Standup-forfattar vil skriva verdas beste ungdomsbok på nynorsk

 

Terje Torkildsen vann Uprisen i 2009 for debutboka si. To år seinare var han i tvil om det var nokon som las bøkene og om det var nokon vits i å skriva meir for ungdom. Men i 2012 vann han Uprisen for andre gong for boka Dystopia III. – Då visste eg at eg var på rett veg og det gav meg motivasjon til å fortsetja, seier Terje Torkildsen. No er målet å vinna prisen for tredje gong.

– Eg elskar å vera i båt og er på sjøen heile året, både i inn- og utland. Eg har ikkje bil, men båt og tysk båtførarsertifikat. Har motorbåt sjølv men ønskjer meg eigentleg seglbåt. Måtte vita ein del om segling og livet på havet for å kunna skriva Arrfjes.

Stavanger Stories. – Framsida på alle dei tre bøkene er pryda med bronsestatuer frå bydelen eg vaks opp i. Eg har vanlegvis ikkje noko med omslaga å gjera, men her er det eg sjølv som har teke bileta.

Du er ein av to forfatterar som har klart å vinna Uprisen to gonger. Korleis var du sjølv som ungdom?
Det finst mange mytar om oss forfattarar og ein av dei er at me vaks opp som venelause stovegrisar, men det gjorde definitivt ikkje eg. Eg brukte mesteparten av fritida mi i lag med kompisar, både gutar og jenter. Eg var eigentleg hyperaktiv, spelte fotball, volleyball og innebandy, var med i speidaren, dreiv med friluftsliv både til sjøs og til fjells. Og så las eg sjølvsagt ein del når eg ville vera for meg sjølv.

Hadde du då planar om å bli forfattar?
Nei, aldri. Eg hadde aldri møtt ein forfattar og visste knapt kva det var.

Kvifor ville du skriva bøker?
Eg ville skriva verdas beste ungdomsbok på nynorsk.

Debutboka di Marki Marco blei skriven i samarbeid med skuleelevar. Korleis var prosessen og kva lærte du?
Det er var eit heilt utruleg bra samarbeidsprosjekt, eigentleg. Alle tiandeklassingane på St. Svithun ungdomskole i Stavanger fekk tilsend manuset i bolkar på 3-4 kapittel. Dei skulle lesa og gi tilbakemelding på teksten via mail. Men det geniale var at dei ikkje visste kven som skreiv til dei. Eg brukte pseudonymet Neratta Frof. Det er eigentleg berre ordet forfattaren skrive baklengs, men dei googla seg fram til at eg måtte vera ei dame frå Belgia på om lag 60 år. Men hovudsaka var at elevane etter kvart våga å gi meg ærlege svar og ikkje berre slike svar som dei trudde at norsklæraren ville ha. Eg lærte enormt mykje av desse tidvis negative tilbakemeldingane og skjønte at ungdomar, og særleg dei som vanlegvis ikkje liker å lesa, har heilt andre kvalitetskrav til ei bok enn det me vaksne har.

Juryen si grunngjeving i 2009

Frå skrivestova i Berlin. Klassisk bilete som alle forfattarar tek når dei endeleg er ferdig med eit manus. Men i motsetning til visse andre, deler ikkje Terje slikt på sosiale media, som han held seg unna

Brukar du fortsatt ungdom som lesarar og konsulentar når du skriv ungdomsbøker?
Ja, alltid.

Men du er ikkje å finne på Instagram, Snapchat, Facebook eller andre sosiale media, stemmer det?
Jepp. Eg er ganske aktiv på finn.no, men elles driv eg ikkje med SoMe. Det er masemedia.

Terje samlar materiale til standup-vitsar mellom anna med å ta slike bilde.

Du har vore norsklektor: Drøft fordelar og ulempe med ein slik bakgrunn når du skal skriva bøker for ungdom.
Dette spørsmålet høyrest ut som ei stiloppgåve! Det stemmer at eg er utdanna norsklektor, men eg har ikkje jobba som lærar dei siste 25-åra, så eg trur ikkje det har så mykje å seia. Men eg veit sjølvsagt kor vanskeleg det kan vera å skapa engasjement for lesing hos mange elevar, og særleg gutane, så bakgrunnen som lærar var nok viktig for at eg begynte å skriva ungdomsbøker.

