Når du vinn Uprisen, veit du at du har gjort noko riktig.

«For kvart hint dei kom med blei eg sikrare, og sånn omtrent halvvegs ut i det visste eg at det var Galderstjerna som vann. Eg har vel berre vore like glad og stolt ein gong i livet som forfattar, og det var då eg fekk vita at Samlaget ville gi ut den første boka mi.»

Asbjørn Rydland mottar Uprisen 2017

Slik opplevde Asbjørn Rydland Uprisen-utdelinga 1.juni. Foran ein fullsatt sal på Norsk Litteraturfestival fekk han prisen for Galderstjerna . Sjølv om Asbjørn tidlegare skreve dei fantasy-serien Drakeguten, har han ikkje vore nominert til Uprisen før.

– Å vinna Uprisen er stort. For min del er det noko eg har drøymt om heilt sidan eg begynte å skriva, rett og slett fordi det er ein så ærleg og demokratisk pris som det er. Når du vinn Uprisen, veit du at du har gjort noko riktig, seier Asbjørn.

På Lillehammer blei Asbjørn og dei andre nominerte forfattarane intervjua av ungdom. Korleis opplevde du det?

– Vaksne journalistar stiller ofte dei same spørsmåla, og tenkjer som regel ikkje så mykje på innhaldet i boka. Spørsmål frå interesserte lesarar er noko heilt anna, og ofte mykje meir spennande – og vanskeleg – å svara på. «Kvifor fortener boka di å vinna?», for eksempel.

Forfattermøte på Lillehammer bibliotek. Rydland i blått, skjult bak ein Sigbjørn Mostue.

Bokmeldingar
Galderstjerna fekk ikkje så mange bokmeldingar på uprisen.no, men blei likevel nominert.

Galderstjerna kom ut ganske seint på hausten i fjor, og ei stund var eg redd for at ho ikkje kom til å ha nokon sjanse i det heile tatt. Men så kom det inn eit par bokmeldingar, og sjølv om dei ikkje var mange, så var dei veldig positive. Når gjennomsnittet på terningkasta ligg mellom fem og seks, er jo det eit ganske godt teikn, noko eg reknar med var viktig for nominasjonsjuryen. I neste runde fekk juryklassane litt betre tid på seg til å lesa, og då stilte nok dei nominerte ein del jamnare.

Vegandi-serien
Galderstjerna er første bok i ein ny serie som har fått namnet Vegandi. Kva er det viktigaste i førsteboka?

– Det å etablera eit nytt univers er det aller viktigaste, samtidig som det må skje på ein måte som ikkje går i vegen for ei god historie. Når ein skal forklara nye lesarar korleis denne verda eg har laga fungerer, er det fort gjort å gå seg vill i lange skildringar og mykje presentasjon av artige og spesielle element i universet. Viss det blir for mykje av det og for lite handling, blir det lett ei kjedeleg bok, uansett kor bra univers du har laga.

– Sjølv om verda eg skildrar er annleis enn mykje anna, er ho satt saman av kjente delar. Lesarane kjenner vår eiga verd, dei kjenner til dataspel, dei veit litt om vikingtida og norrøn mytologi. Det som er nytt er korleis desse tinga heng saman, og i Galderstjerna får lesaren vera med og oppdaga det saman med hovudpersonen. Når det er sagt, er det nok ofte slik at den første boka i ein ny serie går litt saktare fram enn dei neste, og det trur eg gjeld for Galderstjerna òg.

 

Fantasy, sci-fi og mytologi

«Boken er unik innenfor en sjanger som er veldig populær. Science fiction, mytologi og fantasy er blandet sammen på en unik måte.»
– Frå juryens grunngjeving.

Kva tenker du om dette?

– At det er ei ganske god skildring av det universet eg prøver å få lesaren inn i. Galderstjerna er til tider ei ganske vill blanding av desse tre elementa (og kanskje eit par til), og eg trur det er bra at folk er klar over det før dei begynner å lesa. Det blir forhåpentlegvis nok overraskingar undervegs uansett. 🙂

– Eg trur eg veit kor mange bøker det blir. Det er fordi eg veit korleis dei store linjene i historien skal gå, slik at eg har ein laus plan om kva som skal skje i kvar bok. Det er dessverre langt derifrå til å vita alt som skal skje. Det eg har klart for meg er verda, bakgrunnen, og korleis dei ulike gruppene og folka eg skriv om ser på kvarandre. I tillegg veit eg korleis historia skal begynna og slutta, og kanskje eit par hendingar eg skal innom på vegen, men akkurat korleis karakterane skal koma seg frå eit punkt til det neste i historia tar tid. Den delen av vegen blir til medan eg går.

