Juryklassen på Eid

Juryklassen fra Eid ungdomsskule

Vi er ein gjeng med 80 elevar ved Eid ungdomsskule i Sogn og Fjordane. Vi er tre klasser på 9 trinn som skal vere med på kåringa av Uprisen 2018. Vi er ein skule som har lesing i alle fag som hovudfokus. Kva passar då betre enn å kunne få lov til å reflektere og setje seg inn i ny ungdomslitteratur ved å få vere jury på Uprisen?

Grunnen til at vi vil vere eit heilt trinn er at vi samarbeider mykje om både opplegg og lesing i alle klassene våre. Vi har tru på at ei felles leseoppleving for alle vil vere spennande, lærerik og gje oss noko å diskutere og reflektere over.  Ikkje minst ei felles oppleving vi aldri kjem til å gløyme!\

Vi gler oss!