De døde ser deg

Alexander Løken Cappelen Damm 2017 75 anmeldelser

Hvordan er det å være ung i et samfunn der ingen hemmeligheter er trygge og der alle overvåker alle - også de døde? Seksten år gamle Liv Wiik har en mørk hemmelighet. Hun er nekromantiker – en som kan mane Vis hele forlagsteksten

Hvordan skrive en anmeldelse

Tora Bjørhusdal

Tora Bjørhusdal

Skrevet av 5. oktober 2017 av Tora Bjørhusdal på Luster ungdomsskole

Kva viss døden ikkje er slutten?

Då eg las "De døde ser deg", klarte eg nesten ikkje å leggje ho frå meg. Eg tilrår ho sterkt til alle som likar spenning, action, sci-fi og dystopi. Boka får terningkast 5+.

Boka føregår i Japan, 2019. Liv Wiik veit at ho skal dø. Faktisk innan eit halvt år. Ho er smitta av likpesten, ein sjukdom utan noko kur. Plutseleg blir ho og tre andre ungdommar kidnappa av maktsjuke Everest Brox. Han veit korleis han skal utnytte dei spesielle evnene til desse ungdommane, og Liv skjønnar etter kvart at døden kanskje ikkje er så ille likevel.

Boka byrjar rett i handling og var litt vanskeleg å skjønne, men det kom seg fort. Det var mange overraskingar i handlinga, og spenninga bygde seg opp gjennom boka. Slutten var ganske sjokkerande. Den passa likevel til resten av handlinga. Eg følte også eg fekk svar på alle spørsmål eg hadde.

Eg likte måten boka var skrive på. Å få handlinga frå fleire synspunkt gjorde at eg skjønte meir av kva som låg bak handlingane til personane, og gjorde også at det vart lettare å leve seg inn i boka.

De døde ser deg var ei utruleg spennande bok, og eg vart veldig riven med. Ho var vanskeleg å leggje i frå seg. Eg trur denne boka har ein sjanse til å komme langt i U-prisen.


Victoria Veum

Victoria Veum

Skrevet av 5. oktober 2017 av Victoria Veum på Luster ungdomsskole

«Kva er hemmelegheitar verdt? »
Året er 2019, og det har blitt oppdaga eit nytt virus med namn «Likpesten». Denne herjar over store delar av verda. 16 år gamle Liv er ein av dei som er ramma av sjukdommen. Liv har utrulige evner, ho kan nemleg mane fram kvilelause. Ho er nekromantikar. Ho er ikkje den einaste med desse evnene. Liv og tre andre ungdommar har blitt kidnappa av verdas yngste, rikaste mann, Everest Brox. Ho og dei andre ungdommane lurer på kva som skjer vidare.
Boka får ein til å tenkje over kva som verkeleg kjem til å skje vidare. Boka har eit lett og flytande språk, sjølv om det vart mykje forklaring gjennom heile forteljinga. Den hadde eit variert ordforråd slik at den ikkje vart kjedeleg å lese. Eg likte spesielt korleis kapitla var delte opp. Eg likte boka, fordi den var spennande og den vart ikkje kjedeleg. Den fikk meg til å tenkje på ting eg aldri har tenkt på før. Det eg tykkjer var bra med boka var at den hadde sin eigen måte å fortelje historia på.
Boka passar til både gutar og jenter over 13 år. Eg anbefaler denne boka sterkt.
Terningkast: 5


Julius Rosager

Julius Rosager

Skrevet av 3. oktober 2017 av Julius Rosager på Luster ungdomsskole

Kven ser deg eigentleg?

Boka er svært godt skriven og har mange spenningstoppar,
ein klar 6- !

Kan eg seie; Nervepirrande? Sjølvsagt kan eg det:
Når eg les denne boka blir eg både opprørt og forbløffa. Eg sitrar kvar gang eg dukkar ned i sidene og anbefaler sterkt denne for aldersklassen 12 – 15/16 år, spesielt viss dei likar spenning og fantasy.