Kvifor skriv du fantasy?

– Fantasy er ein sjanger eg liker veldig godt, og dei fleste historie-ideane mine passar best i ei sånn setting. Det er befriande å kunna setja sine eigne rammer når ein skriv, og ikkje vera nøydt til å alltid tenkja på kva som er «realistisk». Misforstå meg rett, ei historie må alltid vera truverdig, men det er ikkje det same som at alt ein skriv skal kunna skje i den verkelege verda. Når eg skriv fantasy, er det eg som bestemmer alt om verda, og eg trur det ofte gjer det lettare å dra lesaren inn i historia.

 

Kva forhold har du til gaming?

– Eg ser vel ikkje meg sjølv heilt som ein «gamer», men eg har spelt ganske mykje data- og tv-spel etter kvart, både som ungdom og i vaksen alder. Online-spel der ein konkurrerer med andre spelarar er eg ikkje så interessert i, men eg liker spel som blandar gåter, action og spennande historier, uavhengig av setting. For meg er spel berre ei anna form for historieforteljing, akkurat som film, teikneseriar, tv-seriar og sjølvsagt bøker.

Karakterane

«I boken er det karakterer som man blir glad i. Det er sterke kvinnelige karakterer. Blant annet en badass-kvinne. Jenta er best til å sloss og smartest. Karakterene er hverken perfekte eller A4. De er menneskelige og realistiske.»
– Frå juryens grunngjeving

– Dette med kjønn er noko eg tenkjer ein god del på, ja. Av og til gir kjønnet seg sjølv, men i dei fleste tilfelle kan ein karakter fungera like bra som mann eller kvinne. I Galderstjerna er hovudpersonen Eirik ein (antakeleg) heterofil gut. Eg ville pirka litt borti dette med korleis jenter og kvinner blir portrettert i dataspel, og då var det naturleg at hjelparen han møter i spelverda – Arandil – er ei kvinne. På den andre sida var det ikkje eigentleg så nøye om læremeisterfiguren Lambert var mann eller kvinne, men han enda opp som mann for at Eirik skulle ha både ein mannleg og ein kvinneleg støttespelar.

–  Korleis eg jobbar fram ein karakter er eit litt stort spørsmål å svara på, men eg meiner det er viktig å alltid tenkja gjennom kvifor ein karakter blir som han eller ho blir. Alle detaljar i korleis ein karakter framstår kan vera viktige, og som forfattar må ein alltid vera klar over fordelane og ulempene ved dei vala ein tar.

Nynorsk

«Boken er den lengste av de nominerte og den er på nynorsk, men det viste seg å ikke være noe problem.»
– Frå juryens grunngjeving

– Eg opplever sånne ting heile tida, faktisk. Både vaksne og unge bokmålslesarar er ofte litt redde for å plukka opp ei bok på nynorsk, men eg får stadig høyra at det ikkje tar meir enn eit kapittel eller to før dei ikkje tenkjer meir på det. Folk ser ofte for seg at nynorsk må vera tungvint og gamaldags, men det stemmer ikkje, og eg er glad for at juryklassane ikkje lot seg skremma alt for mykje. Det finst veldig mange gode nynorskbøker der ute, og den som berre les bokmål, går glipp av mykje bra.

Inspirasjon
Er det ei bok eller to som har betydd mye for deg og skrivinga di?

– Altfor mange! Alle bøker kan vera inspirerande på ulike vis, til og med dei dårlege. Men viss eg skal trekkja fram to heilt konkrete bøker, trur eg det må bli Trollmannen fra Jordsjø av Ursula le Guin og Altered Carbon av Richard Morgan. Trollmannen fra Jordsjø var den første fantasyboka eg leste (utanom kanskje Astrid Lindgren). Ho var skummel, magisk, gripande og heilt fantastisk, og eg trur eg var hekta på fantasy før eg var halvvegs. Altered Carbon er ein heilt annan type bok. Det er ei mørk scifi-historie som minnar om gamle krimklassikarar i måten ho er skrive på, og det var den som gav meg eit spark bak og fekk meg til å gjera alvor av mine eigne skriveplanar. Det var noko med språket og stemninga i boka som fekk meg til å tenkja: Dette. Dette vil eg òg gjera.

Når kjem bok 2?

– Eg krysser fingrane, og håper på starten av 2018.

 

Skreve av Bjarte Bakken, Foreninga !les