Bebe 4. Alt kjekt kan skje

Bente Bratlund mangschou 2014 86 anmeldelser

Fjerde og siste boka om Bebe! To heile veker i Syden. Kvit sand, blått hav. Bebe kjenner det kitla i magen, og Sara ser gladare ut enn på lenge. No skal alt snu!

Hvordan skrive en anmeldelse

Kristoffer Teige

Kristoffer Teige

Skrevet av 20. juni 2014 av Kristoffer Teige på Åkra ungdomsskole

‘Alt kjekt kan skje’ er ei av mange bøker som er tatt ut til og vere med om og kjempe om den største prisen for mange undomsbokforfattarar; Uprisen. Denne boka er den 4. og siste boka i serien om tenåringsjenta Bebe og venninna hennar Sara. Boka kan lesast av alle, og er tilpassa jenter med lesevanskar. Dei andre 3 bøkene i serien heiter Bebe, Bebe2 ‘Ingenting som før’ og Bebe3 ‘Den einaste som veit’. Forfattaren av boka og serien er Bente Bratlund. Denne boka handlar om 2 jenter som reiser til syden me foreldra til venninna til hovudpersonen. Der møter dei på to gutar, og gutane verkar som om dei liker dei. Dei blir invitert til ein fest og begge merkar at dei begynner å like dei, men Bebe har kjæraste, så ho kan ikkje og Sara kan, men har ikkje lyst. Fru Amdal naboen hennar er den personen ho alltid kan spør om råd og snakke om alt, men no skal alt snu.

Temaet i boka er om sorg, fortviling, val og trøyst. Det er sorg, fordi Bebe saknar kjærasten og nokon døyr. Fortviling, fordi Bebe har kjærast men føler ho lik ein annan gut. Val, fordi Bebe må velje kva for ein av gutane ho vil ha. Trøyst, fordi Sara har hatt ein forferdeleg barndom og blir knust, så ho treng trøyst. Mi meining om boka er at den er ikkje spesielt kjekk og det var ikkje noko spenning. Eg synes at denne boka er litt jentete og altfor drama. Det var litt lite sider i boka og teksten var stor og det var ikkje nokon framanord. Eg vil gi denne boka terningkast 3- fordi det var eit poeng, men den var ikkje spannande eller kjekk for gutar.


Kristine Stokke

Kristine Stokke

Skrevet av 20. juni 2014 av Kristine Stokke på Åkra ungdomsskole

Boka handlar om ei jente som drar på ferie med venninna si, Sara, og foreldra hennar. Sara har vore gjennom ei traumatisk oppleving, og difor reiser dei til Syden for å sjå om det blir betre. I Syden treff dei to svenske gutar, Kalle og Torstein, som dei finn på mykje morosamt med. Jenta det handlar om, Bebe, har ein kjæraste heime men har også ustyrlige følelsar for Torstein. Etter kvart blir gutane innpåslitne og det viser seg at gutane ikkje er heilt det dei førestelte seg. Gjennom heile boka tenkjer Bebe mykje på naboen sin, som alltid har gitt mange gode råd og som ho alltid kunne snakke med.

Dette er den fjerde boka i serien. Forfattaren bak denne serien er Bente Bratlund. Bebe og Sara må vere der for kvarandre gjennom tøffe tider og vanskelige avgjerdsler. Dette er ei bok om kjærleik og vennskap. Eg synes boka er bra og den er godt skriven. Boka er på nynorsk, men er skriven på eit nivå som er enkelt å forstå.

Eg ga denne boka terningkast 4/6. Eg anbefaler denne boka til jenter 11-14 år.


Johan Nes

Johan Nes

Skrevet av 20. juni 2014 av Johan Nes på Åkra ungdomsskole

Boka er skrive av forfattaren Bente Bratlund. Det er den fjerde i serien som heiter Bebe. Handlinga går ut på at Bebe reiser til Syden ei veke i lag med bestevenninna si og familien hennar. Sara og Bebe treff på nokre gutar som prøver seg på dei. Bebe blir usikker på kven ho skal velje av kjærasten hennar heime, eller den guten ho har møtt i Syden. Sara og Bebe treff gutane heile vegen på stranda. Dei vil heile vegen ha jentene med på diskotek som er om kvelden. Det er mykje drama, og eg meiner det er ei for typisk jentebok for gutar som skal lese. Det er berre snakk om jenteproblem heile tida, som til dømes når Bebe må velje mellom gutane. Når det blir forklart om korleis det er i Syden er det lite, og ofte mykje om ting som ikkje er interessant.

