Bouvetøya 2052

Lars Mæhle Samlaget 2015 19 anmeldelser

Året er 2052. Startskotet går for tidenes heftigaste nett-reality, ein klimakonkurranse på isolerte Bouvetøya i Sørishavet. Ein ungdom frå kvar verdsdel, kvar med sine unike eigenskapar, skal knive om enorme pengesummar. Dei skal vere offline i tre dagar, mens resten Vis hele forlagsteksten

Hvordan skrive en anmeldelse

Eline Lillebø Karlsen

Eline Lillebø Karlsen

Skrevet av 19. oktober 2015 av Eline Lillebø Karlsen på Søvik Oppvekstsenter

Bouvetøya 2052, Lars Mæhle
Bouvetøya er en spennende ungdomsroman, som omhandler viktige temaer. Boken handler om klimakrisen i verden, og reisen til fem ungdommer som blir sendt til Bouvetøya for å løse oppgaver tilknyttet problemene verden står ovenfor. I boken får du følge Roland som blir sendt inn i et tungt og vanskelig spill på en øy hvor ekstremvær er en del av hverdagen. Hver dag står de fem deltakerne i fare for å komme i tvekamp og gå ut av spillet. Hele spillet blir direktesendt på tv, slik at personer i hele verden får se deltakernes kamp. I en verden hvor vesten og oljetriangelet bestemmer alt og fengsler alle klimaaktivister, kan alt skje på denne øyen.
Første inntrykket av boken var at det var veldig likt Zusanne Collins «Dødslekene» og James Dashner «The maze runner», hvor et lite utvalg ungdommer blir sendt ut for å sloss for å løse verdens problemer. Jeg liker at boken omhandler miljøkrisen, siden det er en stor diskusjon i verden i dag. Det er en veldig lite nasjonalromantisk bok, da Norge er fremstilt som den verste skurken av dem alle. Boken er original og handler om et utrolig relevant tema med alle miljødiskusjonene i verden i dag.
Personlig liker jeg ikke at handlingene skjer så fort. Alt er litt lite beskrevet og jeg følte aldri at jeg kom meg inn i flyten av lesingen. Jeg synes boken var interessant, men jeg ble aldri helt grepet og slukt av boken. Handlinger jeg syns var interessante og hadde lyst til å lese mere av, var over før de hadde startet. Jeg synes ikke en eneste situasjon i boken griper meg, og det er synd for temaet og konseptet er relevant og bra.
Bokens svakheter er de korte kapitelene og tempoet på historien. Handlingen blir litt kort og etter hvert litt for lett å glemme. Vendepunktene har en god hensikt, men blir for lite beskrivende og for dårlig skrevet. Dette er en helt grei bok om et viktig tema. Bokens styrker er det meget relevante temaet forfatteren tar opp, og måten forfatteren får frem et korrupt samfunn. Jeg synes ungdom burde lese den på grunn av det viktige temaet og kanskje åpne øynene sine for miljøkrisen i verden. Jeg håper flere forfattere tar opp dette viktige temaet.
Karakter: 3
Eline Lillebø Karlsen, Søvik oppvekstsenter.


Oda Bolstad

Oda Bolstad

Skrevet av 29. september 2015 av Oda Bolstad på Sagatun skule

Miljø boka?

Bokmelding.
Bouvetøya 2052
Lars Mæhle

Kjem jorda til å gå under i nærmaste framtid? Kven veit, alt kan skje. Men kva gjer vi eigentleg om vi menneske øydelegg klimaet, og det nesten ikkje er sjansar for å redde det?

I Bouvetøya 2052 følgjer vi Roland som er ein miljøaktivist som kjempar for miljøet i ei tid der ingenting er sikkert. Han og ein gjeng andre ungdommar blir sende til Bouvetøya for å kjempe og prøve å redde verda. Og med dei, så følgjer det store Nettet, og alt blir avslørt. Ein kan ikkje stole på andre enn seg sjølv.

Denne boka var veldig tung å lese. Forfattaren skreiv på ein måte som ikkje fekk med seg lesaren, og dette var eit stort minus. Det var veldig vanskeleg å komme seg igjennom boka. Rett og slett fordi spenningskurva var på bunn nesten heile tida. Eg følte at det enten ikkje skjedde noko, eller at det same skjedde igjen. Det var ikkje før på slutten at spenninga gjekk opp, men då var eg lei av å lese.

Boka minte meg litt om The Hunger Games. I boka så måtte ein kjempe for å overleve, og du kunne bli drept. Det var også dette med at heile verda følgjer med. I The Hunger Games fulgte mange menneske med og skapte seg favorittar dei kunne gi ´gåver´ til mens dei var der inne. Eg følte at dette med gåver kunne koplast litt til dei oppgåvene dei kunne gjere for å få fleire poeng.
Boka minte meg og litt på The Maze Runner. Dei blir sende og fanga på ei øy, med ingen mogelegheit for å komme seg vekk derifrå før dei er ferdige. I The Maze Runner er det fleire undommar som blir sendt til ein labyrint, og med ingen mogelegheit for å komme seg vekk derifrå.

