Ein date med vinnaren av Uprisen 2007

Ingelin Røssland hadde aldri vunne ein pris før ho blei den første som vann Uprisen – årets ungdomsbok i 2007. Sidan då har ho vore lojal mot ungdomslesarane.

– Det bøkene kan by på er eit friminutt. Du får fri frå alle inntrykka. Og frå alle dei andre, som eigentleg er ganske like som deg, og som også ligg i sengene sine å tenkjer på om dei er bra nok, seier Ingelin Røssland.
Foto: Johan Falkenström

– Eg er nok mest stolt av å ha vunne Uprisen med ein realistisk roman som handlar om usikkerheit, vennskap og kven du er i møte med andre, seier Røssland. Ho har skrive ni bøker for ungdom, men Handgranateple, som ho vann Uprisen med i 2007 var eit vendepunkt. – Det var med den boka at eg for alvor begynte å utforske det som er eit gjennomgangstema i bøkene mine: «Kor langt er du villig til å gå for å oppnå kjærleik og aksept?»

Etter Uprisen begynte fine ting å skje for forfattarskapen hennar. Røssland ble omsett til fleire språk, og ho vann fire prisar for Handgranateple. I tillegg til Uprisen, fekk ho Sunnmørsprisen, Guro Sandsdalens litteraturpris og ho kom på den internasjonale Ibby Honour List. Boka held fram med å vere aktuell: Nett no har eit forlag i Serbia tenkt å omsette ho.

Her kan du lese grunngjevinga frå juryen i 2007.

– Eg forsto lite, men glad vart eg, fortel Røssland om prisutdelinga.
Foto: Vibeke Røgler

Ei vinnarbok
Handgranateple handlar om Anja på seksten, som flyttar heimefrå for å gå på vidaregåande skule. Ho er tilsynelatande ei forsiktig jente, men ho vil vere annleis, og den nye venninna hennar utfordrar ho. Anja overraskar både seg sjølv og dei rundt seg med kva grenser ho er villig til å trakke over for å vere blant dei kule. – Det er interessant, seier forfattaren, – kor mykje vald Anja slepp unna med, ikkje berre i boka, men også hos lesarane. Fordi forteljarstemma er så lågmælt, reagerer dei lite på tidvis drøye scenar, som når Anja svir ei anna jente med ein sigarett.

Vinnarboka trefte ungdommane emosjonelt. Som juryen skreiv i 2007: «Forfatteren forstår hvordan ungdom tenker, snakker og oppfører seg. Det er ingen moral som styrer boka, men den er likevel tilstede. Boka er fengende fra første side og handlingen er uforutsigbar. Boka blir aldri kjedelig og man må lese den ut.» Forfattaren skal sjølvsagt ha all æra for suksessen, men ho fortel at Uprisen har opna nokre dører for ho. – Uprisen har nok gjort at forlag og lærarar brukar tekstane mine når dei formidlar til ungdom. Eg er ein forfattar som rett og slett er på pensum!

På grunn av Uprisen blei ho dessutan trygg på at det var ungdom ho ville skrive for. – Eg jobba i NRK på det tidspunktet og tenkte: «Det er jo ingen som legger merke til desse bøkene mine». Eg var på randa: «Skal eg satse som forfattar eller skal eg tenkje at skrivinga er ein koseleg hobby?» Å vinne Uprisen gjorde noko med lojaliteten min til målgruppa ungdom. Det blei klart og tydeleg at det var dei eg skulle skrive for, smiler Røssland.

Forfattaren hugsar godt at Harald Rosenløw Eeg også var nominert. Dei to gjekk saman til utdelinga på Lillehammer Kino. – Eg var starstruck av alle dei andre nominerte, og det var heilt usannsynleg at nokon andre enn Harald skulle ta heim prisen, fortel ho. Men så var det jo slett ikkje det som hende. – Harald blei så glad! Eg hugsar eg tenkte: «Gud, skal du ikkje bli litt sur for at du ikkje vann?» Men han er ein fantastisk raus person. Han ga meg berre utruleg masse bra energi, og fekk jaga meg opp på scena, og der sto eg «tårøgd» og forvirra.

Du kan lese meir om utdelinga i 2007 her.

Ingelin Røssland vann den første kåringa av Uprisen i 2007 for Handgranateple.

Vil ikkje roa seg
Røssland er for tida busett i Lidingö i Sverige, og det kjem einskilde svenske gloser medan ho pratar, men ho held godt på Tysnes-dialekta. – Eg har eit smalt geografisk forfattarskap, ler ho. – Alle bøkene mine er plassert i eit fiktivt Tysnes, Sunnhordaland, Odda eller Hardanger. Eg tenkjer at det spelar lita rolle kor handlinga finn stad, så lenge forfattaren trur på miljøet ho eller han skriv frå. Eg blir alltid glad når eg les ei god realistisk ungdomsbok. Realismen er den aller viktigaste litteraturen, meiner eg.