Seksten år gamle Liv Wiik har ei mørk evne, ei hemmelegheit. Ho er nekromantiker – ei som kan mane fram dei døde. Men ho er alvorleg sjuk. Ho har berre eit halvt år igjen å leve med mindre ho får ein kur som består av det nye grunnstoffet Panacea. Det einaste problemet er at det ikkje er meir enn knapt 10 liter i verden…

Det er mange positive trekk ved denne boka som gjer at eg likte den. Eit kan vere at forfattaren heile tida grip tak i deg ved å frembringe nye spenningstoppar og realisere handlinga i boka endå meir. Dette er ein viktig faktor for å drive leseren frå kapittel til kapittel.

Eit negativt aspekt ved boka er at me ikkje fekk høyre meir om Oliver etter ulukka, men det positive er at du automatisk forventar ein etterfølgjer.

Aleksander Løken skriv seg frå avsnitt til avsnitt på ein glimrande måte. Han ser ikkje berre boka frå ei side, men let oss bli kjent med karakterane, slik kan me følgje alle innanfrå.

Boka gir eit blendande godt intrykk og er eit eksempel på korleis ei verd av vidunderleg spennande og samtidig urealistiske ting skal skrivast i ein bok. Forfattaren har klart å gå inn i karakterane på ein så livaktig og realistisk måte at ein følar seg mållaus for kvar nye setning som kjem.

Håpar det kjem ein ny bok frå Alexander, så eg kan "kvile i fred…"

Julius Rosager (14)


RIKKE LIEN

RIKKE LIEN

Skrevet av 3. oktober 2017 av RIKKE LIEN på Korgen sentralskole

Svart, syk og maktløs.

De døde ser deg er en sterk, rørende og en bok full av spenning.

Liv er en 16 år gammel jente som brygger på en stor hemmelighet. Hun kan nemlig snakke med avdøde mennesker. Hun kan kalle de frem og se de. Hun er en nekromaniker. I tillegg til dette er hun syk, hun har lik pesten og har bare et halvt år igjen å leve. Hun isolerer seg fra alle rundt seg og bruker tiden sin på nettet. Hver kveld føles som lange, mørke mareritt når Liv blir besøkt av de avdøde. Hun innser at det finnes verre ting enn å dø. Men når både hun og familien sin blir truet av en stor og mektig mann begynner alvoret. Liv tar skarpe valg, ofrer seg for familien sin uten å la de vite noe.

Denne boken var utrolig bra, innholdet var godt. Den var godt skrevet og hadde et godt språk. Jeg klarte ikke legge boken fra meg, da den var så spennende. Den hadde ikke en særlig spenningstopp, men hele boken fikk meg til å ville lese videre.

Jeg skulle gjerne ønske at boken var lengre og litt mer forklarende under alle de oppdragene som disse nekromanikerne ble satt til å utføre.

Under hele boken byttes det synspunkt, slik at du kan få vite hva alle de ulike personene i boka føler, mener og tenker.

Alle skildringene i boken er utrolig bra, du får ulike bilder i hodet ditt og forstår hva de føler.

Jeg syntes boken var ekstremt bra. Men slutten var veldig lite gjennomført. Det føltes som om forfatteren stresset med å få en slutt på boken, derfor leverer ikke boken nok til 6eren. Derfor får boken 5+ fra meg.


tobias thorrud

tobias thorrud

Skrevet av 1. oktober 2017 av tobias thorrud på Svensedammen skole

Denne boka handler om 16 år gammel Liv. Liv har et dødelig virus som tapper henne av krefter og får blodet hennes til og bli svart. Når Liv møter Everest Brox lærere henne at henne ikke er alene, og at henne er en nekromaniker. Derfor ser liv spøkelser hver natt.

Boka var interessant og spennende, jeg anbefaler den for folk over 13 år

Vis flere anmeldelser

Til toppen