Uprisen i Balestrand

Rakel, Liv Rigmor, Ådne og Oda går i niande klasse på Sagatun skule i Balestrand i Sogn og Fjordane. Saman med elevane på åttande trinn melder dei denne haustenbøker på uprisen.no. Eg forstår raskt at eg har med fire engasjerte elevar å gjere. Rakel likar å lese og skrive. Ho ønsker å bli forfattar. Også liker ho å synge. Liv Rigmor driv med fotball, ski, skyting og ja, skiskyting. Oda likar å danse, stå på vannski og hoppe med slalåmski. Dessutan er ho med i 4H. Ådne syng, går på karate og sit i Ungdomsrådet i Balestrand. Det er med andre ord aktive ungdommar. Og sjølv om det er fredag ettermiddag er dei ikkje vanskelege å få i tale når det er snakk om litteratur og litteraturkritikk.

IMG_1681

Ådne, Liv Rigmor, Oda og Rakel på Sagatun skule

Kva meiner de om årets Uprisen-bøker?

Oda: Veldig variert. Det er mest spenning no for tida, det er ikkje så morosamt. Nokre bøker er altfor lange og blir kjedelege.

Liv: Nokre er gode også. Minnesota og Støvet til dømes. Den var annleis og ikkje heilt A4. Språket var variert.

Rakel: Det er mange som skriv om sorg og eg likar triste bøker. Eg har opplevd liknande ting sjølv og eg synest forfattarane klarer å beskrive korleis det kjennest.

Ådne: Det er bøker til alle typar folk: Spenning, kjærleik og triste bøker. Sjølv likar eg best spenning og action, men litt kjærleik er også greit.

Alle er einige om at det er lite krim blant Uprisen-bøkene. Liv saknar krim. Dei andre er ikkje like interessert. Men dei er einige om at ei god krimbok ikkje skal vere for eksperimentell, det skal vere ei gåte som blir oppklara, steg for steg.

Oda: Når det gjeld krim har eg berre lese Mikke Mus.

 

Hvilke bøker tror de blir nominert?

Rakel: Kjære søster! Eg likte den, og den har fått mange meldingar.

Liv: Eg trur mange har lese den fordi den er tynn. Den får veldig varierte meldingar.

Oda: Eg likte den ikkje så godt. Den blei for gjentakande.

Ådne: Eg anbefaler Glimt i ei melding og håper den blir nominert. Den er spennande frå start til slutt. Det at det blei fortalt frå fortida og notida skapte spenning.

Oda og Liv trur Slipp Hold har ein god sjanse.

Oda: Den var original. Spesielt den delen om suspension.

Liv: Eg spurte mamma om ho visste kva suspension var. Ho trudde eg meinte suspendert. At nokon blir suspendert frå jobben.

Oda: Det var også ei veldig fin historie. Og sterkt å lese om hovudpersonen som utviklar seg og til slutt tar eit oppgjer med kjærasten. Det var ein interessant hovudperson.

Ådne: Hovudpersonen i Glimt var også veldig god. Han forandrar seg utover i boka. Elles trur eg at I morgen er alt mørkt – Marlens historie kan bli nominert. Men eg trur ikkje den vinn sidan førsteboka vann i fjor. Det er jo på ein måte same historia, sjølv om det er ei anna som fortel. Eg synest det ville vere litt dumt om same serie vinn prisen to gonger.

Naturfoto: Balestrand sett frå ferga

Naturfoto: Balestrand sett frå ferga

Har de råd til andre som skal melde bøker på Uprisen?

Rakel: Det er viktig å få fram det du føler.

Liv: Flyt. Skriv så du meiner det.

Oda: Eg prøver å ikkje tenke på at så mange skal lese meldinga. Då er det lettare å skrive akkurat det eg meiner.

Ådne: Ikkje ver redd for å meine, og ikkje tenk på kva andre meiner.

Oda: Også må det ikkje vere for lange handlingsreferat. I går las eg ein del meldingar og ofte scrolla eg berre forbi fordi det blei kjedeleg med dei lange referata.

Liv: Eg synest det er ei utfordring å formulere meg sånn at andre får lyst til å lese mi melding. Etter at eg har skrive ei melding, prøver eg å vri om på setningane sånn at det blir meir fresht og ikkje så tørt. Det er det artigaste med å skrive.

Ådne og Rakel er einige om at det er lettare å endre på teksten enn å skrive alt på nytt.

Liv meiner det vanskelegaste er å finne ei god overskrift. Men det er Rakel uenig i.

Rakel: Overskrift er det lettaste!

Ådne: Det kjem an på boka. Av og til kjem overskrifta av seg sjølv.

Praten går frå det eine til det andre. Vi kjem inn på kvalitet igjen. Ådne meiner at det som oftast er noko negativt ved bøkene, sjølv om han liker dei.

Liv: Ja, og av og til er det vanskeleg å sette fingeren på kva det er.

Oda: Då eg hadde skrive ei melding av ei bok eg ikkje likte måtte eg endre meldinga etterpå. Eg kom berre på fleire og fleire negative ting om boka ettersom eg skreiv. Eg måtte rett og slett beherske meg. Eg vil jo ikkje at forfattaren skal slutte å skrive på grunn av mi negative melding. Men det er morsommare å vere negativ enn berre å rose.

Sjølv om eg berre fekk stilt tre spørsmål blei fem minutter til tjue. Det er fredag ettermiddag og skuleveka er straks slutt, men vi kunne nok blitt verande ei stund til og diskutert årets ungdomsbøker.