Uprisvinnar i 2010: Lars Mæhle

– UPrisen er den aller beste litteraturprisen. For det finst rett og slett inga betre anerkjenning enn at dei som du skriv for, faktisk likar boka, slår Uprisenvinnar Lars Mæhle fast. Mæhle, som vann prisen i 2010 for fantasyromanen Landet under isen, skriv bøker for alle aldersgrupper, i mange ulike sjangrar og på begge målformer. Han har òg vore nominert til Uprisen i 2013 med romanen Fuck off – I love you.

 

Lars Mæhle vann Uprisen i 2010 for fantasyromanen Landet under isen.
Foto: Vibeke Røgler.

 

– Kor gamal var du då du skjønte at du ville bli forfattar?

Svaret er vel 30 år. For så gammal var eg da fekk antatt mitt første manus, det som eitt år seinare skulle bli debutboka mi, Keeperen til Tunisia. (Ja, det er den boka som filmen Keeper’n til Liverpool er basert på.)

Men eg hadde eit sterkt ønske om å bli forfattar i mange år før det. Eg leverte mitt første manus til eit forlag da eg var 18 år. Og skreiv sikkert sju–åtte manus til etter det som – takk og lov – aldri kom ut. Men det er noko med det. Sjølv om eg ikkje skreiv så bra i starten, så blei det sakte betre etter kvart. Så det å skrive så mykje var rett og slett god trening. Og til slutt blei eg endeleg flink nok.

Det å vere tolmodig og sta er viktig om ein har lyst til å bli forfattar. Eller fotballspelar. Eller stjernekokk. Eller kva det no måtte vere. Mykje viktigare enn talent.

 

– Korleis jobbar du? Sit på helst oppe om nettene og hamrar laus på tastaturet medan du røykjer pipe og drikk raudvin rett frå flaska eller har du eigentleg ein ganske kjedeleg kontorjobb?

Eg er veldig kjedeleg. Eg røykjer ikkje. Eg drikk ikkje. Eg jobbar mykje og hardt. Ni til fem. Og ofte i helgene òg.

Sjølve skrivinga gjer eg gjerne om føremiddagane. Etter lunsj gjer eg andre ting, td. les over det eg har skrive. I tillegg går eg turar i skogen for å tenke over historier eg jobbar med – og for å komme på nye idear. Det er eit tips til alle. Du tenker faktisk mykje betre når du rører på deg! Eg tullar ikkje.

Her kan du lese om ungdomsboka Lars Mæhle er ute med i år: Mot stjernene er vi ingenting.

 

Vinnerboka i 2010

– Kva var det som fekk deg til å skriva Landet under isen?

Eg hadde hatt ideen om boka i mange år. For heime der eg kjem frå, Sunndal på Nordmøre, finst det eit segn om eit troll som bur i ei fjellhole. Bobbin: Denne hola finst på ekte, men det er veldig få som veit kvar ho er. Bestefar min påstod at han gjorde det. Kvart år skulle han liksom ta meg med og vise meg Julvollbobb-holet, som visstnok var som ein liten tunnel innover i fjellet.

Det blei det dessverre aldri noko av. Men fantasien min hadde han likevel nappa litt i. For kva om tunnelen leidde vidare innover i fjellet? Kvar kom du ut da? Og kva var det der? Kanskje eit fantasirike?

Sakte begynte ideen om eit fantasirike under ein isbre å forme seg. Bobbin er forresten også med i historia. Her er han eit slags underjordisk monster. Eg kom også ganske tidleg på ideen om å la kapitla veksle mellom éi krimetterforsking (i ein fjelldal) og éi fantasyhandling (i landet under isen). Historia blir på ein måte fortalt baklengs, med slutten først.

 

– Denne boka blir gjerne sortert innanfor sjangeren fantasy. Er det ein sjanger du liker å lesa og skriva?

Ja, for så vidt. Altså, eg er ingen storlesar av fantasy. Men eg har hatt mine rundar med Ringenes herre, Narnia og Harry Potter.

Eigentleg er det jo slik at kvar gong du opnar ei bok, så stig du inn i ei verd som er annleis enn di eiga. Sjølv om det er ein realistisk roman. Og det å leve seg inn i denne bokverda, er noko av grunnen til at så mange liker å lese – eller å sjå ein tv-serie, for den del.