Boka gjekk omtrent slik eg hadde forventa meg. Eg visste at det var nokre ´slemme´ der, men eg blei overraska då eg fekk vite at John var ein av dei. Manuela skjønte eg ganske fort var ein moldvarp i systemet.

Boka var ikkje spennande i mine auge, men dette kan jo selfølgelig ha noko med at eg ikkje likar bøker som dette. Men som eg sa tidlegare so klarte ikkje forfattaren å skrive spennande.

Men alt i alt så tykkjer eg boka er verd å lese. Ho tek opp eit viktig tema, som vi mennseke ganske sikkert må stå framfor ein gong i framtida. Ho fekk meg til å tenkje på dei små, men smarte tinga eg kan gjere for å hjelpe miljøet. Boka passar for lesarar frå 14 år. Det var ei vanskeleg bok, men likevel god på sin eigen måte. Men ho var for tung til at eg hadde gitt ho ein 6.


Jørgen Einestrand

Jørgen Einestrand

Skrevet av 25. september 2015 av Jørgen Einestrand på Sandnes skule

Bok: Bouvetøya 2052
Forfattar: Lars Mælhe

Bouvetøya er ei veldig spennande og interessant bok. I boka høyrer me om Roland som er ein 17 år gamal klimaaktivist frå Oslo. Når han førebur seg på ein demonstrasjon startar ein av tidenes heftigaste realityserie. Denne serien er ein klimakonkurranse der vinnaren får ein milliard til ei klimasak dei vil gje til. Dei får og pengar til eige bruk. På øya vert det sendt ut fem ungdomar som skal kjempa om å verta nummer ein. På Bouvetøya er det ikkje lett, og det er ofte veldig hardt ver, og vanskeleg føre.
Dette er ei bok som passar for ungdommar og vaksne som likar spenning, og dystopi. Eg vil anbefale denne boka, og gjev ho terningkast 5. Grunnen til at eg ikkje gjev ho terningkast 6 er fordi ho liknar mykje på «Hunger Games», så ho er ikkje så nyskapande.

Jørgen Einestrand
Sandnes skule.


Martin J. Andvik

Martin J. Andvik

Skrevet av 10. september 2015 av Martin J. Andvik på Sandnes skule

«Bouvetøya 2052»
av Lars Mæhle
«Bouvetøya 2052» er ein konkurranse der vinnaren får 1 milliard til kva enn klimasak dei vil. Vinnaren får og 100 millionar til eige bruk. Konkurransen er slik at ein kan få 100 poeng for ei deloppgåve og 0-500 på den daglege rapporten. Ei deloppgåve er eit klimaspørsmål, den daglege raporten går ut på ei klimasak som Wu Lo har bestemt. Wu Lo er eigaren av internett i denne boka.
Roland som synes at «Bouvetøya 2052» bare er noko tull, blir då vald som Jokeren. Det er ein politimann som gjer han eit brev der det står at han er Jokeren. Han får bedøvelse ufrivillig. Når han vaknar er han ganske stor i kjeften med Wu Lo og er ganske sur på dei andre og. Han skjønar ikkje at familien er i ei så stor pengekrise. Han liker ikkje so mange av dei som er med i konkurransen, den einaste han liker er Manuela. Han prøver seg på ei deloppgåve og blir nesten sprengt i fillebetar. Roland er jo så heldig å komme i den første tvekampen, han vinn berre fordi Samuel Briggs let han vinne. Andre dagen får han og prøve seg på ei til deloppgåve, denne klarar han. Men han må fortsatt i tvekamp. Denne gongen mot Greg Marshal. No er det berre flaks at han vinn. Neste dag drar han Greg Marshal opp av vatnet død.
Det er ei dystopisk, spennande, gripande og interessant bok. Forfattaren får deg til å tenke over kva ein kan gjere, for å stoppe det som er skjedd i denne boka. Ein vil og fortsette å lese slik at ein får vite om det er nokon som døyr. Boka sit innhald heng liksom litt igjen ei god stund etter at ein har lest den.
Eg gir boka terningkast 5 fordi den er kreativ og litt fantasifull, men eg syntest ikkje at den er nyskapande. Fordi masse liknar på «Hunger Games», men det er og masse som er ulikt. Det er masse som gjer at ein ser på ting frå andre vinklar enn ein gjorde før. Ein skulle ikkje tru at ein kunne få virus inn i eit menneske om so kort tid. Denne boka er nett som eit tusen bitars puslespel, når ein først får til noko så får ein til mykje. For jo meir ein les desto meir forstår ein.

Martin Johannes Andvik
Sandnes Skule

Til toppen