9. klasse på Stokksund

 

Vi er 18 elevar frå Herøy kommune i Møre og Romsdal. Sjølv om vi har ulike interesser og personlegheiter, er det eit godt samhald i klassen vår. Som juryklasse ser vi fram til arbeidet med dei nominerte bøkene, og vi håper vi kan kome med gode innspel på kva vi meiner er ei god bok. Bøkene er vi alt i gang med å lese, og vi gler oss til å vere med på å kåre årets ungdomsbok.

Vi ser fram til å møte dei andre juryklassene og oppleve litteraturfestivalen på Lillehammer.