Stokksund-elevar i Vestlandsnytt

Juryklassa ved Stokksund skule er igjen i Vestlandsnytt.

– Vi har ein tendens til å tenkje at barn og unge er litt overflatiske i sine bedømmingar. Men når du høyrer desse elevane, som har øvd i over tre månadar, så er det utruleg kor finjustert målapparatet deira vert. Alle kan klare å setje eit terningkast på 30 sekund, enten det gjeld matpakka di eller eit TV-program – men det skal litt til å grunngi avgjersla. Det er utruleg kor mykje elevane har lært av å lese og diskutere desse fem bøkene, seier Guri Fjeldstad.

Vestlandsnytt var til stades da kritiker Guri Fjeldberg siste besøkte Stokksund skule, juryklassen frå Møre og Romsdal. Om ei veke drar klassa til Lillehammer for å dele ut Uprisen.

Les heile saken her.

Tidligare i vår sa Tobias Myklebust Rønnestad dette til Vestlandsnytt:

– For meg er det viktig at boka opnar for spørsmål tidleg i historia. Den må gi meg ein grunn til å lese den og ikkje låse seg fast. Ideelt sett får ein forfattar oss til å tenke på boka sjølv når vi ikkje les den, det gjer ei bok god.

Les denne saka her.