Uprisen heile året!

Ingelin Røssland vart nominert til Uprisen 2018 for «Hevner»

Av Ingelin Røssland, forfattar og Uprisnominert

Då eg vann Uprisen i 2007 for Handgranateple skjøna eg veldig lite av kva Uprisen eigentlig var og kva den etter kvart kom til å bety, både for lesarane og forfattarane. Uprisen er etter mi meining den viktigaste litteraturprisen for norske ungdomsbøker. Eg skal forklara kvifor eg meiner det.

Til skilnad frå alle andre litteraturprisar er Uprisen aktuell året rundt, bortsett frå sommarferien. På hausten begynner bokmeldingane å tikka inn på uprisen.no frå ungdommar i heile landet. Eg er nok ikkje den einaste forfattaren som alt tidleg på hausten begynner å bita negler. Vil nokon plukka opp boka? Vil nokon finna den verdig ei bokmelding? Har eg klart å fenga målgruppa? Eg var hoppande glad då den første tilbakemeldinga på Hevner ENDELIG kom i haust.

Utover hausten stig spaninga. Bokmeldingane blir fleire og det blir tydelig kor ulike lesararar som finns der ute, men samtidig kor dyktige mange er til å seia noko om kvifor dei likar eller ikkje likar ei bok. I desember begynner nominasjonsjuryen sitt arbeid. Fem ungdommar som les alle bokomtalane, og som ut i frå dette skal nominera fem bøker til Uprisen. Når nominasjonane er klare, så er det juryklassane sin tur. Arbeidet held på heilt fram til prisutdelinga under Norsk Litteraturfestival på Lillehammer kvart år. Uprisen involverer veldig mange gjennom eit heilt skuleår.

Gode og kritiske lesarar
Uprisen og Foreningen !les kan trygt ta ein god del av æra for at norsk ungdom les bøker og engasjerer seg i litteratur. Når eg ser på dei mange bokmeldingane på Uprisen, så blir eg utrulig imponert og eg tenker at det er håp for bøker og lesing i framtida. Eg skreiv skikkelig dårlige bokmeldingar i høve til det høge nivået ein del av ungdommane leverer. Det er spanande å følgja kven som blir månadens anmeldar på Uprisen og kven som til slutt blir årets anmeldar.

Ingelin Røssland vann den første kåringa av Uprisen i 2007 for «Handgranateple».

Ny norsk litteratur
Eg meiner at både barn og ungdom skal lesa den litteraturen som blir til no. Då eg gjekk på ungdomsskulen var det framleis novella Tusten av Tarjei Vesaas som var litteraturen me skulle få bryna oss på. Den novella kunne ta knekken på sjølv den mest ihuga lesaren. Eg hugsar at eg såg på arbeidet med den novella som eit ork. Læraren kalla det stor litteratur, eg tenkte at eg aldri meir skulle lesa eit ord skrive av Tarjei Vesaas. Eg skulle ønska at me hadde fått jobba med ferskvare og bøker i «forbodne sjangrar» som fantasy, dystopi, krim og romance.

Uprisen har verkelg gjort eit stort arbeid for å få aktuelle bøker ut i skulane, noko som gjer det både kjekt og meiningsfylt å skriva ungdomsbøker.

Stor takk til Foreningen !Les, juryklassar, nominasjonsjuryen og alle andre involverte i Uprisen, de gjer forfatta jobben meiningsfull.

Og har eg ein ekstra kjip dag, der eg føler at alt eg skriv blir til bæsj, så går eg inn på Uprisen og les bokmeldingar. Då får eg raskt både mot og mannskap til å skriva vidare, til å skriva det beste eg kan for dei aller viktigaste lesarane.