Fredrik fra Bare spille ball (2018) er storspiller på Mjøndalen og rykter om større klubber og fete kontrakter svirrer. En dag dukker faren hans opp med et tilbud som vil gjøre Fredrik til mangemillionær. Men idet drømmen om å bli utenlandsproff går Vis hele forlagsteksten
Fredrik fra Bare spille ball (2018) er storspiller på Mjøndalen og rykter om større klubber og fete kontrakter svirrer. En dag dukker faren hans opp med et tilbud som vil gjøre Fredrik til mangemillionær. Men idet drømmen om å bli utenlandsproff går i oppfyllelse, merker Fredrik at det er noe som ikke stemmer.
Hvordan skrive en anmeldelse
Alene Gjennom, korleis går det med Fredrik i utlandet?
Skrevet av 15. desember 2020 av Andreas Kalstad på Luster ungdomsskole
Dette er ei dramatisk, trist og inspirerande bok. Den handlar om Fredrik som storspelar hos den norske klubben Mjøndalen. Ein dag dukkar faren opp med ein kontrakt som kjem til å gjere Fredrik rik. Utanlandsklubb, nye venner, kanskje ny skule, nytt lag og nytt språk kan høyrast fantastisk ut. Men det kan og vere vanskeleg og trist. Alene Gjennom er skriven av Michael Stilson som også har skrive "Bare spille ball" som er den første boka i serien. Forlaget for denne serien og denne boka er Cappelen Damm.
Boka startar med Fredrik som storspelar i Mjøndalen, etterkvart kjem det kontraktar som kan gjere han rik og proff. Sidan dette er oppfølgjaren til den første boka så startar det rett inn i handlinga.
For meg som likar fotball var dette ei perfekt bok for meg. Den var lett og lese, og for meg vart det spennande jo lenger du kom i boka. Eg synes det er spennande med utenlandsproffar og høyre korleis det går med dei. I denne boka får du vite korleis det går med ein utenlandsproff både på og utanfor bana.
Denne boka er realistisk på mange måtar. Mange norske fotballspelarar drøymer om å spele i utlandet. Det er og mange som klarar å få kontrakt i utlandet. Det er ikkje alltid lett å få eit nytt liv i ein ny klubb, nytt land med nytt språk. Det kan vere både morosamt og kjekt, men det kan og vere vanskeleg og utfordrande.
Språket i denne boka var for meg ganske lett. Men det trur eg er fordi eg er interessert i fotball. Det var mykje fotballspråk i denne boka. Det var og ganske mykje stygt språk i denne boka som banning og drittslenging. For andre er det ikkje sikkert at dei vil skjønne alle orda. Av denne boka lærer du ganske mykje om korleis det er å være fotballproff.
For å oppsummere denne boka så handlar det for det meste om fotball. For meg så vart det beste med boka det som skjedde i utlandet. Altså, at det kan både gå dårleg og bra. Så vist du er fotballinteressert så passar denne boka for deg.
“Ung-proff i Bundesliga realisert”
Skrevet av 15. desember 2020 av Øyvind Hoel på Luster ungdomsskole
“Alene gjennom” – ein spennande ungdomsroman om livet og presset 17 år gamle Fredrik Markussen møter som proff-fotballspelar i Bundesliga. Boka er skriven realistisk og har mange gode skildringar. Tidlegare proff-fotballspelar Michael Stilson skrive boka. “Alene Gjennom” er oppfølgjaren til boka “Bare Spille Ball”.
Hovudpersonen i boka er Fredrik Markussen, han er 17 år og storspelar for Mjøndalen. Han drøymer om ein kontrakt med eit større lag, fordi han synest Mjøndalen har blitt for lite. Rosenborg er interessert i å kjøpe Markussen, men trenaren til Mjøndalen tillét ikkje overgangar til andre Eliteserielag. Ein dag får Fredrik vite at faren hans har skaffa ein kontrakt med Herta Berlin, dei har lyst å kjøpe Fredrik på grunn av den ekstremt gode høgrefoten han har. Fredrik godtek kontrakten sjølv om han helst vil reise til Trondheim der han har både familie og vener. Når han møter opp hos Herta Berlin blir han dårleg behandla av dei fleste medspelarane – burde han kanskje heller blitt igjen i Mjøndalen?
Boka er veldig bra skriven. Den er gripande, underholdande og oppslukande – eg klarte så vidt å legge den frå meg. Michael Stilson har skildra omgivnadane rundt Fredrik, kva han gjer og kva som skjer oppe i hovudet hans bra. Eg følte at eg vart dratt inn i boka av alle dei spennande karakterane og alle dei spennande vendepunkta i boka. “Alene Gjennom” er skriven frå eit realistisk perspektiv, sjølv om nokre ting går litt fort føre seg og er lite truverdige (til dømes det at far til Fredrik har ved hjelp av nokre få personar ordna ei kontrakt med Herta Berlin så og sei ut av ingenting). Boka er relativt lettlesen, med litt banning og nokre engelske og tyske replikkar.
