Bare spille ball

Michael Stilson Cappelen Damm 2018 40 anmeldelser

Fredrik står foran sitt livs viktigste kamp. Bare han herjer på kanten som vanlig, er proffdrømmen innen rekkevidde. Men de siste dagene før finalen forandrer alt seg. Bare spille ball handler om å elske fotball, men ikke å være forberedt på Vis hele forlagsteksten

Hvordan skrive en anmeldelse

Louise Mandji

Spennande, men eit tema som ikkje passar meg

Skrevet av 18. mars 2020 av Louise Mandji på Kruseløkka ungdomsskole

Denne boka handlar om Fredrik, ein 16 år gamal fotballspelar frå Trondheim. Fredrik sin største draum er å bli fotballproff og få masse pengar mens han gjer det han elskar. Fredrik må heilt uventa bytte posisjon rett før finalen. Dette skaper masse problem for Fredrik. Att på til har han utfordringar med den dømmande faren sin, ei jente han liker og val av fotballkontraktar.
Eg synest ikkje denne boka er noko for meg. Eg er ikkje så glad i fotball, men boka blir betre utover i handlinga. Ho blir meir spennande. Forfattaren er flink til å skrive slik ungdommen snakkar og slik dei kjenner seg i samfunnet i dag.


Leah Lefstad

ei spennande bok

Skrevet av 18. mars 2020 av Leah Lefstad på kruseløkka ungdomskole

Bare spille ball.
Boka handlar om ein 16 år gammal gut som heiter Fredrik Markussen. Han har alltid hatt lyst til å bli fotballproff, men når det endeleg kjem ein moglegheit, verkar det ikkje så lett. Det går mykje fram og tilbake når det kjem til kva han skal gjere og det er mange dilemma.
Eg synest boka er sånn passe bra. Boka kan kanskje bli litt kjedeleg på grunn av at eg ikkje speler fotball sjølv, men også fordi det går litt sakte på starten av boka. Når ein ser bort frå dette synest eg boka er ganske bra. Det er spennande utover, eg liker skrivemåten og koleis boka har med slang og banneord vanlege ungdommar bruker i dag. Det er realistisk, og eg trur mange kan kjenne seg igjen i Fredrik sitt liv. Slutten har også ein bra «kliffhangar» og eg fekk lyst til å lese en oppfølgjar av boka. Eg gir boken terningkast fem.


Mitt navn

Bare spille ball

Skrevet av 18. mars 2020 av Mitt navn på Hinna Skole

Min meining om boka er at den var bra. Forfatteren er god med a utvide oyeblikkene, men noen ganger tar han det for langt og det blir skjedelig. Den ogsa gode hoydepunkter.
Jeg gir den terningkast 5


Daoud Zemmou

Ei bok verdt å lese

Skrevet av 18. mars 2020 av Daoud Zemmou på Kruseløkka ungdomsskole

Boka handlar om Fredrik som prøver å bli fotballproff, men vegen går litt feil før finalen.
Eg synest at boka er ei god og spennande bok å lese. Når Fredrik prøver å bli fotballproff, møter han mange problem på vegen som er spennande å lese om. Eg synest likevel forfattaren kunne korte ned tida på handlingane. Finalen var det mest spennande, når han ikkje får spele den posisjonen han vil, men på magisk vis, klarer han det utruleg nok og imponere trenere, lagkameratar og venner. Etter finalen går det skikkeleg galt for Fredrik, og det skjer noko han ikkje kan snu på.
 
Eg synest boka er en god og spennande bok å lese. Ho er kanskje litt tung å lese for dei som ikkje les så mykje, men ho handlar om fotball og er ei god bok for både dei som spelar fotball og ikkje. Eg synest at forfattaren kunne korte ned på handlingane, fordi nokre episodar var lange og gjorde at eg begynte å lese saktare. Men eg trur forfattaren prøver å få lesaren til å føle/ sjå for seg korleis Fredrik har det, og det er bra. Eg gir boka terningkast 5.


Thy Tina Pham

Ei overrskande fin bok

Skrevet av 18. mars 2020 av Thy Tina Pham på Kruseløkka ungdomsskole

Boka handlar om Fredrik som spelar fotball, og han skal spele finale som avgjer om han blir fotballproff eller ikkje. Idet han skal spele finale finn han ut at han må spele ein annan posisjon, som ødelegg heile fotballdraumen om å blei fotballproff.
Eg synest boka var kjempespennande. Eg les eigentleg ikkje bøker om fotball, men måten forfattaren skriv på gjer det interessant. Forfattaren er flink til å skrive om korleis hovudpersonen kjenner seg, han har med gode skildringar og handlingsreferat. Boka fortel veldig fint om noko som alle fotballspelarar drøymer om å bli, nemleg fotballproff. Boka fortel også kor vanskeleg det er å bli fotballproff, og skuffelsen ein får når ein ikkje lukkas. Slutten synest eg var spennande, men også litt skuffande. Eg gir terningkast 5.

Vis flere anmeldelser

Til toppen