Skrivekonkurranse om fritid

Foreningen !les og Framtida samarbeider om ein skrivekonkurranse for deg under 20 år. Temaet er fritid.

Alle har ei fritid – for mange er det der ein kjenner at ein får vere heilt seg sjølv, men for nokre kan det òg vere då dei kjenner seg ulik andre.

I årets utgåve av Faktafyk, tXt-aksjonen Ut av skyggene og blant dei nominerte bøkene til Uprisen, spelar fritida til mange av hovudkarakterane og menneska som vert intervjua ei viktig rolle.

Her er nokre døme på tekstar der fritida er viktig:

Full fart mot formel 1, Svarttrasta syng om natta og Hør her ´a!

Innleveringsfrist: 1. april 2022

Oppgåve 1:

Skriv eit lesarinnlegg om di fritid, og kva du har valt å bruke ho på.

Aktuelle spørsmål:

  • Korleis har fritida di vorte påverka av pandemien?
  • Korleis drøymer du om at fritida di skal vere?
  • Ønsker du at det du gjer på fritida di skal verte jobben din?
  • Kvifor er fritida di viktig?
  • Vert måten du brukar fritida di på akseptert?

Oppgåve 2:

Skriv eit lesarinnlegg eller ein argumenterande tekst der du reflekterer kring fritid.

Aktuelle spørsmål:

  • Er fritidsaktivitetar for alle?
  • Er det dyrt å drive med fritidsaktivitetar?
  • Er det prega av prestasjonspress?
  • Eksisterer det forskjellsbehandling?
  • Vert alle fritidsaktivitetar akseptert, eller har nokre høgare status enn andre?
  • Har du fri på fritida di?
  • Er det noko du skulle ønske du kunne gjere meir av på fritida? Noko du skulle ha droppa?

Informasjon om konkurransen:

Både vinnarteksten og tekstane som konkurrerer i toppen vil bli publisert på Framtida.no og Faktafyk.no. Vi ser etter tekstar som er tankevekkande, originale og kan engasjere. Vi ser òg etter i kva grad du klarer å bruke relevante kjelder til å underbygge argumenta dine.

Format: Word-fil (pass på å dele som eit fil-vedlegg til eposten, og ikkje som lenkje. Då er det ikkje alltid at vi klarar å få opne fila)

Skriv inn namn, alder, skule, telefonnummer på botnen av bidraget ditt – så får vi kontakt med deg om du vinn eller vi vil publisere innlegget ditt.

Lengde: Maks 750 ord, men gjerne kortare!

Premie: 2000 kroner til 1. premie, 1000 kroner til 2. premie. Det blir òg gjeve bokpremiar til seks andre deltakarar som blir plukka ut.

Aldersgrense: under 20 år

Innleveringsfrist: 1. april 2022

Målform: Nynorsk

Send inn som eit Word-dokument-vedlegg til begge desse:

les@foreningenles.no og skrivekonkurranse@framtida.no

OBS: Hugs å merka teksta med <NAMN>, <ALDER>, <SKULE> og <TELEFONNUMMER>.

Lurt å tenke på:

  • Dei aktuelle spørsmåla er berre eit verktøy for å få tankane i gang – du verken treng eller bør svare på alle spørsmåla!
  • Kven snakkar/skriv du til? Er det dei andre på skulen eller er det heile Noreg? Er det andre ungdomar eller er det dei vaksne?
  • Det er lov å vere både morosam og alvorleg.
  • Hugs å lenke til kjelder om du brukar statistikk eller andre faktakjelder i teksten.

Spørsmål?
Kontakt les@foreningenles.no