– Vegskilt som eg tenkte bruka til omslaget på romanen «Isla Bonita». Øya i boka heiter eigentleg Isla Graciosa, som betyr omtrent det samme. Og det er også ein hit av Madonna.

Du er også komikar, og har hatt fleire einmannsshow kalla morologar. Kva har forfattaren Terje Torkildsen lært av komikaren Terje Torkildsen – og omvendt?
Humoren er alltid til stades i bøkene mine. Eg har jo også skrive Humorboka, som er basert på erfaringane mine som komikar. Eg tykkjer humor er ekstremt fascinerande og ei bokside er truleg det vanskelegaste måten ein kan formidla noko morosamt på. Likevel må me gjera det, for elles blir litteraturen altfor trist og kjedeleg.

Bruker du erfaringane som standup-komikar i formidlinga når du er på forfattarbesøk?
Absolutt. Forfattarbesøka mine blir gjerne kalla standup-bokbad. Eg har aldri eit fast opplegg for timane, men eg har med meg bøkene mine og tek det meste på sparket. Difor blir det heller aldri kjedeleg for meg å reisa på skulebesøk. Når det funkar som det skal, er forfattarbesøka mine litterære standupshow.

På skitur til Kongsberggruvene for å gjera research til ny historisk roman for ungdom.

Du har også vore skodespelar i fleire filmar og reklamar. Om  du skulle gi eit råd til ungdom, kva av dine yrke (forfattar, lektor, komikar, skodespelar) er det artigaste?
Det artigaste er å vera komikar, men det er også det som er mest skummelt. Finst det noko verre enn å fortelja vitsar som ingen ler av? For å bli ein god, profesjonell komikar må du gå på trynet mange gonger og så reisa deg opp igjen. Du blir litt glupare for kvar gong det skjer,  men det er alltid ein risiko for at du også går på snørra igjen neste gong. Eg er stort sett ganske uredd, men når eg skal gjera improvisert standup er eg alltid nervøs.

Reinsdyrjakt i Setesdal – research eller rekreasjon?
– Som avbrekk frå skrivinga liker eg å gjera ting som er motsett, t.d. jakt eller andre formar for utandørs fysisk aktivitet og friluftsliv. Men eg skriv også ofte om dette i bøkene mine, særleg i Stavanger Stories. Eg bruker elles ofte å ha med meg hagla når eg reiser på skuleturnear om hausten.

Du er profilert miljøvernar og har jobba i miljøbevegelsen. Dystopia-serien er ein klimadystopi om norske ungdomar som strandar i England etter ein menneskeskapt naturkatastrofe. Du fekk Uprisen for tredje bok, Dystopia III. Var dette ein idé som vaks ut av ditt miljøengasjement?
Ja, blant anna. Eg jobba som miljøvernar i fleire år og las mange dystopiske rapportar om kva som vil skje viss me ikkje gjer noko med klimakrisa. Men Dystopia-serien handlar eigentleg meir om ei sivilisasjonskrise enn ei miljøkrise. Naturkatastrofen fører til ein kulturkatastrofe.

Juryen si grunngjeving i 2012

Dette bringer oss over i et anna spørsmål: Kva er det som inspirerer og driv deg? Kva brenn du for som forfattar?
Eg vil framleis skriva verdas beste ungdomsbok på nynorsk. Eg vil få dei som ikkje liker å lesa til å begynna å lesa.

Landwehrkanal, Berlin. – Eg reiste til Berlin for å gjera research til Dystopia 4, men så kjøpte eg like godt ei leilegheit der og har tidvis budd der etter det. Jobbar også med ein ny thriller inspirert av hendingar frå bydelen min, Neukölln.

Og korleis oppstår ideane dine?
Dette er eit mysterium. Eg veit ikkje kor ideane kjem frå. Plutseleg er dei der berre. Men eg har lagt merke til at eg ofte får nye idear når eg minst ventar det, når hjernen kviler eller når eg er på reise, og det er eg veldig ofte.

Planlegg du handlinga før du startar eller blir historia til mens du skriv?
Både og. Eg har alltid ei skisse på førehand, men magien oppstår når det dukkar opp ting i handlinga som eg ikkje har tenkt på før. Då er det som forteljinga byrjar å fortelja seg sjølv. Det er magisk. Då blir det kunst.