Ifølgje forfattaren tør den skandinaviske ungdomslitteraturen litt meir enn andre stader i verda, i alle fall innafor realismen sine rammar. Skandinavisk ungdomslitteratur er full av kropp og tabu og banning. For hennar del er det berre barneboka Minus meg som har blitt omsett til engelskspråklege land. – Det er den mest ufarlege boka eg har skrive, så den var spiseleg for USA og Storbritannia, Sør-Afrika og Australia. Eg har ofte fått høyre at eg ville vore meir omsett om eg roa meg ned, men det er jo som å helle bensin på eit bål: «Då skal eg i alle fall ikkje roa meg!»

– Eg skriv utifrå ein eld inni meg, eg kan ikkje dempe den elden for å tilpasse meg nokon andre. Livet er for kort til å bli strøymlineforma, slår ho fast. – Eg sviktar ungdomslesarane om eg skriv noko for å bli likt.

Bokmeldingar av Ingelin Røssland si bok OMG

Lærerik og planlaus samtale
Røssland har vore mykje rundt på turné og treft ungdom. Ho har aldri med seg noko opplegg. Elevane får møte ho, ho les litt frå ei bok og så pratar dei om livet. – Ein sånn planlaus samtale kan ikkje dupliserast. Det er ein elendig business plan, men eg får mykje tilbake. Om eg toler at det er kleint i starten, då opnar dei seg, og eg lærar mykje om korleis dei tenkjer.

– Det å vere ung forandrar seg eigentleg lite. Vi går alle igjennom den tida omtrent på same måten. Det er dei siste åra av livet der alt er likt. Vi har dei same ytre rammene med skule og vener, vi gjer opprør mot foreldra våre, vi er fulle av hormoner. Alle tenkjer: «Det er bare eg som har det sånn som eg har det.» Den følelsen av å vere aleine er universell, reflekterer Røssland.

Akkurat no skriv ho for litt yngre lesarar, dei som snart skal begynne på ungdomsskulen. – Eg vil tilbake til å skrive romanar om livet. Eg har lyst til å skrive om folk. Kvifor vi gjer dei dumme tinga vi gjer. Kvifor vi sårar utan å tenkje oss om. Alt det som får oss til å ligge vakne og tenkje på om vi er bra nok, kule nok, kor i hierarkiet vi høyrer til. Eg brukte mykje tid på det då eg var ung, tilstår ho. Ho trur kanskje det er enda litt verre no. At barn og unge får det meir opp i trynet. – No kan du jo sjå det på Instagram: «Dei aller beste vennene ilag» og så er ikkje du med. Det blir så tydeleg. Eg kunne berre ane, for det var inga mobil eller snap eg kunne sjekke. Om eg ringte og dei andre var ute, så kunne det jo vere at dei var på veg til meg.

– Eg pleier å snakke med ungdommane om kor viktig det er å like seg sjølv. Alle andre vil komme og gå, deg sjølv skal du ha med det deg vidare. Dessutan: Om du likar deg sjølv, så gjør dei andre det òg. Det er i grunnen litt magisk.

Bokmeldingar av Ingelin Røssland si bok Hevner

Ingelin Røssland  har skrive ni ungdomsbøker og ho har vunne sju litteraturprisar.
Foto: Johan Falkenström

Bøker som friminutt
Skriving er derimot ikkje magi. Skriving handlar om å ikkje gi opp, om å prøve på nytt. I alle fall om vi skal tru reklamen for Ingelin Røssland sitt online skrivekurs. Ho har skrive nitten bøker til saman, og no lærer ho andre å skrive. Ho har eit klart råd til bokmeldarane på uprisen.no: – Lit på di eiga dømmekraft. Du treng ikkje vere så smart. Skriv utifrå hjarte: Kvifor treff teksten deg? Kvifor ikkje?

Forfattaren meiner det er hennar jobb å vere analytisk. Lesaren skal få sleppa. – Viss lesaren ikkje skjønar bodskapen, då er det eg som ikkje har gjort jobben min. Eg kan la vere å seie kva eg vil med boka, men eg må vite det sjølv. Det er arrogant når forfattarar seier at det er lesaren sin jobb å skape meininga.

I fjor fekk ungdomsboka hennar OMG 13 bokmeldingar på uprisen.no. I 2018 var det heile 64 meldingar av spenningsboka Hevner. Den siste blei også nominert til Uprisen. Røssland synest det er gøy å lese kva elevane skriv. – Eg blir glad når eg ser at eg har fått til det eg har prøvd å få til. Begge dei bøkene var skrive for det eg kallar «lesarar i motvind», teksten skulle vere kort og knapp. Det var særleg utfordrande å skrive om tunge tema når eg ikkje kunne breie meg tekstleg, seier ho. Ho kan ikkje hugse nokre meldingar spesielt. – Eg har eit positivitetsfilter. Eg hugsar berre det negative. Så elevane kan i alle fall ikkje ha skrive noko vondt som har festa seg i sjela.

Då ho var ung, las ho mykje. Ho kunne vere på ein tre månadar intens date med ein og same forfattar, og hadde bøkene i stabel ved senga. – Eg blei nervøs då stabelen minka, ler ho. – Det er i grunnen det bøkene kan by på: At du kan vere på ein date med ei bok. At du kan få eit friminutt. Du får fri frå alle inntrykka. Og frå alle dei andre, som eigentleg er ganske like som deg, og som også ligg i sengene sine å tenkjer på om dei er bra nok.

Skrive av Petra J. Helgesen / Foreningen !les