“Alene Gjennom” er ei super bok som har eit realistisk perspektiv på livet og presset Fredrik Markussen møter som ung proff-fotballspelar, trass i at nokre få ting er litt lite truverdige. Eg trur Michael Stilson har prøvd å få lesaren til å reflektere over korleis det er å vere ein 17 år gammal ungdom som spelar fotball for eit stort lag i eit land som er heilt ukjent, og at du aldri må gi opp draumen din. Eg anbefaler denne boka sterkt, og vil gi den ein sterk 5.
Den intense karrieren til ein 17 år gamal fotballspelar
Skrevet av 15. desember 2020 av Ole Arne Listou på Luster ungdomsskole
Eg opplevde boka som intens, spennande og interessant. Boka handlar mest om mange vanskelege val som påverkar alt. Eg vil anbefale boka til alle aldersgrupper som har litt interesse for fotball. Denne boka her er den andre i denne serien om fotballtalentet Fredrik. Den fyrste boka heiter “Bare spille ball”. Eg anbefalar å lese den før du les Alene Gjennom.
Boka har litt røff språkbruk, men det er no slik fotball er, men ellers er boka lett å lese synts eg. Du lever deg inn i boka når du først begynner og lese den, det var iallfall det som skjedde med meg.
Hovudpersonen Fredrik har begynt i ein stor klubb i Tyskland. Han blir satt inn i startar laget fyrste kamp mot Bayern München. Han er heilt ny, det er ingen som veit kven han er. Han har mykje press på og gjera det bra, klarar han det tru? Det er det som fekk meg til og interessere meg for denne boka.
Eg vil anbefale alle og lesa denne boka og den før i denne serien. Boka minner deg på at du kan klare alt sjølv men du bør ha nokon gode venner eller familie med deg til og støtte deg når det er tøffast. Det beste med boka er all spenninga og alle dei overraskande vendepunkta som kjem ut av det blå. Alt i alt er dette ei god bok og lese. Eg gjer denne boka 5 av 6 i terningkast.
Ole Arne Listou
Beste boka!
Skrevet av 13. desember 2020 av Azad på Hommelvik ungdomssskole
Tittel: Alene Gjennom
Forfatter: Michael Stilson
Sider: 249
Utgitt: 2020
Målgruppe: Ungdom
I det siste har jeg lest boka «Alene gjennom» som er en oppfølger av Michael Stilson’s andre bok «Bare spille ball». Du trenger ikke å lese «Bare spille ball» for å forstå «Alene gjennom». Boka handler om 17åringen Fredrik som spiller for Mjøndalen, men ryktene om store klubber og større kontrakter fyker rundt. Plutselig dukker faren opp om at han har fikset en kontrakt med Hertha Berlin. Alt virka kjempebra helt til Fredrik kom til Tyskland.
Jeg likte boka veldig mye fordi jeg synes den var kjempespennende og det var alltid noe spennende som skjedde. Jeg synes også at forfatteren har vært veldig flink til å beskrive de ulike hendelsene at jeg kunne ha sett for meg hele historien. «Alene gjennom» er definitivt den beste boka jeg noen gang har lest, og mener at den burde vinne Uprisen.
Terningkast:6
Fotballens skyggeside
Skrevet av 11. desember 2020 av William Brynjulfsen Randolph på Breilia skole
Tittel: Alene gjennom
Forfatter: Michael Stilson
Forlag: Cappelen Damm
Antall sider: 248
Sjanger: Fotball/Drama
Målgruppe: Ungdom
“Alene gjennom” er den andre boken i Fredrik Markussen serien. Det er en fotballbok som handler om en 17 år gammel høyreback fra Mjøndalen som er ivrig på en overgang til storklubben Herta BSC i Tyskland.
Men alt lever ikke opp til forhåpningene for unggutten. Dagen etter får han trene med A-laget, Etter hvert får han vite at ingen vet hvem han er, Ikke manageren, Ikke trenerne og ikke spillerne heller. Under trening klarer Fredrik å skade høyrebacken som var førstevalget til treneren. Det ender opp med at 17 åringen må ta rollen i laget mot Bundesliga lederne Bayern FC. Etter et selvmål og rett og slett en forferdelig kamp. Var det kanskje den verste starten du kan få i en av de største ligaene i verden.
“Alene gjennom” er uten tvil en av de beste fotball bøkene jeg har lest. Den har spenning, humor, drama og mer enn nok innhold. En av de beste delene er når faren og Marco bare bruker Fredrik for penger.
Jeg anbefaler spesielt boka til fotballinteresserte ungdommer og syns det er et innblikk til hvordan det er å være proff.
Boken får terningkast fem av meg.
Vis flere anmeldelser