Johannes R. Grov har skrive månadens bokmelding i november

Johannes er 14 år og går i 9D på Husnes ungdomsskule.

Månadens kritikar i november er Johannes R. Grov i 9D på Husnes ungdomsskule i Sunnhordaland. Han får ein bokpremie for meldinga han har skrive om Blindsone av Anders Totland.

Blindsone er skrive av Anders Totland. Forfattaren kjem frå same plassen som Johannes.

Johannes har skrive ein kort og konsis tekst, med ein tittel som fangar inn lesaren. Han startar meldinga «Romantisk fartsgrense» med eit sitat, slik at vi får ei kjensle av kva bok han har lese. Johannes gir romanen terningkast 5 fordi han var «engasjerande og handlingsrik«. Heile meldinga av Blindsone kan du lese her

På fritida spelar Johannes tromme på Kulturskulen, og han er konkurransesvømmar. Ei bra bok han har lese er Glimt av Tor Arve Røssland. Den handlar om Jon og Solveig, som begge er femten år og bur på same øya, men dei er skilde i tid med nærare åtti år. Johannes likar boka fordi ho er realistisk, men samstundes ikkje heilt. Han kjente seg litt igjen i hovudpersonane, og han synst det er stilig at forteljinga veksla mellom dei to.

– Korleis kjennest det å vere månadens kritikar?

Det er veldig kjekt. Eg hadde ikkje forventa det, så det var ei gøy overrasking.

– Kva tenkjer du om å vere med å avgjere kva ungdomsbok som er best?

Opplegget rundt Uprisen er veldig kjekt. No har eg snart lese to bøker, og boka eg held på med no er ganske spennande. Dessutan blir ein jo smart av å lese.

– Har du eit tips til andre som skal skrive bokmeldingar?

Eg tenkjer det er viktig å finne dei riktige orda som fortel kva ein meinar. Det er jo ein tekst som skal ligge ute, da er det viktig at ein har gjort arbeidet litt skikkeleg. Ikkje berre skrive eit par kjappe setningar.

 


«-Fortare, fortare!

Eg ropar ivrig og dunkar handflatene mot dashbordet.

Regnet slår mot ruta, og hendene til Henrik klamrar seg til rattet.
Han pressar foten mot gasspedalen så speedometeret klatrar oppover, oppover.

Slik byrjar boka Blindsone skrive av Anders Totland.»

 

(Utdrag frå Johannes si melding av Blindsone)

Akkurat no les Johannes Øya synker sakte av Sanne Mathiassen.

– Kva bok, av dei du har lese, er din favoritt til Uprisen?

Av dei to eg har lese, er nok Blindsone den beste. Den har eit godt plott, og eg synst kanskje det er spesielt gøy fordi eg kjenner meg igjen. Totland skriv om vatnet her på Husnes, og eg bur rett ved asfaltstripa kor rånarane køyrer i boka.

– Kva bøker plar du å lese?

Eg les masse forskjellig. Mest skjønnlitteratur – for det synst eg er det kjekkaste. Det er ingen bestemt sjanger eg likar betre enn andre.

– Kva bok les du no?

Eg les Øya synker sakte. Det tok lang tid å komme inn i ho, kanskje femti sider, men no er ho ganske spennande. Eg veit ikkje korleis ho kjem til å slutte.

Publisert av Petra J. Helgesen, Foreningen !les