Alt kan hende

 

I fantasy, og i laiv rollespel, kan alt hende. Og det gjer det, òg. Forfattar Asbjørn Rydland har derimot inga tru på at kunstig intelligens skal stele jobben frå han dei neste åra.

Asbjørn Rydland takker storjuryen under Ushowet i 2017.
Foto: Vibeke Røgler

Det første eg tenkjer på når eg høyrer namnet ditt, er «laiv» og «rollespel». Kan du forklare kort kva laiv er, og kvifor rollespel er så fengjande?

«Laiv» er ei fornorsking av engelsk «live». I utlandet kallar dei det Live Action Role Playing, men det blei i lengste laget for oss skandinavar. Det engelske omgrepet er imidlertid enklare å forstå! Laiv er rett og slett ein type rollespel der alle deltakarane går inn for å kle seg, oppføra seg og snakka som rollefiguren sin, og det går som regel føre seg ein eller annan plass som er laga til for å passa med historia ein skal spela ut. Eg har vore på fantasylaiv på ein haug med speiderhytter og teltleirar, brukt eit halvår på å bygga ein westernby og spelt framtidsdystopisk laiv på eit nedlagt mentalsjukehus.

I «vanleg» rollespel sit ein som regel rundt eit bord saman med 3-4 andre og driv fram ei historie i nokre timar om gongen. På laiv kan ein like gjerne vera hundre personar og halda på døgnet rundt i fleire dagar. Alle har si eiga historie og er med å skapa moro og dramatikk for kvarandre. Det er intenst, utfordrande, lærerikt og vanvittig artig.

Asbjørn Rydland debuterte med Drakeguten, den første boka i ein fantasyserie, i 2010.

Oppfølgingsspørsmål om rollespel: Roman er forteljing. Rollespel er forteljing. Kva er dei viktigaste skilnadene?

Rollespel (iallfall når ein gjer det slik eg meiner ein bør) er 100% karakterdrive. Kvar enkelt spelar styrer sin eigen karakter, og dersom nokon tar ein annan veg enn det arrangørane har sett for seg, blir det ei heilt anna historie. Arrangøren eller spelleiaren kan prøva å lokka eller tvinga spelarane i ei bestemt retning, men vil dei ikkje, så vil dei ikkje. Som romanforfattar har ein dermed mykje større makt over historia – klart ein vil ha sterke karakterar, men ein vil òg ha eit spennande plott og kanskje eit innfløkt mysterium. I ein roman er det mykje enklare å balansera desse tinga.

Fantasy, som du skriv, er ein uhyre populær sjanger, har eg inntrykk av. Er det mogeleg å forklare kvifor? Og kunne du se for deg å skrive noko anna enn fantastisk litteratur?

Eg trur det finst mange slags fantasylesarar. Nokre elskar å lesa om magi og fantastiske skapningar, nokre vil fordjupa seg i oppdikta samfunn, nokre vil lesa om slag og strategi. For alle gir det nok ein grad av verkelegheitsflukt som annan litteratur ikkje har, og det trur eg er viktig. Samtidig kan ein via fantasy og science fiction ta opp store tema og problemstillingar som er veldig reelle, og få folk til å tenkja litt.

Eg liker å bruka litteratur på den måten og sjå på ting vi menneske strir med litt frå avstand. Men eg har innimellom lyst til å skriva langt meir realistiske og verkelegheitsnære ting òg, så det kan nok vera eg utvider spekteret mitt litt etter kvart.

Har eg rett i at mykje av gleden ved å skrive fantasy er å skape nye verder?

Ja, heilt klart, men det er òg noko av det vanskelegaste! Det er gøy å dikta opp kulturar, skikkar og folkeslag, men etter kvart som det blir meir levande blir det òg veldig komplekst – og det må det jo. Vår eiga verd er stor, variert og forvirrande, og for at eit bokunivers skal kjennast ekte må det mange detaljar, hint og utbroderingar til.

Ein vanleg klisjé om nynorsk, er at det er «fint til dikt». Er det noko med skriftspråket som høver ekstra godt til fantasy, òg? Andre fordelar med å skrive på nynorsk?

For meg er nynorsk først og framst mitt eige språk. Eg har alltid hatt det som hovudmål, og då eg begynte å skriva på det først manuset mitt var det ikkje eigentleg aktuelt å bruka sidemål. Men det var fleire som sa til meg at dei meinte nynorsk eigna seg for fantasy. Det er noko med sagalitteraturen og det gamalnorske som sit igjen hjå folk, trur eg. Nesten så det osar tussar og troll av teksten.

Elles er det vel både fordelar og ulemper. Sjølv skriv eg nokså liberalt nynorsk, og prøver å leggja meg så tett opp til slik eg sjølv snakkar som korrekturlesarane gir meg lov til. Det er mest fordi ein del eldre nynorskord er vanskelege å forstå når ein ikkje er vant til dei, og når eg er midt i ein spennande actionsekvens vil eg ikkje at lesaren skal stoppa opp og finna ordboka.

Vinnerboka i 2017

«Rydland gir gameren et litterært ansikt og en viktig rolle», seier ein anmelder om deg. Kva tankar har du rundt dette? Er det bevisst?