Dystopia og Marki Marko har handlinga frå framtida, men sjøromanen Arrfjes går føre seg i 1812. Ejner er førstereisgut på ein engelsk brigg som mannskapet kaprar. Det blir skrive få historiske romanar for ungdom, men korleis har målgruppa teke imot denne boka?
Arrfjes har blitt utruleg populær og ho er vel den mest leste boka mi, trur eg. Det var enormt kjekt å skriva den boka, men også veldig vanskeleg. Ein må gjera mykje research før ein skriv historiske romanar elles vil det bli historisk ukorrekt. Men når ein skriv for utolmodige ungdomar, kan ein ikkje bruka så mange gamle, kompliserte ord og uttrykk. Då mistar ein lesaren. Dette var eit stort dilemma for meg då eg skreiv Arrfjes. Store delar av handlinga går føre seg om bord i seglskuter og då måtte eg bruka ord som dekk og dørk i staden for golv og bakke. Elles ville dei vaksne kritikarane kjølhalt meg.

– Dette er faktisk frå ein skuleturné. Finnane har skjønt poenget med marknadsføring.

I din foreløpig siste roman Isla Bonita drar vi til Syden med 16-åringen Carlo. Kan du seie litt om kva boka handlar om, og kva som gjorde at du ville skrive den?
Isla Bonita er ein thriller som handlar om ein vanleg norsk gut som hamnar oppi svært uvanlege og farlege situasjonar på ein sydenferie saman med mora. Eg skreiv boka fordi eg ville vinna Uprisen for tredje gong, men slik gjekk det ikkje. Eg er likevel godt fornøgd med Isla Bonita, som også er ei kjærleikserklæring til øya Isla Graciosa der eg mellom anna sat og skreiv Marki Marco. Eg tykte elles det var ein fest å skriva om mora til Carlo. Ho er eigentleg er ein serie med Yo mama-vitsar.

Du har skrive tre novellesamlingar under tittelen Stavanger Stories, og du kallar «novellekransar». Kva betyr det?
Det betyr at novellene heng saman i ein serie. Stavanger Stories er ein trilogi som består av totalt 42 forteljingar, men dei heng saman som kapitla i ein roman. Alle novellene handlar også om dei same folka, søskena Duxen, Betty og Broremann, venene og familien deira.

Kor er Terje Torkildsen no i sitt forfattarskap, og kva er planen framover?
Godt spørsmål. Eg har no nyleg avslutta Stavanger Stories-trilogien og hadde eigentleg tenkt å  ta ein liten pause etter ti ungdomsbøker på tolv år, men så er det jo slik at når eg sluttar å tenkja, så kjem ideane susande inn i skallen. Eg har skikkeleg skrivekløe for tida, men det tek lang tid å skriva ein roman og den tida har eg ikkje no. Eg har også mange andre ting som eg vil få gjort. Eg har begynt å skriva meir for scene og ønskjer eigentleg også å skriva meir film. Det var dette eg dreiv mest med før eg begynte å skriva ungdomsbøker og eg merkar at eg saknar å samarbeida med andre kunstnarar. Men det kjem fleire ungdomsbøker, ja. Kanskje ikkje i år, men ganske sikkert i 2022. Eg har begynt å jobba med eit nytt historisk prosjekt à la Arrfjes og ser at dette fort kan bli fleire bøker. Me får sjå.

Har dei to Uprisane gjort det vanskelegare eller enklare å skrive nye bøker for målgruppa?
Det har i alle fall ikkje gjort det vanskelegare. Prisen i 2012 for Dystopia 3 var særleg viktig, trur eg. Før den nominasjonen var eg i tvil om det var vits å fortsetja å skriva for ungdom. Dystopia-serien fekk lite merksemd i media og eg var usikker på om bøkene mine blei lesne, men då eg vann prisen for andre gong, visste eg at eg var på rett veg og det gav meg motivasjon til å fortsetja.

Skrive av Endre  Lund Eriksen

 


 

Sjå kva ungdommane meiner om Torkildsen sine bøker:

Arrfjes – Isla Bonita –Stavanger Stories I – Stavanger StoriesII – Stavanger Stories III

Fleire forfattarintervju:

Uprisvinnar 2007: Ingelin Røssland

Uprisvinnar 2008: Endre Lund Eriksen

Uprisvinnar 2010: Lars Mæhle

Uprisvinnare 2011: Axel Hellstenius og Morten Skårdal

Fleire artiklar om Uprisen si historie:

Uprisen blir født

Ein vaksen nominasjonsjury

Nominasjonsjuryen 2011