Juryklassen frå Flora ungdomsskule

9E ved Flora ungdomsskule

9E ved Flora ungdomsskule

Vi kjem frå Florø, Noregs vestlegaste, og,- vi liker også å seie-, festlegaste by. For det er særleg kjekt i Florø om sommaren, med ”Våt moro”, Sildebord og Kinnaspel. Flora ungdomsskule er ganske stor, med 16 klassar i alt, og klassen vår er god, men nokså variert, nesten som blanda drops. Sjølvsagt vil vi gjerne tru at lærarane liker oss, og at vi er gode elevar. Men dette stemmer vel ikkje meir for oss enn for andre 9. klassingar.

Vi er alle svært forskjellige, har mangfaldige interesser, og i tillegg kjem vi frå mange ulike land. Klassen har 28 elevar; 18 jenter og 10 gutar, og 8 av desse kjem anten frå Bosnia, Eritrea, Polen, Sri Lanka eller Somalia. Sjølv om mange av oss har ulik kulturell og religiøs bakgrunn, går vi godt i lag. I klassen er det songfuglar, dansarar, fotballspelarar, kunstnarar, ryttarar og gamerar, og vi  representerer elles eit godt gjennomsnitt av norske 14 -15 åringar, som brukar mobilen når vi kan.

Leseentusiastar er det fleire av, men sjølvsagt synest ikkje alle at lesing er det kjekkaste som finst. Dessutan kan sjangersmaken variere ein god del. Vi er ofte ueinige om bøkene, men vi luftar ofte meiningane våre om dei, og vi kjem då med innspel og motargument til kvarandre. Trass i ulike syn på bøkene, har vi lese flittig og jobba godt, så langt i prosjektperioden. Likevel har vi alle eit potensiale til å utvikle oss og forbetre oss som lesarar.

Då vi først søkte om få vere med på Uprisen-kåringa, var det berre lesehestane i klassen som var begeistra. Men no har fleire blitt meir entusiastiske til prosjektet, og det verkar som om alle har funne seg minst ei bok dei likar. Derfor har interessa og motivasjonen auka på undervegs.

Endeleg synest vi det er stas å vere med som jury-klasse. Det blir sett av mykje tid til dette leseprosjeketet, og vi trur det vil bli ei lærerik oppleving.

Det skal bli spennande å sjå kva bok, blant dei fem nominerte, som blir klassen si favorittbok, og ikkje minst kva bok som til slutt vinn Uprisen 2016