Den linja er frå ein omtale av Galderstjerna, som eg fekk UPrisen for. Hovudpersonen er ein ivrig gamer, og det var heilt klart eit bevisst valg. Eg er glad i dataspel sjølv og speler ofte for å slappa av – og det er det veldig mange som gjer. Før i tida blei folk som engasjerte seg i spel og spelkultur framstilte som litt keitete og rare, men det stemmer ikkje. Gaming er i dag ein vel så stor del av kulturen vår som bøker, og eg synest det er viktig å visa folk på begge sider av det oppdikta skiljet at dei har meir til felles enn dei kanskje trur.

Veit du mykje om dei som les bøkene dine? Kva tenkjer du deg om kven dei er?

Når eg skriv, siktar eg meg som regel inn på lesarane midt i tenåra, men det er ofte sånn med fantasy at folk ikkje bryr seg så mykje om aldersgrupper. Eg veit om lesarar på alt frå åtte til sytti, så spennet er ganske vidt. Eg vil gjerne fanga inn dei ungdomane som vanlegvis helst ville sett ein film eller sett seg ned med playstationen, og det preger nok stilen min ein del. Eg veit ikkje i kor stor grad eg når fram til akkurat den gjengen, men det hender ofte at eg snakkar ein del med dei når eg treff på dei ute på skulebesøk.

Eit av dei verste spørsmåla eg sjølv får, er «Kor lang tid brukte du på å skrive …», for prosessen byrjar jo gjerne før sjølve skrivinga, og det kan vere vanskeleg å avgjere når ein spesifikk idé blei til. Korleis arbeider du sjølv i idéfasen?

For meg begynner alt med ein enkelt grunnidé, og så kjem alt anna litt etter kvart. Med Galderstjerna var grunnideen å skriva ei fantasyhistorie der porten til den andre verda skulle vera eit dataspel. Så er det ein lang prosess der eg legg til bit for bit oppå den første ideen. Det dukkar opp eit mylder av spørsmål som sakte men sikkert får svar og fører til nye spørsmål, og etter eit par månader med grubling begynner det å likna på noko som kanskje kan bli ei bok.

Planlegg du mykje? Og bruker du i så fall nokre hjelpemiddel – gule lappar, programvare, anna?

Eg er veldig glad i tankekart. Eg skriv ned viktige stikkord på eit ark eller ein skjerm, legg til ting eg lurer på og forskjellige alternativ eg ser for meg, og teiknar på den måten eit slags skjelett til å henga historia på. Mange av dei blir forkasta eller gjort på nytt, men det er det mest nyttige verktøyet for min del. Eg har prøvd diverse programvare òg, men tankekarta er det eg kjem tilbake til.

– Kva er det som gjer at ei forteljing aldri slepper taket i oss medan andre blir gløymte? Det trur eg handlar om nerven og kjernen i historia, og der trur eg det er lenge til kunstig intelligens kan slå ein menneskeleg forfattar, seier Rydland.
Foto: Tove K. Breistein

Kva betydde det for deg å få UPrisen?

Det var nok eit av dei største augeblikka eg har opplevd som forfattar. UPrisen er viktig fordi det er ungdomar som bestemmer, og ungdomar er nådelause. Det har ikkje noko å seia kven du er, kva du har gjort før, kva forlag du er på eller kva du måtte meina om det eine eller andre samfunnspørsmålet. Det einaste som betyr noko er kor god boka di er, og då kjennest det godt å få ei sånn tilbakemelding frå folka ein skriv for.

Sjølv om boka kanskje forsvinn på lang sikt, så trur eg aldri forteljinga går av moten. Men blir forteljingane i framtida skrive av kunstig intelligente maskinar, eller vil forfatteren framleis ha ei rolle? Kva tenkjer du om dette? Og om alt dette skjer fortare enn vi forfattare håpar, kva kjem du til å holde på med da?

Med fare for å bli veldig filosofisk trur eg det skal meir til enn intelligens for å skriva gode og gripande historier. Kva er det som gjer at ei forteljing aldri slepper taket i oss medan andre blir gløymte? Det trur eg handlar om nerven og kjernen i historia, og der trur eg det er lenge til kunstig intelligens kan slå ein menneskeleg forfattar.

Men om eg tar feil … tja. Då får eg heller via tida mi til å overtyda desse maskinene om at det er andre felt dei kanskje kan vera endå meir til nytte på.

Er det mogeleg å få nokre hint om kva du arbeider med no for tida?

Eg skriv faktisk på ei sci-fi-historie som blant anna handlar om kunstig intelligens. Eg har flytta meg frå fantasi og sagatid til eit par hundre år inn i framtida, der klimakrisa er tatt hand om, men vi menneske framleis har vårt å stri med.

Skrive av Jan Tore Noreng

 


 

Fleire forfattarintervju:

Uprisvinnar 2007: Ingelin Røssland

Uprisvinnar 2008: Endre Lund Eriksen

Uprisvinnar 2009 og 2012: Terje Torkildsen

Uprisvinnar 2010: Lars Mæhle

Uprisvinnare 2011: Axel Hellstenius og Morten Skårdal

Uprisvinnar 2013: Ellen Fjestad

Uprisvinnar 2013: Marianne Kaurin

Uprisvinnar 2014 og 2018: Thomas Enger

Uprisvinnar 2015: Sigbjørn Mostue

Uprisvinnar 2016: Jan Tore Nordeng

 

Fleire artiklar frå Uprisen si historie:

Uprisen blir født (2007)

En voksen nominasjonsjury (2008)

Engasjerte voksne (2009 og 2012)

Storjurymedlem (2010)

Nominasjonsjuryen (2011)

Storjurymedlem (2013)

Festivalsjef (2014)