Temaet i boka er vennskap sidan det går mykje ut på vennskapen til Sara og Bebe. Temaet er også kjærleik, sorg og drama, sidan alt det som skjer mellom jentene og gutane. Eg veit ikkje om det er noko moral i boka, i alle fall ikkje noko god moral. Det boka vil fram til i mine auge er at gutar berre er negativt. Boka består heldigvis berre av 53 sider, og det står lite på kvar side. Setningane er forferdeleg bygd opp, og det er nokre grammatiske feil. Eg likte ikkje boka i det heile tatt, og det er den dårlegaste boka eg nokon gong har lese. Språket fungerer nok for nokon, men eg likte ikkje det heller. Det er mykje banning og boka er skrive i eg-person som eg ikkje likar i det heile tatt. Eg vil eigentleg ikkje anbefale boka til nokon, men det er vel alltid folk som likar keisame, dramatiske bøker som har fokus på jentetema.

Terningkast/karakter: 1


Khyzia

Khyzia

Skrevet av 20. juni 2014 av Khyzia på Åkra ungdomsskole

Bebe er ein simpel bok som handlar om ei jente som heite Bebe. Saman med venninna si, Sara, så har dei reist til Syden. Der skal dei vara i to veker saman med foreldra til Sara. Dei reiser der for å roe ned Sara. Grunnen til det er at Sara hadde opplevd noko vondt. I Syden møter dei to gutar som haldar augo med dei og viser klart og tydeleg at dei er interesserte i Sara og Bebe. Det er ei problem for Bebe, ho har ei kjæreste allereie, Tommy, og ho vil ikkje være utro med han.

Boka greip meg eigentlig ikkje, den er grei, men den er ikkje for adle. Den er nok for ungdommar som liker å lese om kjærkeik og litt drama. Eg seier at temaet i boka er vennskap og mykje kjærleik. Boka er ganske lettlest og er skreve på ein ganske enkel måte. Den er skreve på nynorsk, men er forståeleg. Det er ein bok som er perfekt til ungdommar som har det vanskeleg med å lesa. Den er nok ikkje for adle, fordi den er så enkel. Språket er grei, men nokon av det er vanskeleg å forstå vis du ikkje er 12 år eller oppover. Det er litt banning innimellom. Eg anbefaler boka til alders gruppa 12-16 år. Forfattaren klarer å tydeleggjera historia og temaet til boka. Eg gir boka ein terningkast 4


Amy M. Dahle

Amy M. Dahle

Skrevet av 3. juni 2014 av Amy M. Dahle på Children's International School

Boken handler om en jente som drar på ferie med venninnen sin Sara, og hennes foreldre. Sara har vert gjennom en traumatisk opplevelse, og derfor reiser de til syden for å se om det blir bedre. I syden treffer de to svenske gutter, Kalle og Torstein, som de finner på mye gøy med. Hun det handler om, Bebe, har en kjæreste hjemme men har også ustyrlige følelser for Torstein. Etter hvert blir guttene innpåslitne og det viser det seg at guttene ikke er helt det de forestilte seg. Gjennom hele boken tenker Bebe mye på naboen sin, som alltid har gitt mange gode råd og som hun alltid kunne snakke med.

Bebe og Sara må være der for hverandre gjennom tøffe tider og vanskelige avgjørelser. Dette er en bok om kjærlighet og vennskap. Jeg synes boken er bra og den er godt skrevet. Boken er på Nynorsk, men er skrevet på et nivå som er enkelt å forstå.

Jeg anbefaler boken til jenter i aldersgruppen 11-15 år og jeg gir teningskast: 5

Vis flere anmeldelser

Til toppen