere litt meir skummel.
For boka va litt skummel ,men handlinga var ikkje så veldig uventa.
Terningkast: 5


Amijet

Amijet

Skrevet av 13. november 2018 av Amijet på Brandbu ungdomsskole

Grøss og gru den tolvte spelaren.

Den tolvte spelaren er en av bøkene som er med i serien grøss og gru. Boken handler om en gutt som heter Kevin som har flyttet fra Colombia. Kevin liker å spille fotball, men en dag ved fotball banen ser han en mørk person med nummeret 12 på drakten. Etterhvert får Kåre med seg mange hemmeligheter som bygda skjuler. Den tolvte spilleren har mange hemmeligheter og etter hvert skjer det skumle og helt forferdelige ting.

Starten på boken skjedde det ikke så mye, men på slutten tok historien en stor endring, som dermed gjorde det veldig spennende. For de som liker litt grøss og gru så er denne boken helt perfekt. Boken er skrevet av Tor Arve Røssland, på nynorsk, og boken har ca.100 sider. Jeg anbefaler denne boken veldig mye. Terningkast: 5

Vis flere anmeldelser

Til toppen