Fantasy er kanskje den sjangeren som viser dette poenget ekstra tydeleg. Du skal faktisk inn i ei verd som er heilt annleis enn den verkelege. Og der egne reglar og lovar gjeld. Det å flykte frå kvardagen og inn i eit tenkt, oppdikta univers, der du kan drøyme deg bort og gløyme di eiga verd, er noko av grunnen til at fantasy er såpass populært blant mange. Trur eg.

 

– Kva hadde det å seia for deg som forfattar og person at du vann UPrisen?

Eg bruker å seie at UPrisen er den aller beste litteraturprisen. For det finst rett og slett inga betre anerkjenning enn at dei som du skriv for, faktisk likar boka. Denne prisen er eg utruleg stolt av. Reint konkret førde også UPrisen til at eg automatisk blei invitert til litteraturfestivalen også året etterpå – og hadde tidenes mest travle program. Eg var heilt supersliten etterpå.

Her kan du lese juryen si grunngjeving i 2010.

 

– Landet under isen var også nominert til Brageprisen, noko som er ganske uvanleg. Kvifor trur du det er så sjeldan at ei ungdomsbok blir nominert til både Uprisen og Brageprisen?

Eg trur at vaksne lesarar og ungdom verdset forskjellige ting når dei les. Kvalitetar som vaksne kritikarar set høgt, kan like gjerne vere det ungdom synest er aller mest kjedeleg. Og omvendt. Om eg vil erte vaksne kritikarar litt, bruker eg å seie at dei gir prisar til ungdomsbøker som er gode for vaksne, men ikkje nødvendigvis for ungdom. Mens UPrisen er udiskutabelt ein pris til ungdomsbøker som er gode for ungdom.

 

– Enkelte vaksne vil prakke på barn og ungdom sin eigen smak. Det blir veldig feil i mine auge. Det bør vere omvendt! seier Uprisvinnar Lars Mæhle.
Foto: Ena forlag

– Du har også jobba som redaktør i forlag og kjenner bokbransjen. Kva innverknad trur du Uprisen har hatt på ungdomslitteraturen i Noreg?

Eg trur UPrisen er kjempeviktig. Den er ungdommens stemme i ein bransje der mange vaksne meiner mykje. Ikkje minst gir prisen ein peikepinn på kva ungdom faktisk liker å lese. Noko mange vaksne og folk i bransjen treng ei påminning om. Enkelte vaksne vil prakke på barn og ungdom sin eigen smak. Det blir veldig feil i mine auge. Det bør vere omvendt! Vaksne bør følgje med på kva ungdom skriv i meldingane av UPrisen-bøkene. Kva som blir verdsett og kva som blir mislikt.

 

– No har du skrive om lag førti bøker på snautt tjue år. Blir du ikkje lei av å skriva?

Nei. Å skrive er det beste eg veit. Eg er kjempelykkeleg for at eg kan jobbe med det eg likar aller best!

 

– Kva sit du og skriv på no?

For tida skriv eg mykje på seriar for mindre barn. Eg synest det er kjempeartig å tøyse og tulle med barn, og saknar den tida da barna mine gjekk i barnehagen. Akkurat no skriv eg nettopp på ein ny serie der ein pappa ønsker at han kunne vekse nedover – og begynne i barnehagen til dotter si. «Da skulle vi leika mykje da!» Det ler dei godt av. Men uheldigvis / heldigvis går ein god fe forbi akkurat da. Pappaen blir liten. Og på toppen veldig rampete. Og han begynner i barnehagen til dottera. Noko som skal bli ganske så flaut, ja.

Men eg skriv også på noveller for ungdom. Forhåpentleg blir det til ei samling om eit år eller så. Sist gong eg skreiv ei novellesamling for ungdom, skreiv dei fleste i Uprisen-meldingane at det var håplaust med sluttar som ikkje gav klare svar – og der lesaren måtte tolke seg fram til meininga sjølv. Eg håpar at dette blir litt betre denne gongen.

Her kan du lese kva ungdommane meinte om Fuck off – I love you.

Skrive av Terje Torkildsen