– Gratulerer med dagen, Uprisen!

Vilde Skjerdal satt i storjuryen i 2010. Saman med ei venninne frå klassen var ho med og kåra Lars Mæhle si bok Landet under isen til beste ungdomsbok det året.

– Eg hugsar den spente stemninga, fortel ho. – Det var stort å få reise heilt til Oslo frå vesle Aurland.

Fra prisutdelingen på Lillehammer. Lars Mæhe tar imot prisen. Vilde Skjerdal i midten. Foto: Vibeke Røgler

Vilde Skjerdal frå Aurland var med på Uprisen i 2009/2010. Foto: Privat

Dei første åra var ikkje storjurymøtet på Lillehammer, slik det er no. Elevane måtte fyst reise til Oslo og så til Lillehammer veka etter. Det er over ti år sida Vilde Skjerdal var på møte i Oslo, og detaljane har forsvunne. ­

– Men eg kan framleis sjå for meg den storslegne fasaden på Bokhandlernes hus, der møtet vart halde. Når eg flytta til Oslo i 2015 hadde eg ein avtale på den adressa og da fekk eg skikkeleg flash-back til stemninga vi var i dei dagane. Det var ei oppleving!

Fasaden på Bokhandlernes hus. Foto: Riksantikvarens kulturminnebase

Skjerdal fekk også i oppdrag å dele ut prisen på Lillehammer veka etter. Ho hugsar kor nervøs ho var, kor svært rommet kjentest og at det var vanskeleg å få med seg instruksjonane.

– Det var så stort og proft, og så skulle eg møte ein kjend norsk forfattar! Lars Mæhle gjorde godt inntrykk. Han var hyggeleg.

Sjangerlandskap
Landet under isen er den einaste av dei nominerte bøkene Vilde Skjerdal har eit minne om no i ettertid. Romanen er ei fantasy-forteljing blanda med krimsjangeren.

– Det var ei fengslande bok. Eg fekk leve meg inn i ei heilt anna verd, seier Skjerdal. Ho kan ikkje hugse at det var nokon i storjuryen som problematiserte at boka var så tjukk. Over fem hundre sider.

– Det seier vel noko om kva evne forfattaren har til å fengsle lesarane sine. Leselysta kjem heilt uavhengig av kor lang forteljinga er eller tyngda på boka.

Her kan du lese juryen si grunngjeving 2010

På spørsmål om kva ho likte å lese på den tida, avslører Skjerdal at Landet under isen nok var heilt riktig type bok for ho.

– Det er særleg to sjangerlandskap eg framleis elskar over alt på jord. Det eine er puslespelkrim. Eg har lese mykje Agatha Christie og Camilla Läckberg. Det andre er meir filosofiske bøker. For eksempel Jostein Gaarder og Paulo Coelho. Lars Mæhle si bok skårar jo i begge kategoriar, ho har trekk frå krimsjangeren og parti som får ein til å tenkje.

Skryt til Uprisen
No er Vilde Skjerdal sjølv i gang med ei karriere som kunstnar. Ho er jazzartist under kunstnarnamnet MayRahKee. Vi drista oss til å be ho synge bursdagssongen for Uprisen som no er 15 år.

– Det vil eg gjerne. Uprisen var viktig for meg. Det handlar om at eg opplevde å få tillit og respekt. Mine meiningar og tankar blei tatt på alvor og var viktige, ikkje berre for dei andre ungdommane, men for dei vaksne også.

– Eg las mykje før klassen vart med på Uprisen også, fortel Skjerdal. Arbeidet med prisen vart likevel ein katalysator for vidare lesing.

– Uprisen forsterka leselysta mi. Garantert. Og eg fekk nye analyseverktøy og moglegheita til å sette ord på tankane mine. Innfallsvinkelen til litteraturen var meir handfast enn norskundervisninga vanlegvis er. Det gjorde det lettare å internalisere det vi lærte, og ga motivasjon til å lære meir.

Ho hugsar ikkje at klassen fekk besøk av kritikarfadder Guri Fjeldberg og kan heller ikkje hugse nokre av dei vaksne ho møtte i Oslo og på Lillehammer.

– Nei, det var nok læraren vår, Atle Vetti, som var den viktigaste personen i samanheng med Uprisen. Han var engasjert og sprudlande, og det året fekk han gjere tre av dei tinga han likte best: Lese litteratur, diskutere språk og dra til Oslo. Han var vilt forelska i Oslo, ler Vilde.

Jan Roar Leikvoll
Skjerdal er framleis glad i å lese.

– Litteraturen er breddfull av kunnskap. Ein blir kjend med seg sjølv og med verda. Uansett om ein les skjønnlitteratur eller sakprosa. Eg er så fascinert av korleis forfattarane fyst gjør research og tenkjer ut kva dei vil fortelje, og så brukar all si kraft på å formidla desse tankane på vakrast moglege måte. Når eg les ei bok kjennest det som om eg får direkte tilgang til kvar forfattar sin personlegdom. Eg vil helst lese alt av ein forfattar, for da kjem eg tett på dei og deira oppleving av verda.

Den forfattaren Skjerdal kjenner at ho har kome tettast på er Jan Roar Leikvoll. Han rakk ikkje å gi ut meir enn fire romanar før han døydde i 2014.

– Eg skreiv særemne om han på vidaregåande. Fyste gong eg kom i kontakt med språket hans og litteraturen hans var under Nynorske litteraturdagar. Det gjorde eit vilt inntrykk. Det er mørke og sterke bøker. Kanskje ikkje noko ein bør lese før på vidaregåande.

– Når eg jobba med særemnet skreiv eg til Leikvoll. Eg fekk mykje hjelp, han var open og imøtekommande, og tok meg på alvor. Seinare fekk eg bidra til den boka som heiter Songfuglen. Han ville at eg skulle skildre korleis det er å stå på ein scene å synge, sånn at han kunne bruke det i boka. Eg kjenner framleis at eg er glad i han, ikkje berre som forfattar, men som menneske.

Skrive av Petra J. Helgesen, Foreningen !les


Flere artiklar om Uprisens historie:

Uprisen blir født (2007)

Ein vaksen nominasjonsjury (2008)

Nominasjonsjuryen (2011)

Engasjerte vaksne i sør og nord (2009 og 2012)

Forfatterintervjuer:

Uprisvinnar 2007: Ingelin Røssland

Uprisvinnar 2008: Endre Lund Eriksen

Uprisvinnar 2009 og 2012: Terje Torkildsen

Uprisvinnar 2010: Lars Mæhle

Uprisvinnare 2011: Axel Hellstenius og Morten Skårdal

Uprisvinnar 2013: Ellen Fjestad

 

Frå storjurymøtet i 2010. Vilde Skjerdal sitter på venstre side av bordet, nærmest kamera. Foto: Vibeke Røgler