Intervju: Skrekk og gru og stanken i ein gymgarderobe

Kva er ein god grøssar? Fins spøkelser? Og kva skal til for å skremme norsklæraren? Møt grøssarkongen, Tor Arve Røssland. Uprisen-aktuell med Den tolvte spelaren.

Grøssarkongen Tor Arve Røssland. Foto Andre Soltvedt

Kvifor skriv du grøssarar?

-Eg las mykje grøssarar i ungdommen og då eg blei forfattar var det ei naturleg utvikling å gå frå barnebøker til fæle spøkelseshistorier.

Kva er ein god grøssar for deg?

-Ein god grøssar gir meg gåsehud. Enkelt og greit. Den kan handle om kva som helst, men må gi meg gåsehudstemninga.

Kor fekk du inspirasjon til Den tolvte spelaren?

-For å vere heilt konkret: Sportsuttrykket «Den tolvte spelaren» (som jo er publikum på ei fotballbane) gav meg skrekkassosiasjonar. I tillegg ville eg skrive ei bok om rasisme, som hadde ein gut med ein annan hudfarge enn meg som hovudperson.

Her kan du skrive ei melding av Den tolvte spelaren.

Kva er det viktigaste som må med for at ein grøssar skal bli skikkeleg skummel?

-Jentespøkelse. Gjerne med langt skitent hår og nattkjole.

Du har blitt nominert til Uprisen for fleire grøssarar. Eg nemner i fleng Svarte-Mathilda 1 og 3 og Glimt. Kvifor trur du unge norske lesarar liker å bli skremt?

-Skrekkhistorier er jo ein slags test for å finne ut kor tøff du er. Både vaksne og barn liker å tøye sine personlege grenser. For mange ungar er det frykteleg skummelt å gå inn på badet for å kalle på Svarte-Mathilda framføre spegelen, men samstundes likar dei det. Det er noko med å utfordre det ukjende som appellerer til oss alle, og alle likar eit godt mysterium når vi les. At vi blir skremt i tillegg er ein god bonus. 

Trur du på spøkelse? 

-Berre når eg skriv.

Er du redd for mørket? Og for å overnatte åleine i ein gymgarderobe?

-Nei, eg er ikkje redd for mørket. Og eg ville aldri ha overnatta i ei gymgarderobe om det så var det siste huset på jord. Men ikkje på grunn av spøkelse, men på grunn av lukta. Eg har overnatta fleire gonger på hotell og i hus som folk meiner er fulle av gjenferd, men eg ser aldri noko.

Har du eit skrivetips til elever som gjerne vil sette ein støkk i norsklæraren?

-Skriv ein tekst der eit spøkelse har fått tak i alle passorda til læraren.

Har du ein grøssar-favoritt du kan anbefale?

-Les boka «It» av Stephen King. Eventuelt «The Shining» eller «Salem`s Lot» av same forfattar. Skumle greier.

Kva skriv du på no?

-Akkurat no arbeider eg med ei bok som foregår under andre verdskrigen, og håper at forlaget har lyst å gi den ut. Ikkje akkurat ein grøssar, men krig er skummlt nok i seg sjølv.

 

Skrive av Bjarte Bakken/Foreningen !les