Juryklassen på Sagatun skule

Juryklassen frå Sagatun skule i Balestrand

Kanskje er vi tidenes minste klasse som har vore med på Uprisen? Men vi kjem i allefall frå Balestrand, som ligg ved verdas lengste fjord!

Vi er 7 elevar i klassen, seks gutar og ei jente. Fotball og friluftsliv er nokre av interessene våre, i tillegg likar vi å lese bøker. Vi har lese alle fem.

Bøkene har gitt oss ulike perspektiv på livet. Mange av bøkene har lært oss nye ting.

Rundt om i klasserommet heng det store plakatar for kvar bok, der vi har sett opp positive og negative sider ved bøkene. Vi er einige om ei topp-tre liste.

Når det kjem til korleis vi har diskutert bøkene, er det nokre som har utmerka seg. Derfor vel vi å sende «dei farlegaste» til jurymøtet. PASS OPP!
Vi gleder oss til turen og er veldig klare. Sjåast på Lillehammer.